Sign in

Øystein Vidnes

@vidnes.xyz
648 followers 1.2K following 69 posts

Formgivar og språkarbeidar. Varierer mellom å fylle dagane med å designe og å omsetje bøker – og av og til andre greier. Utsklidd sunnmøring busett i Leikanger i Sogn. Kontor på loftet til Skald forlag. Sporadisk oppdatert portfolio på vidnes.xyz.

PostsRepliesMedia
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 29/09/2026
Mange som ikkje har vore på Sunnmøre lurer på korleis eit sunnmørsk kakebord ser ut. Lynraskt rakk eg å dokumentere eit urørt eksempel her om dagen. Ikkje lett. Dei dukkar opp og forsvinn. Når ein blir sju år, så får ein vel sju kaker? sa Leon til farmor. Ho svarte ikkje, berre knipsa med fingrane.
flickr.com
7 år, 7 kaker
050
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/06/2026
Teksten er ikkje heilt ny, han stod på trykk i Vagant i 2023, men kan heldigvis ha gått mange hus forbi. Han toler framleis ikkje dagens lys, men kan no oppsøkast på den akkurat passe opplyste avkroken av internettet som heiter Vagants nettsider. www.vagant.no/stoverein-porn…
vagant.no
Stoverein pornografi i havgapet
Ein gong var litteraturen farleg, så farleg at rettsstaten måtte slå ned på han.
120
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/06/2026
Det er seksti år sidan romanen «Uten en tråd» kom ut. Eg har skrive ein tekst om boka si rolle i min støvete ungdoms vår, og om korleis det gjekk til då eg skulle skrive særoppgåve om Lilians jakt på orgasmer, under det strenge blikket til lektor Bjørdal ved Volda vidaregåande skule.
vagant.no
Stoverein pornografi i havgapet
Ein gong var litteraturen farleg, så farleg at rettsstaten måtte slå ned på han.
172
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026
Og kven skal omsetje? Kan du ikkje portugisisk, kanskje? Joda, joda. Eg har aldri vore i Brasil, men eg kan jobbe hardt. Skulle kanskje tatt ein tur til Rio, men det får eg unne meg til min eigen 187-årsdag. Eg unnar dykk Machado. Meir Machado. Aldri nok Machado. Her er han. Versågod.
Cover of new Norwegian edition of the Alienist by Machado de Assis
040
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026
Machado er gammal nok til å vere tipp-tipp-tipp-tippoldefaren din, men han snurrar deg rundt lillefingeren. Og så vidare. Så når kabalen til Skalds klassikarserie skulle leggast, sat eg til slutt i saksa. Kva med Machado? Joda, Machado må med, han skreiv jo mellom anna ei vill mengde gode noveller.
130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026
Sidan har eg misjonert for Machado ved alle gode høve. Machado er dei muntre og forelska sjelers Kafka. Machado er ein luring, men han er alltid din venn. Machado er like morsom som Laurence Sterne, men flinkare til å fortelje historier. Machado er meir menneskeleg og sårbar enn Borges.
130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026
Eg oppdaga den brasilianske forfattaren Machado de Assis for alvor då vesle Ka forlag i 2013 gav ut romanen «Brás Cubas’ posthume memoarer». Omsetjinga til Christian Rugstad gav meg tiårets største lesaroppleving, om ikkje hittil i tusenåret. Her er eg, Machado og ei hengekøye ved norsk fjord.
Reading Machado de Assis in ha hammock by the Sognefjorden in the summer of 2014
150
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 11/05/2026
Akkurat som med folk, er det enkelte bøker som vrir og vender seg og kjem baklengs ut i verda, dette er tydelegvis ei av dei. Her er altså vrangsida av ei komande bok.
Back cover of a coming book.
000
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/04/2026
Det er muligens ikkje alle som er klar over at Carl Barks demonstrerte den første funksjonelle alfaversjonen av chatgpt i juni 1960.
Gyro Gearloose demonstrates the first functional version of chatgpt in June 1960. Drawing by Carl Barks.
05219
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026
Og den norske utgåva er her, med premiere laurdag: www.detnorsketeatret.no/framsyningar...
detnorsketeatret.no
Antropolis
Dette er historia om Europa og opphavet til vår sivilisasjon. Kor gjekk det gale?
000
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026
Eg har berre omsett desse fire hundre sidene med teater, og ventar spent på at dei skal spele seg ut. Så kom igjen, «Oidipus and chill», som det heitte i Vagants melding av den tyske førestillinga: www.vagant.no/schimmelpfen...
vagant.no
Roland Schimmelpfennigs Anthropolis: Här kommer Netflix-teatern
I Anthropolis utforskar Roland Schimmelpfennig civilisationens ursprung. Han skildrar den som ett ändlöst våld mot natur och mytologi.
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026
«Nu kommer Netflix-teatern», skreiv Mats O. Svensson i Vagant om urpremieren på denne maraton-forestillinga i Hamburg i 2023. Når du har sett eit stykke, higar du etter meir, heldt meldaren fram. Blir det same magi og nerve over åtte timar i dei indre gemakka i Kristian IVs gate 8 på laurdag?
121
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026
Heng det enno grufulle spådommar over oss? Kan vi i så fall berre prøve riste dei av oss, slik Laios, Iokaste, Ødipus med fleire gjorde? Og korleis gjekk det eigentleg med barna til Ødipus?
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026
Teaterhending! Dei jobbar hardt borte på Det Norske Teatret. Veldig hardt. Kan hende er det er det Pippi og Björn Ulvaeus som stikk seg mest fram, men på same tid vaklar dei seg no på spreng gjennom urtåka på jakt etter sivillisasjonens fødsel. Kven er vi, kvar kjem vi frå?
Ødipus (Frode Winther) og Iokaste (Gjertrud Jynge) i prøve på Antropolis, 17. mars 2026
130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/04/2026
Eg har ikkje akkurat fulgt med på dei greiene der. Sat og tenkte på kor bra seriane til Barks er og spurte meg sjølv «skal tru om det finst eit samleverk», og 25 sekund seinare hadde eg trykt på «kjøp».
010
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/04/2026
Eg betalte 3500. Det vil eg nok karakterisere som ei god gjerning frå seljaren.
300
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/04/2026
Gjorde eit varp på nettet: Carl Barks samla verk i 30 bind. Tiåringens kommentar: Barks er jo større enn Picasso!
Reading Carl Barks
3323
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 13/04/2026
Foreldreliv. Eg oppdagar ein haug legofigurar liggande på bordet utan hovud og kjem med følgjande pappavits: «Er det den franske revolusjonen som har vore på ferde?» Då dette blir møtt med eit anerkjennande smil og nikk frå tiåringen, får eg kjensla av å vere i ferd med å lykkast med noko i livet.
090
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 11/02/2026
I morgon ettermiddag møter eg Mirko Stopar til ein prat om ei av verdas klart sprøaste bøker. Mirko er ein kjennar av forfattarskapen til Roberto Arlt, vi har prøvd å få til eit møte sidan omsetjinga av «Sju galningar» kom ut for to år sidan. Og no blir det endeleg, på biblioteket i Bergen.
bergenbibliotek.no
Sju galningar: En samtale om kjeltringer, skitten realisme og oversettelse
"Sju galningar" av Roberto Arlt regnes som et hovedverk i argentinsk litteratur. Samtale med Øystein Vidnes og Mirko Stopar.
010
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 12/12/2025
Her er eit nytt bidrag i biletsjangeren «Vanitas», ikkje for å peike på døden, men på tabloidavisa Morgenbladet og kritikar Erik Riis Mossefinn som har gjort ei vurdering som fell heldig ut for ein for lengst avdød, men smilande forfattar.
Bokmelding i Morgenbladet av George Eliots roman Silas Marner (Skald forlag 2025, omsett av Øystein Vidnes), med ingressen «Et lite mesterverk fra 1861 er den beste romanen gitt ut på norsk i år».
020
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 24/11/2025
Leon (6) skildrar livet på vestlandet.
Everyday life in western Norway, drawing by Leon (6)
1262
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 14/11/2025
Død og pine, naturlegvis, dei var gode på det på 1800-talet, og gode historier og sterke kjensler. George Eliot skreiv ikkje om monster, men om heilt vanlege, tussete, pengelense eller åndsfattige, fargerike og bleike folk på eit vis som sjølvsagt var skrekkeleg nok for mange.
010
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 14/11/2025
Kva har desse to bøkene til felles, bortsett frå at begge er skrivne av kvinner som døydde før oldeforeldrene dine blei fødde, og at eg har fått lov å transplantere dei om og puste nytt bokliv i dei, i klassikarserien til Skald?
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 14/11/2025
Både eg og Yorick har fått med oss at Frankenstein i desse dagar er gjenstand for nærlesing i NRKs Leseklubben og ser med gru på at nett denne utgåva blir utsett for dissekering. Kva om dei finn nokon skjulte skavankar, kviskrar eg, eller vrakar vårt tapre språk? Yorick berre gliser.
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 14/11/2025
Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick.
Norwegian editions of Frankenstein by Mary Shelley and Silas Marner by George Eliot.
2104
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 28/10/2025
Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok.
Men språket er ein bekk som nesten alltid smakar av mange slags mold. / Omsett av Øystein Vidnes
0141
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 03/10/2025
Det skyer til. På veg til Odda, for å prate om stormannsgalskap og den sprø oppfinnaren Roberto Arlt, som på 1920-talet skreiv romanar som var ville nok til å spegle tida vi er på veg inn i. Eller? Hiv deg på bussen, så sest vi på Sentralbadet kl 15. Ok? www.litteratursymposiet.no/program/stor...
030
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 18/03/2025
Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande.
Bookshelf, Dag Solstad
060
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/02/2025
Her på rotekontoret jublar eg over at omsetjinga mi av boka Plasticus maritimus er nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur! Gledeleg om det kan gi boka endå litt fleire lesarar, for det er eit viktig – men fascinerande! – tema. www.nbuforfattere.no/2025/02/26/d...
050
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 29/01/2025
Litt gjentaking på min kanal, men teksten min om bokbyen i Fjærland blei eigentleg skriven på oppdrag frå den gode redaktøren i tidsskriftet Vagant, Audun Lindholm – som òg har jobba i bokbyen i si tid. Også nordens leiande kulturtidsskrift har eit hjarte for denne vesle utopien inst i ein fjord:
vagant.no
Bokbyen i fare Sogndal kommune på ville vegar
Bokbyen i Fjærland viser ein mogleg veg vidare for døyande lokalsamfunn. Denne vesle utopien som har kosta kommunen knappar og glansbilete, er no truga av ein reduksjon i den minimale støtta.
051
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 29/01/2025
Ja, den er verd fleire besøk. Forresten ser eg at bokbyen i Fjærland ikkje har vore nemnt ein einaste gong på Bluesky tidlegare. Det er jo bra å få retta opp i dette. Og du blei første. Gratulerer!
010
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 29/01/2025
Eg debuterer som lesarbrevskribent: www.sognavis.no/meir-til-bok...
sognavis.no
Meir til bokbyen, ikkje mindre
I straumen av nedslåande nytt frå den meir eller mindre usynlege delen av norske kulturbudsjett, blir auga mine hengjande ved namnet på noko avsides, avleggs og støvete greier som ein kommune ser seg ...
193
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 11/01/2025
Teksten min om tapet av Øyvind står også i Klassekampen i dag.
VENNETAPET måtte teksten heite, tenkte eg meg, då eg fekk høyre om sjukdommen til Øyvind og brått skjønte kor alvorleg det var. Vennetapet, måtte eg skrive, om det verste skulle skje, og det skulle vere like rasande sorgtungt, like frodande om munnen som Egil Skallagrimssons kvad om sonetapet, der han fantaserer om å reise ut i strid mot storm og hav og gudar. «Vennetapet» skulle ikkje mane fram i all si heilt uvanlege breidde kven Øyvind var, men kva han var. Kva det ville seie, ikkje kor vanskeleg, men kor umogleg det er at Øyvind er vekke, ikkje berre for meg, men for alle Øyvinds vennar, og dei var mange. 

Om Øyvind verkeleg skulle døy, ville eg bli rasande. Det gjekk ikkje an! Men eg er ikkje rasande. Og det gjekk an. Eg er berre i ei anna verd, ikkje «Ei verd utan hestar», som den siste, fine boka hans heitte, men ei like utenkjeleg verd, ei verd utan Øyvind Vågnes. Men verda med Øyvind, den verda der han fanst, finst framleis, som eit tenkjeleg alternativ, for dei som kjende han, ja, det mest tenkjelege. Øyvind var så mykje for mange, i tillegg til det han var for dei aller næraste, forfattar, kritikar, professor. Men for meg og ein uvanleg stor krins av menneske, var han ikkje berre ein venn, men ein som viste fram kva vennskap kunne vere, korleis det såg ut. 

Eg flytta inn i verda til Øyvind, eller meir spesifikt i studentkollektivet til Øyvind, den dagen Diana døydde, altså hausten 1997. Ikkje at Diana hadde det ringaste med saka å gjere, men det var som om alt i verda hadde sin plass i det ombygde tørkeloftet i Magnus Barfotsgate 11. Her fanst det plater, bøker, filmar, vin, døgnville middagar og endelause søndagsfrukostar. Og inst, på det trangaste loftsrommet, sat ein langhåra sunnmøring og visste meir om det meste enn du kunne drøyme å spørje om, likevel alltid nysgjerrig på meir, med bøkene og papira sine i sirleg orden. Han verka fylt av ei påfallande blanding av livslyst og heilt uanstrengd disiplin. Heilt umerkeleg smatt han inn og ut  mellom rol…
1150
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 10/01/2025
Svein Gjerdåker skriv svært godt og opplysande om Øyvind Vågnes som menneske og skribent i Dag og Tid: www.dagogtid.no/samfunn/minn...
dagogtid.no
Øyvind Vågnes (1972–2025)
Øyvind Vågnes døydde 7. januar, 52 år gamal. Tidleg i desember i fjor sende han melding om at han ikkje kunne levera tekstar til Dag og Tid med det fyrste. Han var sjuk og hadde vore innlagd på Haukel...
030
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 10/01/2025
Å miste ein venn. Etter ein telefon på toget i Tyskland før jul, fekk eg brått ein tung klump i magen, ei sky over hovudet og eit tynn strime av håp som sende eit veikt lys inn i det nye året, men slokna på tysdag, då Øyvind Vågnes døydde. Klumpen og skya blir verande. Om tapet av Øyvind:
vagant.no
Øyvind Vågnes (1972–2025) Livslyst og uanstrengt disiplin
Skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk
2153
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 28/12/2024
Del 3 i dokumentarserien «Tyskland på tvers», denne gongen Halle–Dresden. Hittil har ingenting gått på tverke.
040
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 20/12/2024
Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver.
020
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 16/12/2024
Klare for dokumentarserien «Tyskland på tvers». Første episode: Kiel–Hagenow. Forteljarteknisk ikkje avansert, men widescreen-formatet fengar.
0100
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/12/2024
Generell observasjon frå son (9): «Eg veit det heiter oppdragelse. Men det følest som utpressing.»
050
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/12/2024
Forbausande nyvinning i det etablerte vaksenlivet: juleferie utan bil. Kiel neste.
090
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
7 I vekas Morgenbladet skriv Bernhard Ellefsen korleis det såkalla Kulturbrevet, forfatta under krigen, er eit grunnlag for å forstå den vellykka norske kulturpolitikken i etterkrigstida. Det er denne som no blir bygd ned. Og det kjem til å bli verre, mykje verre, under FrP-regjeringa 2025–2029.
morgenbladet.no
Det er en grunn til at både Wolfgang Wee og Erna Solberg vil være kulturminister
Hva skal vi egentlig med en kulturpolitikk? Slike spørsmål bør et samfunn alltid være rede til å diskutere – og særlig i en situasjon som i dag, skriver Bernhard Ellefsen.
030
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
6 I mellomtida er lokalmedia og kommunetoppar opptekne av intriger det er vanskeleg å få grep om, med ein ordførar som føler seg forfulgt og gjer lydopptak av møte han ikkje er invitert til, og varaordføraren meiner oppførselen er ei sak for politiet. Og avisa skriv referat, lange som eit vondt år:
sognavis.no
(+) Bak døra høyrde ordføraren at det var han dei prata om. Då skrudde han på opptaket
– Det var ei slags kollokviegruppe der dei planla neste trekk. Eg vart sjokka då eg høyrde kva dei sa om meg.
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
5 Protestaksjonen framstår heilt irrelevant for utanforståande, men slik er lokalpolitikken, ugjennomtrengeleg og uinteressant, heilt til han bankar på døra, eller stenger døra: www.opprop.net/ja_til_full_...
opprop.net
Ja til full utbygging av Saften
Utbygging og oppgradering av Saften har vore inne i økonomiplanen til Sogndal kommune i lang tid. I tillegg til gode arbeidsplassar for tilsette i kommunen, skulle dette sikre betre bibliotek, ...
110
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
4 I tillegg til biblioteket vil også politikarane legge ned frivillighetssentral og kommunalt treningssenter. Dette vil foregå ved å skalere ned oppussinga av bygget der desse held til i dag, og som skulle ha blitt ein møteplass, men i staden skal bli kombinert administrasjonsbygg og spøkelseshus.
130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
3 Å legge ned bibliotek er å gjere samfunnet mindre demokratisk, mindre jamstilt og mindre sosialt. Den pågåande demonteringa av kulturen har no nådd oss i Midtre Gokk, eller rettare sagt Leikanger i Sogn, der politikarane i Sogndal no altså foreslår å legge ned biblioteket.
140
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
2 Av dette trekk eg slutninga at biblioteket er ein fødestad for allslags draumar. Vil du late som du er på eit kjøpesenter, så er du fri til å late som du betaler med leikepengar. Men denne rare plassen, der der du kan få lese alt du peiker på, er ein nødvendig sikringsventil i samfunnsmaskineriet.
130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 09/12/2024
Høyrt på det lokale biblioteket i Midtre Gokk: Tre elleve-tolvårige jenter kjem inn. Med stjerner i auga lar den eine blikket sveipe over bokreolane og seier: «Vi kan late som vi er på eit kjøpesenter!»
1100
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/12/2024
Skal vi endeleg male huset i år? Nei, vi drit i å male, vi lagar ny platting! Eller? Faktisk stod huset midt inne på ein campingplass, einsamt og forlatt blant plattingar, ladepunkt og spikartelt. Ein smak av det forgangne, midt i det forgjengelege.
011
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/12/2024
Fullstendig overgang – det er inspirerande! Eg er ikkje heilt der enno. Framkallar du sjølv? Eg er elles jammen freista til å dyppe foten uti mellomformat, som eg ser du leflar med.
100