Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026Og kven skal omsetje? Kan du ikkje portugisisk, kanskje? Joda, joda. Eg har aldri vore i Brasil, men eg kan jobbe hardt. Skulle kanskje tatt ein tur til Rio, men det får eg unne meg til min eigen 187-årsdag. Eg unnar dykk Machado. Meir Machado. Aldri nok Machado. Her er han. Versågod. 040
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/05/2026Eg oppdaga den brasilianske forfattaren Machado de Assis for alvor då vesle Ka forlag i 2013 gav ut romanen «Brás Cubas’ posthume memoarer». Omsetjinga til Christian Rugstad gav meg tiårets største lesaroppleving, om ikkje hittil i tusenåret. Her er eg, Machado og ei hengekøye ved norsk fjord. 150
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 11/05/2026Akkurat som med folk, er det enkelte bøker som vrir og vender seg og kjem baklengs ut i verda, dette er tydelegvis ei av dei. Her er altså vrangsida av ei komande bok. 000
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/04/2026Det er muligens ikkje alle som er klar over at Carl Barks demonstrerte den første funksjonelle alfaversjonen av chatgpt i juni 1960. 05219
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 21/04/2026Teaterhending! Dei jobbar hardt borte på Det Norske Teatret. Veldig hardt. Kan hende er det er det Pippi og Björn Ulvaeus som stikk seg mest fram, men på same tid vaklar dei seg no på spreng gjennom urtåka på jakt etter sivillisasjonens fødsel. Kven er vi, kvar kjem vi frå? 130
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/04/2026Gjorde eit varp på nettet: Carl Barks samla verk i 30 bind. Tiåringens kommentar: Barks er jo større enn Picasso! 3323
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 12/12/2025Her er eit nytt bidrag i biletsjangeren «Vanitas», ikkje for å peike på døden, men på tabloidavisa Morgenbladet og kritikar Erik Riis Mossefinn som har gjort ei vurdering som fell heldig ut for ein for lengst avdød, men smilande forfattar. 020
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 14/11/2025Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick. 2104
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 28/10/2025Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok. 0141
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 03/10/2025Det skyer til. På veg til Odda, for å prate om stormannsgalskap og den sprø oppfinnaren Roberto Arlt, som på 1920-talet skreiv romanar som var ville nok til å spegle tida vi er på veg inn i. Eller? Hiv deg på bussen, så sest vi på Sentralbadet kl 15. Ok? www.litteratursymposiet.no/program/stor... 030
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 18/03/2025Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande. 060
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 27/02/2025Her på rotekontoret jublar eg over at omsetjinga mi av boka Plasticus maritimus er nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur! Gledeleg om det kan gi boka endå litt fleire lesarar, for det er eit viktig – men fascinerande! – tema. www.nbuforfattere.no/2025/02/26/d... 050
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 11/01/2025Teksten min om tapet av Øyvind står også i Klassekampen i dag. 1150
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 28/12/2024Del 3 i dokumentarserien «Tyskland på tvers», denne gongen Halle–Dresden. Hittil har ingenting gått på tverke. 040
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 20/12/2024Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver. 020
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 16/12/2024Klare for dokumentarserien «Tyskland på tvers». Første episode: Kiel–Hagenow. Forteljarteknisk ikkje avansert, men widescreen-formatet fengar. 0100
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 15/12/2024Forbausande nyvinning i det etablerte vaksenlivet: juleferie utan bil. Kiel neste. 090
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/12/2024To kamera. Det eine er 50 år gammalt, det andre er 12 år. Kva er kva? Begge velbrukte. Det eine er såkalla fullformat, det andre ca. halvformat. Dei veg nesten eksakt det same. 010
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 05/12/2024Før sommaren kjøpte eg eit kamera frå 1974 og ein liten stabel film, berre for å kunne nyte at sommarminna mine no ser 50 år gamle ut. 4322
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 25/11/2024Fjærland i kveld. Heidi Bøhagen har ein fin samtale med Mimir Kristjánsson om rus, farsarv med meir. 040
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/11/2024Digitaltrykk varierer i kvalitet, men oftast får det meg berre til å tenkje på kor mykje betre det ville ha vore å lese den same teksten med ordentleg trykk. Inntil vidare trøyster eg meg med den sylskarpe teksten i eit rykande ferskt Vagant, som utnytter alt som er det beste med papir. #vagant 2303
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/11/2024Såkalla digitaltrykk tyder kort sagt at bøkene ikkje går gjennom ein tradisjonell trykkprosess, men blir køyrt ut på ein printer, oftast ein diger blekkprinter. Ja, dei har blitt betre, men resultatet blir ikkje like skarpt som dette. (Nærbilete av tradisjonelt offset-trykk). 1210
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/11/2024Forklaringa er digitaltrykk. Ein stor del av norske bøker blir no trykt på denne måten. Du tenkte kanskje at bøker er tekstens luksusfartøy? Tru omatt. Aviser har skarpare trykk enn nyare norske bøker. 1290
Øystein Vidnes @vidnes.xyz · 22/11/2024Kremt. Opnar munnen i nytt medium med ein liten brannfakkel om bøker og trykking. Har du sett deg ned med ei ny bok og opplevd at bokstavane liksom flyt litt ut på papiret? Det er vel synet, tenkjer du. Og konsentrasjonsvanskar. Men er det forklaringa? Her er fire nærbilete av nyare norske bøker. 512532