Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 21/09/2026Du har kanskje høyrt om second breakfast, men har du hørt om førefrukost? (Definitivt nødvendig når eg har familiehelg med B-menneske-familien min. I tyding 1 då.) 192 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 15/09/2026Ordet 'airport' er første gang belagt i engelsk i 1902. 'Lufthavn', derimot, finn vi på norsk i 1899. Og ikke berre har vi lufthamnar, lufthamnane har flygningar til Mars! Diverre har Marsrepublikken erklært at dei vil anektere Månen, så lufthamnane må stenge. Dagens jobb: Lufthamn vs flyplassnb.noNasjonalbiblioteket 030 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 10/09/2026Dagens etymologiske irrgang: Ganasj /ganache - sjokolade- og fløyteblandinga ein har på kaker ol (snart i ei ordbok nær deg!) - skal visst kome av det greske ordet 'gnathos' kjeve. Derfrå tok det vegen innom latin, italiensk og fransk der det fekk nye tydingar, først idiot, så - ganasj. 120 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 08/09/2026Av og til er det vanskeleg å skilje mellom jobb og kaninhol. Er det å bruke heile dagen til å dukke ned i historia til "døgn/døger" arbeid? (Ikkje berre etymologi, men bruken.) Eller er det berre eg som har fått ein fiks ide igjen? (Åkei, når eg må stille meg spørsmålet, gir svaret seg. Pokker.) 130 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 19/08/2026Når noko er litt på skeive, seier du at det er a) på halv åtte b) på halv tolv c) på halv ... noko anna Og kor kjem du frå? 1120 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 11/08/2026Nytt, fancy diplom! No ventar eg real lønsauke etter denne særs relevante kompetansehevinga. Og mediestorm med spørsmål om rumensk språk. 040 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 03/08/2026Klassisk(?) ferieaktivitet: Førelesing om arkivene etter Securitate (28 kilometer med arkiv. Sånn er det når alle blir overvakt). 010 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 29/06/2026Berømd er du først når du er eksempel i ordbøkene www.merriam-webster.com/dictionary/c... 2131 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 04/06/2026Ordboks-nesten-nytt: Om du brukar duckduckgo og skriv !norsk og eit ord i søkefeltet kjem du rett inn på den sida i ordbøkene.no (Sjølv om å ha ei fane open med ordbøkene opne heile tida er minst like bra.) 140 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 19/05/2026Dagens oppdaging: Svensk ordbok har lagt til opptil fleire dikt og vers i ordboka si. Så no sit eg her og prøver å kome på poesiord som lycka, hjärta, ångest for å lese fleire ordboksoverraskingsdikt svenska.se?activeTab=so...svenska.selycka – SO | Svenska Akademiens ordböckerSök efter 000 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 04/05/2026Kollega Bente og eg har gått gjennom alle dei 10000+ (x2) orda vi tok inn i ordbøkene.no under Revisjonsprosjektet. Kva for ord er det? Spoilar: Dei fleste av dei er faktisk ikkje nye. Spoilar II: Sjølvsagt nemner eg favorittdømeordet mitt. sprakprat.no/2026/04/30/n...sprakprat.noNo kan du endeleg ha browniar i matboksen! Nye ord i ordbokaKva har brownie til felles med skrolle, elsparkesykkel, reinhaldar, munnbind og matboks? Kan hende ikkje så mykje – bortsett frå at det er ord som nyleg er komne med i Bokmålsordboka og Nynorskordb… 0102 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 28/04/2026Dagens leksikografiske spørsmål har vore: "Kor lang tid brukar du (ein/nokon du kjenner) på å styrte ein (halvliter) øl?" (Eg treng tala til dømet på "styrte 4"). Ingen av kollegaene - sjølv ikkje ungdomsalibiet @vetle.bsky.social - kunne briljere med tal/rekordar. (Eg trur min er ca 8 sekund.) 140 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 17/04/2026Vi i ordbokene.no gjer vårt beste for å skape innovasjon i det norske språket. 130 0
Reposted by Klara SjoSvenska högtider och vanor @svenskavanor.se · 29/03/2026Sommartid. Då ställer man FRAM sommarkopparna. 36610 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 25/03/2026Tusen takk, folkens. Då har eg bede om at det blir avpublisert. Teksten var heilt tydeleg på at det var eg som sa alt, så sånn sett var det ikkje plagiat. Men der var heller inga eigne meininger eller kommentarer (men læringspunkt!) Og eg visste ikkje om opptak eller publisering før etterpå. 040 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 24/03/2026Hivemind, eg treng innspill. Eg heldt eit føredrag på ei konferanse nyleg. Ein i salen tok opp føredraget mitt og har, ved hjelp av KI laga det om til ein artikkel publisert på nettsida si, utan eg visste det, men hen sende meg ei lenke ved publisering. Innanfor? Eg er litt skeptisk. 23269 0
Reposted by Klara SjoHildur Knútsdóttir @hildur.bsky.social · 04/03/2026As a writer, one of the most useful books I own is Nöfn Íslendinga (The Names of Icelanders). It lists, in alphabetical order, all the names that Icelanders have ever born*. It's so useful when naming characters and it's now online! *A precedent does not mean that the name would be allowed now.mannanofn.arnastofnun.isNöfn ÍslendingaÍ Nöfnum Íslendinga er fjallað um sex þúsund íslensk mannanöfn – nöfn sem Íslendingar hafa borið í aldanna rás og allt til nútímans. Bókin er er jöfnum höndum fræðirit og uppflettirit sem kom áður út ... 814927 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 16/02/2026Meir ordbokshistorie! Min favoritt er sjølvsagt denne som er referert i Klassekampen 18.2.86, nemleg at det manglar eit ord! Ordbøkene går fra rett frå fistel/fitle til fitting. Krise! Dette er retta opp i 2. utgåvene (ja, eg har sjekka. Viktig informasjon.). 030 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 12/02/2026Dagens ordbok er den nye norsk-ukrainske ordboka til Lexin som blei lansert i dag 🥳 lexin.oslomet.no#/findwords/m...lexin.oslomet.noLEXINThe LEXIN dictionary series is customized for non-native speakers who have limited proficiency in the Norwegian language.The dictionaries are illustrated and user friendly, and all content, design... 040 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 11/02/202617. februar 1984 kom (endeleg) "dei lenge etterlengta eittbands ordbøkene" Bokmålordboka og Nynorskordboka. Dette skal vi sjølvsagt markere, og eg har gjort eit lite dykk i avisarkivet for å sjå kva dei skreiv om for førti år sida. Firda har æra av å vere den første som omtala lanseringa 30.1.86 162 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 05/02/2026Nok ein travel dag her på lekiskografikontoret, så eg starta dagen med å lese ein lang tråd på Kvinneguiden om kva folk kalla fatet ein legg potetskrell, bein og anna på under middagen. Viktig research, og til no har eg 9 nye ord. Kva kallar dokker det? 32160 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 29/01/2026Kjapp sjølvpromo. Vi i ordbokmiljøet skal ha to innlegg i Lærernes dag i morgon. Kl 10 (eg snakkar om ordbøker) og kl 11 på UB (Margunn og Kjersti om korpussøk) 051 0
Reposted by Klara SjoOle Svarthumle @svarthumle.bsky.social · 28/01/2026Mistenker at dei fleste som stiller eplekjekke krav om språkkrav for innvandrarar, ikkje har prøvd å lære seg eit nytt framandspråk etter at dei gjekk ut av videregåande (i den grad dei prøvde der), og med god grunn. Å lære eit nytt språk i vaksen alder er skikkeleg vanskeleg.dagsavisen.noForstår Stortinget hvor vanskelig det er å lære norsk?Med bare ett års gratis norskkurs for ukrainere, tar vi en høy risiko for at de både mister motivasjonen og kompetansen til å bli godt integrert. 0145 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 22/01/2026Tariff er favorittordet til Trumpen. Eg har lurt på om han hadde vore like begeistra om han visste det var arabisk. Opphavet er det arabiske ta’rif "informasjon, kunngjering" underforstått "av det som skal betalast", ei avleiing av 'arafa "gjere kjent" I italiensk blei det tariffa "pris, toll" 141 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 21/01/2026Altså, om ikkje anna så har Trumpen gitt ansikt til oss som snakkar utan alltis å tenke så hardt på kva vi seier. Berre så synd at det var hans ansikt. 010 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 02/01/2026Eg har gått til jobb i dag (og), og her er karakterane for brøyting av fortau & gangvegar på strekket Solheimsviken - UiB: Bergen kommune: C Fylkeskommunen: F Statens vegvesen: B Private: mellom A og F (A til mannen som var ute og grusa, og faktisk grusa ein sti for meg). Broddar tilrådd. 140 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 29/12/2025Høyrte just nokon le i gangen her på HF-bygget. Spøkelse er det mest sannsynlege. 2150 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 28/11/2025I dag sa eg "purpose" og "why" heilt seriøst (åkei, ironisk refererande) i ei samtale. Halvvegs ut i /purpose/ innsåg eg at eg aldri hadde høyrt nokon seie dei høgt på norsk. Skal eg dei dei på engelsk? Eller uttale dei på norsk, ie /vy/. Konklusjonen er vel å aldri seie dei høgt igjen. Evar. 130 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 11/11/2025Vekespausen min frå nyhende og verdas ende går dårleg i dag og. Første avisa eg opna i dag hadde tre sider med lister for tvangsauksjonar. Og to sider med konkursbu. (Norsk Kundgjørelsestidende frå 1906). 060 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 10/11/2025Eg hadde tenkt å ta ei vekes pause frå nyhende og verdas ende, og berre lese gamle aviser (som jo er del av jobben min). Og den første avisa eg treff på i dag? Frå august 1914. Det er "krigens redsler", bekymring for norsk skipsfart, stopp i postgang Men bakarane i Grimstad set prisen ned på brød: 160 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 07/11/2025Kva er jobben din då, Klara? Eg er ordganisator. 160 0
Reposted by Klara SjoDorte Hummelshøj @dortehummelshoj.bsky.social · 24/10/2025Halvanden krone pr dansker. Mere ville det ikke koste at redde Den Danske Ordbog. Skal vi vise politikerne, at vi synes, den er værd at beholde? #dkpol #borgerforslagborgerforslag.dkDen Danske Ordbog skal sikres politiskVi indstiller at kulturministeren pålægges at afsætte cirka 8½ millioner kroner (2025-niveau) årligt på finansloven til driften af Den Danske Ordbog i 912041 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 20/10/2025På laurdag skal kollega Mikkel og eg løyse potetproblema og tomattrøbbelet. Er det grønsakar, frukt, bær eller noko heilt anna. Kom og høyr to ordnerder nerde. Eller berre for å sjå Tårnsalen. www.uib.no/ledelsen/179...uib.noJubileumsforedragI forbindelse med at Universitetsmuseet fyller 200 år i 2025 har vi åpnet Tårnsalen for spennende foredrag! 040 0
Reposted by Klara SjoRagnhild Holmås @ragholmas.bsky.social · 18/10/2025Jeg tryglet og truet, og fikk ønsket mitt oppfylt: Språksnakk i P2 fløy inn meg og idolet mitt, ordbøkenes Gandalf @nullnullsjo.bsky.social, for en etymologispesial. Jeg fangirlet over hele Tyholt. Prisen var at jeg måtte snakke om ordet 'blowjob'. Spol forbi, mamma. radio.nrk.no/podkast/spra...radio.nrk.noSpråksnakk - NRK RadioAbsolutt alt du kan undre deg over om språk! Lydia Gieselmann spør, ekspertene svarer. Send dine spørsmål og tilbakemeldinger i appen eller til snakk@nrk.no. 10526 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 15/10/2025Sukk. Dei kasta ikkje pengar etter leksikografane i år heller. 9,3 mot 9,2 i fjor. Er ikkje sikker på om det dekkjer prisstiginga ein gong. 160 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 15/10/2025Dagens ord. Eg satsar på at det er eit godt teikn. På noko. Vi ventar på statsbudsjettet. 060 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 14/10/2025Det er vinterdag i dag, og i gamle dagar minte ordbøkene deg på at du skulle ta på vottane denne dagen. "Den 14. Octob. kaldis Calixtus. Oc da holdis 1. Vinter Dag i Norge. Oc fra den begyndis Rimstafven [sic] og er tegnet med en Vante, at mand sig paa den skal laffue[?] vil mand ikke fryse." 1135 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 12/10/2025Finst det nokon som klagar meir over eige yrke enn leksikografar (i alle fall relativt til utøvarar av yrket)? Eg har ei eiga samling som med leksikografklagesongar, og dagens tilskot er John Minsheu, som skreiv den fleirspråklege etymologi(ish)ordboka Ductor in linguas -Guide til språka- (1617). 181 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 10/10/2025Korleis feirar de skrivande eigentleg innsendte manuskript? Eg føler alltid for ei eller anna markering, men eg føler jo at nær sagt alle ting skal markerast (helst med ost). 470 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 01/10/2025I dag startar haustens vakraste eventyr - hummarfisket🦞Teinene er i sjøen og drittvêret er på veg. Trass fiskeglede (teineglede?) er eg bekymra for hummarbestanden langs kysten, for det blir merkbart færre og mindre hummarar år for år. (Verda går til helvete.) 010 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 24/09/2025Endeleg ei gladnyheit? (Så lenge eg ikkje tenker på at sjokoladebøndene i stor grad uansett blir utnytta og neppe har fått meir av sjokoladekaka no når prisane har vore høge.) 140 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 22/09/2025Det siste året, fram til dagen før han blei skutt, blei Charlie Kirk omtalt litt over 100 gonger i norske medier. Aller mest hos Document (6 ganger). På NRK 1 gong. Medieoppbudet dei siste vekene har ikkje vore i høve til dette. (Graf frå Retriever) 07221 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 19/09/2025Altså, dette er noko av det kjekkaste vi har fått på plass i ordbøkene.no. (Skjønt eg er litt bekymra for å lansere han og så ta helg, men vi får satse på at det er ord nok til alle.) 2130 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 18/09/2025Gjekk heim midt i dei verste bygene i dag (blei nesten tatt av plutseleg-elva i Michael Krohns gt), men aldri har eg sett så mange folk smile til meg! Felles skjebne, felles trøyst? 060 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 10/09/2025Nytt av året på valg.no sine sider, er at ein og kan sjå fordelinga av førehandsstemmer på lokale. Av det har eg slutta at FrParar gjekk på IKEA og AParar gjekk på biblioteka. Bortsett frå det på NHH då. valgresultat.no/valg/2025/st...valg.noForside - Valgdirektoratet 050 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 08/09/2025Skjønner eg det rett at over 60 % av stemmene var førehandsstemmer? 120 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 08/09/2025Allereie i 1905 skreiv dei i avisene om heimesitjarane - hjemmesiddere (her frå Gjengangen 10. august 1905). Før dette hadde heimesitjar mest betydd ein som sit mykje heime. 150 0
Klara Sjo @nullnullsjo.bsky.social · 02/09/2025'enslig' og 'singel' betyr det same (synonym) og har same bokstavar (anagram) - dei er synogram. 'tone' on 'note' kan òg seiast å vere synogram, men finst det fleire på norsk? 5337 0