Sign in

iiinova is part of the Atmosphere — an open, public network where you own your identity.

Per Kristian Sætre

@perkristian.eurosky.social
416 followers 1.2K following 152 posts

Landsens sokneprest. Les ein del veldig gamle greier mellom slaga. Redaktør Luthersk kirketidende // Country vicar. PhD student New Testament studies.

PostsRepliesMedia
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/09/2026
Om det estetiske får me vere usamde, rett og slett. Men det er altså eit alternativ i liturgien og veldig vanleg praksis.
200 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/09/2026
Me prestar veit kva me driv med, altså. Det går bra og har lang tradisjon. Og det er i høgste grad forankra i liturgien, sjølv om løftinga er noko ein “kan” og ikkje noko ein “må”.
112 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Det gjorde det kanskje til og med! Når det vert mange tal og punktum i versreferansen, så er det eit teikn på at nokon har tenkt.
020 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Det tenkjer eg er å leggje lista litt høgt! Det er godt klipt og limt, synest eg, så får me ei lesing som kling godt.
100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Må ein nok! Men det er same selektive lesinga som står i gravferdsritualet. Er god tradisjon for å gjere det litt slik.
250 5
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Ved årsskiftet. Fødd eller unnfanga, det er litt uklårt. Så gjennom heile mellomalderen har ein folk som reknar 25. mars eller 25. desember som nyttår. Verkeleg kaotisk vert det fyrst når ein byrjar rekne 1. januar som fyrste dagen i det nye året.
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Dateringane av Jesu fødsel til sånn 4-5-6-7 år før starten av tidsrekninga er moderne forsøk på å få dei historiske opplysningane i fødselsforteljingane i Matteus og Lukas til å gå opp – men det funkar aldri heilt 100 %.
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Men poenget for denne munken var å ha fine årstal i tabellane sine over når påska kjem, som ikkje baserte seg på romerske kristenforfølgjande keisarar.
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/08/2026
Det som er gøy, er at munken som laga tidsrekninga på 500-talet, aldri forklarte korleis han tenkte. I Bibelen finst éin nesten-dato – Jesus var omkring tretti år (Luk 3,23) i keisar Tiberius sitt femtande styringsår (Luk 3,1). Det gjev fødselsdato sånn omtrent ved tidsrekninga sin start.
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 28/08/2026
Eg var sju år då nyttårsorkanen råka i 1992. Hadde eg visst kva "apokalyptisk" tydde, hadde eg sagt det var slik det kjendest. Så kom kongen. I gummistøvlar. Det var trygt. Og sidan har han stått der fjellstøtt. Heilt til no. Takk, Harald.
040 4
Reposted by Per Kristian Sætre
Eirik Helleve @jymbre.bsky.social · 05/07/2026
Det er lett å sjå at den norske keeperen er nynorskbrukar.
26312 63
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/05/2026
Forventa bikkjeslagsmål om bibeltolking mellom Mímir Kristjánsson og Joel Ystebø i #polkvart Høyrde to som hadde nokre gode poeng kvar og drog berre litt for hardt til i retorikken. Klargjerande, vart det.
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 27/04/2026
Det er ikkje berre me som bur her. Det er sjølve Vestlandet som seier ifrå om at det vart litt mykje hausing av det jordskjelvet austanfor på 3,6 og ristar inn til 4,0 same dagen.
smp.no
Jordskjelv utenfor kysten av Møre og Romsdal
Sunnmørsposten holder til i Ålesund og er regionavis for Nordvestlandet. Oppdaterte nyheter og grundig, engasjerende journalistikk. Ble grunnlagt i 1882.
000 0
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/04/2026
Donald og fire bugg for ein tiar. Måndag kveld og kjensla av å ha lurt systemet som sa at “tysdag var bladdag.”
060 6
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/04/2026
Di meir eg les om Bibelen, di mindre skjønar eg av bibelfundamentalismen.
020 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/04/2026
Har med det viktigaste!
000 0
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/04/2026
Det er ganske gøy at dette er utsnitt av eit heilt ekte skulekart. Observert på Sunnmøre folkehøgskule i dag – kvar elles?
Kartutsnitt av gammalt skulekart. Viser Møre og Romsdal og Nordfjord – med grenselinjer rundt Sunnmøre.
180 8
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 06/04/2026
Kyrkjeleg sett varer påskefeiringa i femti dagar! Så det er allereie teke hand om. Dabbar litt av, då, med påskedagen som toppen, påskeoktaven (denne veka) på ein god nummer to, og så roar det seg ein heil del dei neste seks vekene. Men vert lite fridagar av det der, då.
020 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/03/2026
Eg fekk Luther på eitt poeng, og eg er ordinert luthersk prest. Fekk Augustin på andreplass; eg vonar det tel som formildande omstende når biskopen ringjer.
040 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/03/2026
Ein kan naturlegvis diskutere kva den nye Harry Hole-serien gjer med Oslo. Men eg meiner framleis den store diskusjonen er alt det surrealistiske Villhesten (1994) gjorde med Ørsta og Volda.
000 0
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 23/03/2026
Eit lite tal langt nede i ei sak i Dag og tid kan gjere ein så sint. Åtaket på Iran kan, oppå alle andre forferdelege konsekvensar, dytte 45 millionar menneske ut i akutt svolt. Kontrasten til det røyndomsfjerne tompratet frå Washington er så utruleg grell.
dagogtid.no
(+) Krigens grøde
Korleis skal det gå med tilgangen til mat når ikkje berre klimaendringar, men stadig meir krigføring utarmar landbruket?
031 3
Reposted by Per Kristian Sætre
Dr. Jeroen W.P. Wijnendaele @drdragases.bsky.social · 31/01/2026
2151 15
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/12/2025
Jepp. Det er rett og slett tyding 1 og 2 av uttrykket i følgje både Bokmåls- og Nynorskordboka. Så det er normert og greier.
ordbokene.no
bli å
Eitt treff i Bokmålsordboka. Eitt treff i Nynorskordboka
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/12/2025
Ja, det er ein passiv variant, så det er noko litt anna. Men eg har sett det i avisomtalar og slikt også i det siste, og har lurt på kvifor. Eg utelukkar ikkje nordnorsk påverknad.
100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/12/2025
Eit raskt og metodisk svakt søk i Lovdata gjev likevel ein del interessant. Konstruksjonen hadde eit høgdepunkt under kommunesamanslåingane på 60-talet, men dukkar opp i ein del nyare ting også. Ein lurer jo på kvar det kjem frå, ein gjer det.
lovdata.no
“Vert å” - Søkeresultat - Lovdata
Bruk anførselstegn for å begrense søk til spesifikke ord eller setninger.
100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/12/2025
I det siste har eg lurt på om formuleringar med "vert å" har ein oppsving i formell nynorsk i stillingsutlysingar, forskrifter og kommunestyrevedtak og slikt. Det er inga nyvinning, men ser ut til å vere populært. Men i motsetnad til den nordnorske varianten er det vel utprega skriftleg.
100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/11/2025
Eg har litt trua på å lære lese og skrive og byggje relasjonar medan ein tenkjer, skriv, teiknar og fortel om blomar og dinosaurar og isbrear og heltar og skurkar og meininga med livet og store forteljingar, eg då.
041 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025
Disneys Robin Hood vert ikkje dårlegare av dette.
061 6
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025
Det der verkar ganske vilkårleg. Vart stansa med to doble brødskiver med brunost i Wien ein gong. Austerrikarane let seg ikkje overtyde om at eg ikkje hadde plastisk sprengstoff på maten.
000 0
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025
Tenk når ein dyktig spesialbibliotekar kan slå fast at “dei har ikkje kasta noko på 150 år!” Då skjer ting som at ein brått finn ukjende Aasen-manuskript.
nrk.no
Har funne upublisert materiale av Ivar Aasen på Solnør gaard på Skodje
På ein gammal verneverdig gard på Sunnmøre, har dei oppdaga upublisert materiale frå sjølvaste Ivar Aasen.
050 5
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025
Er me heilt sikre på at det er så lurt å leggje sentrale samfunnsoppgåver som til dømes å halde oppe eit riksvegsamband i hendene på private selskap som konkurrerer på å drive så marginalt som mogeleg?
Dagens ferjetabell Folkestad–Volda – alle avgangar er innstilte inntil vidare.
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/11/2025
Eg har aldri sunge i kor, og eg er eigentleg tenor. Men eg har lært meg basstemma på “Alle vender” som sosial overlevingsstrategi.
120 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/11/2025
Bordversfagleg manglar den kyrkjekulturelle “Alle vender augo sine til deg” (N13 761) som ofte vert brukt for å røykje ut folk om ikkje instinktivt syng firstemt. Eg tenkjer bordversskalaen går frå den til “Thank you Lord”, som på same vis kan brukast til å avsløre folk som slit med synkopar.
140 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 20/10/2025
Skjer fleire ting på ein gong her – auka oppslutning på tvers av kyrkjelandskapet. Men kristne leiarar kappast om å ta utviklinga til inntekt for at akkurat deira kyrkjelyd gjer ting riktig. I denne saka er det Messiaskyrkja og styremedlem Toje som får gjere det.
141 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 13/08/2025
Dessutan manglar brorparten av bitane. Og nokre av dei me faktisk har, gøymer me mellom sofaputene for å få til eit bilete som ser sånn nokolunde ut.
020 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 08/06/2025
Grundtvig er av dei som fortener vesentleg meir av både tyn og lovord enn han faktisk får.
040 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/05/2025
Det der kan vere ein sunnmørsbunad utan jakke. Og den skal ha slik huve, berre at nesten ingen brukar det.
040 4
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 24/04/2025
Berre Shetland som øya der vindguden bur, er så gøy at dette må vere riktig.
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/04/2025
Pave Frans er død - dagen etter at heile kyrkja, både i aust og vest, saman feira Kristi siger over døden og mørkret og han sjølv heldt sin siste Urbi et Orbi med bøn om fred i heile verda. Måtte det evige ljoset skine for han.
vatican.va
"Urbi et Orbi" - Easter 2025 | Francis
Urbi Et Orbi Message of His Holiness Pope Francis - Easter 2025
050 5
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 29/03/2025
Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking
Overskya himmel.
1284 28
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 28/03/2025
KI er sikkert topp om problemet ditt er å skrive langt nok til å nå minimumskravet. Dei fleste eg veit om som skriv noko særleg, har motsett problem. Og for eigen del genererer eg så mykje sprøyt på gamlemåten at eg slett ikkje treng hjelp til å finne på meir greier som må kuttast.
000 0
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 11/03/2025
Eg er gjerne med på å diskutere å kutte fridagar. Men ta no andredagane fyrst, og ikkje Kristi himmelfartsdag som faktisk er ein skikkeleg heilagdag og ikkje berre ei gammal løysing på prestane sin heilagdagslogistikk.
nrk.no
Venstre vil kutte fridag for å styrke Forsvaret
Leder i Unge Venstre vil kutte fridager og bruke pengene på å styrke og ruste opp Forsvaret. Han får støtte fra Grønn Ungdom.
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 10/03/2025
Det er jammen ikkje det verste ein kan gjere. Lukke til!
010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 10/03/2025
“Ingenting” er for alle praktiske formål riktig svar. Der er nokre subtile kulturskilnader på grunn av ulik historie, men ingen grunn til ikkje å plukke emne utifrå kva du har mest bruk for eller synest er mest interessant. Båe fakulteta har glitrande folk med ulik spesialkompetanse.
120 2
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 05/03/2025
Dette er mange paradoks i dette, for ingen av oss er heilt gjennomreformerte. I hundre og femti år har rørsla gått mot ein retur til felleskristne praksisar. Offisiell liturgi for oskekross i dag fekk Dnk til dømes fyrst i fjor. Men råd om felles fastepraksis trur eg er vanskeleg å sjå føre seg.
030 3
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 05/03/2025
Her må protestantismen ta skulda. Står til dømes i den lutherske vedkjenninga at reglar om mat og slikt er unyttige og i strid med evangeliet (CA XV). Dermed vart fasta åndeleggjort og individualisert, og det vert lite felles praksisar av slikt.
282 8
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 14/02/2025
And at some other occasion, it can be used to argue for learning deep truths by reading really old stuff. That happens too.
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 14/02/2025
Of course, she put that line at the end of her (excellent) version of Arthur and the knights of the Round Table, as a defence for writing old fashioned romances in 1915, but it’s a versatile line.
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 14/02/2025
I’m considering putting this in my own sermon one day, though. Our ethical challenges do not change. I like to quote Sigrid Undset, Norwegian author and Nobel laureate: “Though fashions and customs may change as the years go by, the hearts of men will not change even so little in all eternity.”
110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 12/02/2025
Dagens høgdepunkt var utan tvil lunsjkonsert på MF med Torbjørn Dyrud og @ingridbmelve.bsky.social Salmane deira er altså så vare og sterke at eg manglar heilt ord. Men det gjer ikkje Ingrid – ho skriv til det vert heilt ekte og sant. Dei reiser på turné no – få det med deg om du kan!
skjerikirken.no
"Kanskje er det vi som er skygger" - Salmekveld med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve i Tomb kirke
Denne kvelden får vi bli kjent med nye salmer og salmeviser av og med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve. Torbjørn Dyruds virke som musiker, komponist og tekstforfatter kjennetegnes av en bred interes...
010 1