Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/04/2026Det er ganske gøy at dette er utsnitt av eit heilt ekte skulekart. Observert på Sunnmøre folkehøgskule i dag – kvar elles? 180 8
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025Er me heilt sikre på at det er så lurt å leggje sentrale samfunnsoppgåver som til dømes å halde oppe eit riksvegsamband i hendene på private selskap som konkurrerer på å drive så marginalt som mogeleg? 010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 29/03/2025Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking 1284 28
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 13/01/2025Mykje fælt på internett, men me har også archive.org og nb.no. Skulle berre sjekke ein referanse til ei gammal bok om Matteusevangeliet, og brått sit eg og blader digitalt i eit eksemplar av boka gjeven av forfattar Krister Stendahl til professor Walter Bauer – frå ein gigant i faget til ein annan. 060 6
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/12/2024Dagen etter og ganske lita, men det er ei perlemorsky på Vestlandet. 030 3
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 16/12/2024Veslejulaftan for hundre år sidan melde lokalavisa Møre i Volda om reinhaldsutgiftene i departementa, med kommentaren: "Skitsamt maa der vere." 1133 13
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 05/12/2024Eg har lovd å slutte å forsyne meg når professorar gjev bort bøker før dei går av med pensjon. Men Kristen Weierholt sin klassisk greske grammatikk på nynorsk kan ein faktisk ikkje gå forbi. 0123 12
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 01/12/2024Slik får ein flotte metaforar om dører og portar og opningar og nye byrjingar – skikkeleg nyttårsstemning, med andre ord. Salmen framfor nokon denne dagen er dermed «Gjer døri høg» på nummer 5 i salmeboka – ein 1600-talssalme av prøyssaren Georg Weissel i norske versjonar ved Landstad og Blix. 3/6 100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 01/12/2024Bibelteksten for dagen har sidan mellomalderen vore Jesu inntog i Jerusalem i Matteus 21. Forteljinga høyrer påska til, men handlar om Jesus som kjem til ein by. Så med litt forsiktig biletleg lesing vert det ein bra adventstekst om Jesus som skal kome. 2/6 100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 01/12/2024Godt nyttår! Det nye kyrkjeåret byrjar på fyrste sundag i advent. Det var inga lita sak i tidlegare tider. Mi mangegongeroldemor Else Arnesdotter døydde til dømes 29. november 1833 og vart jordfesta sundag 1. desember. Gravferda står i kyrkjeboka som den fyrste i 1834. 1/6 100 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 26/11/2024Finaste julesongverset eg veit om er endå stilegare enn eg visste. Slo opp “No koma Guds englar” i tredje heftet av “Nokre salmar” av Blix (1875). I tredje verset er moderniseringa “det grønkar av vår” langt tammare enn “I hardaste Vetter Gud Sumargull straar.” #salmekveld 030 3
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 23/11/2024Oppdatering: Burde ha sjekka Julesongboka, denne perla utgjeven av Ørsta kommune i 1993, redigert av Bård Dahle, Jostein O. Mo og Terje Aarseth. Der står denne teksten på side 53, med notar og greier: 010 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 23/11/2024Eg vart spurd om eg kjende den nynorske teksten på “O, come all ye faithful.” Og det trudde eg at eg gjorde. Men ikkje om eg kunne finne han. Så leverte ein gammal kordirigent ein handskriven tekst, og då fann me han. I Norsk barneblad frå 1941 (nr 22–23). 281 8
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 08/04/2024Det kan gå retteleg bra når statsrådar skriv songar. 110 1
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 14/03/2024Og Vårt Land illustrerer det heile med glitrande nyhendegrafikk: 1112 11