Mads Rage @masd.no · 3hJa, ein må rett og slett vera litt forsiktig med kvar ein vaskar grisen sin. 130
Mads Rage @masd.no · 4hKjem an på avdeling, men her er det måten det vert sagt på som får meg til å tenkja at dette er eit signal om at nokre typar folk som gjerne ynskjer å ha skjegg ikkje er velkomne lenger. 010
Mads Rage @masd.no · 5hStussa litt på kva som var greia med skjegg, men det må vel eigentleg handla om muslimar? 110
Mads Rage @masd.no · 7hJa, no er det jo ikkje nett kvardagskost der, heller, men overraska over at ein mann vart eten av tigerhai i Brighton i 1785, for ikkje å snakka om i Themsen (!) sju år seinare. Det er vel berre eit par farlege haiartar som går opp i ferskvatn. 110
Mads Rage @masd.no · 8hAlle soldatar får «Hypertube». Eit slags røyr ein kan halda i hendene som bles ut harde og spisse «Hyperpiler», mot fienden i supersonisk fart. 120
Mads Rage @masd.no · 9hFascinerande interaktivt kart over haiangrep. I eit hamneområde ved Aten i år 336 fvt., vart ein kar drepen av hai medan han vaska grisen sin til ein religiøs seremoni.sharkdatalab.comIn the haven of Cantharus, Attiki, GREECE — Ca. 336.B.C..FATAL, shark "bit off all lower parts of him up to the belly" 2100
Mads Rage @masd.no · 9hDen internasjonale øldagen var fyrste fredag i august, men for all del, det er ikkje direkte feil. 000
Mads Rage @masd.no · 10hDet var vel ein eller annan indignert debattskribent som fall for julespøken til Universitetsmuseet i Bergen, der dei hadde stilt ut eit nisseskjelett, så det er vanskeleg å bli forundra over kva folk trur på. 120
Mads Rage @masd.no · 10hViss motivet er økonomisk hadde det vel vore betre å grava ved enden av regnbogen. 110
Mads Rage @masd.no · 12hAh, ja det der var vilt. Trugselbrev med utklipte bokstavar, liksom. Det er meir film-/TV-trope enn realitet. Normale kriminelle sit ikkje med saks og limstift og kosar seg slik. 130
Mads Rage @masd.no · 12hGod internasjonal kaffidag til alle som feirar. Korleis skal de markera denne høgtidelege datoen? 9100
Mads Rage @masd.no · 30/09/2026Ein får vel ta det som eit teikn på at dei har ekstremt lite å velja i? 130
Mads Rage @masd.no · 30/09/2026Ok, men kva om eg berre vil leva livet som ein menneskeleg inkarnasjon av Claude. 010
Mads Rage @masd.no · 30/09/2026Det har heller ingenting å seia kva farge lyset har når ein syklar, og det er utruleg rart å ha lysregulering der. 030
Mads Rage @masd.no · 30/09/2026Trur det faktisk er slik på kunstfeltet, der alle betalar kunstavgift på sal av kunsten sin, som går til stipend for nokre få heldige. 021
Reposted by Mads Ragesurjamten.bsky.social @surjamten.bsky.social · 29/09/2026Älskling, hur är det fatt. Du har inte rört din lutfisk- och ananaslåda. 610826
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Det skjedde ting med stadnamn i dansketida. Den øya eg kjem frå heitte frå gammalt av «Njardarlog», men dette vart mellom anna til «Jarlsøe» som jo tyder noko heilt anna, sikkert fordi danske embetsmenn gav faen. Det er jo artig at folk knyter seg til slikt, men eg veit ikkje om det gamle er betre. 040
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Om ikkje anna, så sjekk stilen til han fyren (tidspunkt 3:20) som berre sit og leikar med geometriske figurar og tilfeldigvis løyser dette berykta matematiske problemet. 001
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Sant nok, men det er trist at ikkje journalistar meistrar grunnleggjande journalistikk. 070
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Joachim Trier kan sjølvsagt også nemnast, og fleire andre. Det er ikkje berre eit par toppar. Her er det også nye kvinnelege regissørar som markerer seg. Noko vert gjort rett her, så det er synd om det skal gå på dunken no. 120
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Me er eit lite filmland, men eg kjem på: trilogien Sex, Drømmer og Kjærlighet (Dag Johan Haugerud, 2024), Den stygge stesøsteren (Emilie Blichfeldt, 2025), Syk Pike (Kristoffer Borgli, 2022), Elskling (Lilja Ingolfsdottir, 2024), De uskyldige (Eskil Vogt, 2021), Ninjababy (Yngvild Sve Flikke, 2021). 230
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Synest eg har sett fleire liknande saker der motparten er eit barn som ingen evnar å representera eller beskytta interessene til, og som dermed implisitt får skulda, endå det er openbert at den vaksne har gjort feil. 1221
Mads Rage @masd.no · 29/09/2026Eg har aldri sett større mangfald og høgare kvalitet i norsk film enn slik det har vore dei siste åra, så dette verkar paradoksalt. 230
Mads Rage @masd.no · 28/09/2026No har eg kjøpt frø til både sommarsar og vintersar, så då gjeld det berre å hugsa å dyrka dei til våren, og så er eg klar til neste blomkålsesong. 110
Mads Rage @masd.no · 28/09/2026Nye fliser på badet snart? Dette var moro.youtu.beHow a Hobbyist Solved a 50-Year-Old Math Problem (Einstein Tile)YouTube video by Up and Atom 131
Mads Rage @masd.no · 28/09/2026«Sarajevos roser – krigen i Bosnia og dens etterliv» av Inger Skjelsbæk. 020
Mads Rage @masd.no · 28/09/2026Eg trur ein skal skilja det frå festmat basert på dyrare råvarer, og samstundes framheva handverket i å få enkle råvarer til å smaka bra. 'Kvardagsmat' høyrest litt låginnsats ut. Då har du ikkje tid til å stå på kjøkenet og koka. 040
Mads Rage @masd.no · 28/09/2026Gjelda mi til Lånekassen er no redusert til eit nivå der rentene på resterande nedbetalingsplan svarar til verdien av ei flaske Pertois-Moriset Les Jutées Grand Cru 2016. Skilnaden på straks å innfri lånet og kjøpa denne vs. å få avkasting på å ha pengane i fond, er truleg heilt neglisjerbar. 1160
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Tenkte kanskje at han hadde nok pengar til å sleppa å reklamera for all slags skit, og at det kanskje heller er ein slags strategi for å betala mindre skatt, slik som når andre rikingar kjøper dyr kunst. 100
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Det er visst ikkje den einaste kostbare bagasjehylsteret han har skaffa seg.harpersbazaar.com.sgInside Erling Haaland’s Seriously Impressive Luxury Bag CollectionFrom supersized Hermès bags to statement Louis Vuitton, Erling Haaland knows his way around a great carryall. 100
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Tenkjer nok at det var eit par av spelarane som kom med toalettsakene sine i ein brødpose, men dei kom ikkje med i artikkelen. 020
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Ja, blir ofte plastpose når eg reiser, og då forsvinn liksom poenget med toalettmappe, så det tek eg ikkje med. 130
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Logisk nok, men korleis oppbevarar ein tannbørste i toalettmappe, eigentleg, utan at det vert griseri. Etui? 230
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Eg har ei toalettmappe i nylon som eg trur eg må ha fått i gåve på nittitalet, og den står og støvar ned og er full av ræl som eg aldri brukar, men kanskje viss eg hadde ei skikkeleg god toalettmappe, så ville eg forstå kva som er greia. Kva har de andre i toalettmappene dykkar? 420
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Eg kan jo forstå at folk som reiser frå den eine garderoben til den andre kan ha bruk for det, men har dei også svindyre handdukar og gymbaggar, liksom? Er det sponsorar inne i biletet? 120
Mads Rage @masd.no · 27/09/2026Veit ikkje om det var meint som satire, men det fungerer.minmote.noHaaland med svindyr toalettmappeSkjuler de eksklusive toalettmappene en «ten step skin care routine», eller er det logoen som teller? 250
Mads Rage @masd.no · 25/09/2026Aha, det er sånn aggressive skating. Eg er ikkje så inni den disiplinen. Ikkje han andre eg trefte, heller, han dreiv med såkalla 'slalom'. Det finst også wizard, downhill, freeride, speed osv. 110
Mads Rage @masd.no · 25/09/2026Seinare same dag møtte eg ein annan kar på rulleskøyter oppe på banen, og han var den flinkaste eg har møtt til no. Han kunne til og med piruett, men diverre kunne heller ikkje han den heilage gralen når det gjeld kontroll på utforkøyringar: «magic slide». Den vil eg læra meg før vinteren kjem. 120
Mads Rage @masd.no · 25/09/2026Stapping gir vel gjerne også lågare luftmotstand, slik at ein spring raskare? 120