Mads Rage @masd.no · 02/10/2026Ok, kompis, men du har ein type kaotisk energi som eg synest det verkar risikabelt å i det heile tatt svara på. 1120
Mads Rage @masd.no · 21/09/2026Kjensla av å byta ut ein del som er utsliten med ein ny som er heilt lik. Omsider skaffa ny fuglefløyte til tuten på vasskjelen. Synest litt synd på den gamle, men alt forgår. 1250
Mads Rage @masd.no · 17/09/2026Etter 25 år er eg ferdig som soldat og vernepliktig og klar til å nyta det frie livet. 1160
Mads Rage @masd.no · 09/09/2026Politiet: Ikkje lov med paraply, legg bunadskniven heime! Svenskekongen: 3518
Mads Rage @masd.no · 09/09/2026Har lurt litt på kva slags folk det er som nyttar denne typen produkt. Hittil har eg berre vore ute for ein, og han hadde også ein del andre merkelege preferansar. 140
Mads Rage @masd.no · 01/09/2026Eg hadde denne, der historia også fint kunne inngått, gjerne med eit skremmande eller uhyggjeleg tilsnitt. 120
Mads Rage @masd.no · 29/08/2026Mogeleg eg berre skulle ha sletta dei e-postane eg uansettt ikkje har lese. 580
Mads Rage @masd.no · 23/08/2026Ja, det er i alle fall hovudregelen for verk med ein opphavsperson. Reglane er jo annleis for musikkinspelingar, der dødsåret ikkje er relevant, og så er det tydelegvis 90 år for aviser i Nasjonalbiblioteket. 120
Mads Rage @masd.no · 22/08/2026Trur eg fann ut av det. Serien heiter Rasmus Klump på dansk, men Bamse Bjørn på norsk, og dermed blandar me det med den andre Bamse, som også liknar litt i stilen. 020
Mads Rage @masd.no · 10/08/2026Likar både Lübeck og marsipan. Marsipan er elles eit ord som burde ha ein klokkeklår, eintydig etymologi, men eg har aldri funne han heilt tilfredsstillande. 110
Mads Rage @masd.no · 09/08/2026Er dette eigentleg sant? Eg har vanskar med å tru på det, og det er visst delte meiningar der ute. 250
Mads Rage @masd.no · 01/08/2026Stansar midt i artikkelen for å reflektera over skilnaden mellom namnet Jean-Paul og Jan-Paul. 270
Mads Rage @masd.no · 26/07/2026Gamle hermetikkboksar er tekne i bruk som hol, enkelt og elegant festa. 090
Mads Rage @masd.no · 26/07/2026Bestefar laga dette kurongbordet på sløyden i grunnskulen. Heilt utenkjeleg i dag, og også i mi tid. Ein hadde ikkje fått material eingong. 8723
Mads Rage @masd.no · 23/07/2026Plukka alle desse blåbæra utan å få flått, myggstikk eller hoggormbit. 1150
Mads Rage @masd.no · 18/07/2026Lokale nyhende melder også om roing i samband med Odd Nordstoga-konsert, så dette er visst berre slik ting er no. 040
Mads Rage @masd.no · 03/07/2026Det var kanskje ikkje nett varemerket til denne karen, men han vart stundom observert med plagget. 040
Mads Rage @masd.no · 29/06/2026Eg er for så vidt også nøgd med klokka mi, som viser vêret, tid for solnedgang og soloppgang, lufttrykk, dato og utruleg mykje anna. Men klokka er ikkje heilt nøgd med meg for tida. 120
Mads Rage @masd.no · 23/06/2026Litt kjipt å vera konge når du har planar om å sjå kampen i opptak. 3233
Mads Rage @masd.no · 21/06/2026Den overgrodde fotballøkka rett ved Akerselva er der framleis. Går forbi ein gong i skotåret. 160
Mads Rage @masd.no · 20/06/2026Ser Trailer Park Boys, og jammen kjem det eit perfekt døme på fucked/forpult. 011
Mads Rage @masd.no · 19/06/2026Eg hugsar ikkje kva originalen var her, men kan ikkje sjå føre meg at dette var det optimale uttrykket på norsk. 380
Mads Rage @masd.no · 14/06/2026Er det berre eit tulletal eller er det ekte? Ekspertane står fast. 000
Mads Rage @masd.no · 05/06/2026Den har eg vore inne i. Selde med marginal gevinst på den raude prikken, for å gå over i noko det var meir fart på. Ikkje ta tips frå meg. 220
Mads Rage @masd.no · 29/05/2026Eg har nokre gamle og uopna flasker med innhald. Litt usikker på kor gamle, men truleg rundt årtusenskiftet. 331