Sign in

Wermund

@doublewsinglev.bsky.social
878 followers 477 following 14K posts

Pappa, Bonde, Hobbymusiker, SV'ar Arkitekt, Plansjef Mine kampsaker: Grunninntekt, like rettar for alle, fortetting på bygda, meir til kulturen, betre kollektiv på bygda. Flagg og binders for motstand mot fascistar 🌈🏳️‍⚧️🏳️‍🌈🏴‍☠️ 🧑‍🎄🍄🇺🇦🇵🇸🇧🇻📎

PostsRepliesMedia
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 03/10/2026
Jymrane/gimrene er thirsty. Dei har samla seg i hjørna av bakken som er nærast bakken der det går fire værer. Det er litt som første rad på Backstreet Boys konsert i 1998. "Dei er for gamle for dykk, og de er for unge for dei" "Dååååån, sjååå på han dååååå 😍😍😍👉👈🥺"
Ein liten flokk sauer står og ser lengselsfullt i same retning. Dei står bak eit straumgjerde.
170
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 30/09/2026
Vestlandet sluttar ikkje å vera parodi på seg sjølv. Steinaberg, Lausasteintunnelen, Kviturtunnelen. Alle MEGET deskriptive namn langs rv13
Skjermdump av avisnotis om stor stein i vegen ved Steinaberg
130
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 29/09/2026
Eg har iallefall fått MASSE merksemd av Kvinnheringen sitt blinkskudd i samband med min kritikk av Vestland fylke sin Regional plan for Areal og Mobilitet 😅 Det er noko nesten malerisk over dette fotoet.
Skalla mann med kvitnande skjegg og i blomstrete skjorta ser opp på ein person utanfor biletet. Den skalla mannen sit ved eit bord, og ser ut som om han er lite nøgd med den andre personen. Bak han sit ei blond dame som ser litt forskrekka ut. Bak dei begge står tre menn i samtale. Bak dei heng ei rekkje bilete av tidlegare ordførarar. Biletet er teke i kommunestyresalen i Kvinnherad.
160
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 29/09/2026
Fagforeninga mi er MILDT sagt drittlei at folk brukar liksomjurist for å skriva kva ei juridisk problemstilling omhandlar. "We won't even LOOK at your complaint if you have used AI, it is shit and will only give us more work, and make us not like you. Stop fukken doing it" ❤️AFAG
Skjermdump av mail frå fagforeninga med informasjon om mange juridiske henvendingar. Dei er tydeleg lei av at folk nyttar KI til å formulere kva saka gjeld. Her er eit utdrag av mailen:

For å sikre mest mulig effektiv behandling av saken, ber vi om at henvendelsen din inneholder en tydelig beskrivelse av hva du trenger bistand til, samt relevant dokumentasjon som kan belyse saken. Vi ber også om at henvendelsen formuleres med egne ord, uten bruk av KI-verktø
2464
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 28/09/2026
Sweater weather dag på jobb, med vafler og quiz
Skalla og skjeggete mann i ein tjukk lyseblå genser med store raude blomar på.
2190
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 18/09/2026
Der sa du faen noko! Skjegget blir lenger, og kvitare. Livet er bergogdalbane for tida. Men det er kjærleik og kåtskap i lufta, som veg opp for BETYDELEG anna dritt. God #SjølvfieFredag! #SelfieFredag!
160
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 03/09/2026
Har ikkje skrive ned mønster for desse tinga her, men alt er greier eg har laga uten oppskrift. 1 liten duk av heimaspunne garn frå egen sau 2 regnbogepulsvante 3 seks huer 4 ei av huene på bilde 3 5 ei til av huene på bilde 3 6 tre påskekyllingar
110
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 18/08/2026
Mitt heilt eige vesle paradis.
Utsikt frå ei dalside på vestlandet. Det er grønt overalt, og det går nokre spredte villsauer i forgrunnen. I bakgrunnen opnar dalføret seg mot øyane. Sola skin bak eit tynt slør.
080
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 10/08/2026
Sjekk på NB.no om du har blitt sitert på eitelleranna du ikkje var klar over. Frå twitter eller bluesky. Eg fekk meg ein liten latter på bussen over kva Avisa Sør-Trøndelag fann ut dei ville plukka opp 😂😂
Avisutklipp av ein blueskypost der eg har synt forståing for at damer blir oppgitt av menn, då eg oppdaga at bremsespor i undikken er eit reelt problem, og ikkje noko sært fenomen frå amerikanske filmar.
060
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 04/08/2026
"Funkar sånn passe" Eg er dritnøgd med min Cort, så elitetryner kan bare STFU. Har ein kompis som har kjøpt (og solgt) fleire Hummingbird for å finna "den rette". Og snakke masse om kor stor forskjell det er mellom dei. I don't hear it... Men så har han studert musikkproduksjon og då...
111
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 27/07/2026
GODT inne i FUUUUUUUUUCK!
Fyllingsgrad i norske kraftmagasin. I ein periode der fyllingsgraden skal auka, er den på veg nedover.Den globale temperaturen år for år frå 1860-talet til no. Grafen syner eit stort hopp frå 2024 til 2025. 2026 blir truleg endå høgare.Ismengden i Arktis. På svært låge nivåer.
010
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 27/07/2026
Ja, nei, altså. Det er vel kanskje på tide å skaffa seg Norgespris? Eller be til ALLE høgare makter om ein fuktig haust og snørik vinter? Men eg tippar Norgespris kjem til å bli tatt vekk, for det blir for stor kostnad for staten...
Diagram over fyllingsgraden i norske vannmagasiner. Diagrammet viser maks, median, minimum, og noværande. Noværande er veldig nær minimum for årstida, og peikar nedover. I ein periode der trenden eigentleg skal peika oppover.
120
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 20/07/2026
Ikkje min, men ein bisk eg møtte på middelalderveka i går.
Ein papillon ser inn i kameraet. Bildet er tatt heilt nede ved graset, siden hunderasen er pitteliten.
060
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 13/07/2026
Heimelaga hespetre og ca 230 m heimelaga garn spunne på håndtein og tvinna på rokk. Ja, og ein duk eller brikke som eg har hekla av garn som er 100% laga med håndtein.
Bord med eit grønt håndkle på. Det ligg ein kveil gråspetta garn oppå håndkledet. Ved siden av ligg eit hespetre, som er ein innretning for å laga kveiler med garn. Under hespetreet ligg ein liten duk laga av gråspetta garn.Ein hekla duk av gråspetta garnEit hespetre laga av bambuspinnar og jutetråd.
0161
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 13/07/2026
Dette er kanskje litt VEL ambisiøst lyspunkt, men eg er å badar i min heilt eigne badekulp.
Eit roleg strekk elv mellom høge tre, sola glimtar gjennom trea, og gir badekulpen eit behageleg ljos.
080
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 09/07/2026
Ein heilt ekte faktura, på ein heilt ekte ting eg måtte godkjenne i dag 🤩😂😍 Shoutout til Vidar Børve kontormøbler og musikkutstyr AS. Der det sit ei fullskala Spidermanndokke i butikkglaset og spelar sjakk. Mannen har vunne i livet, som i hans auga er ein leik som må leikast ALLTID!
Fakturalinje der det står: "Enormus garderobus skapus til Lindehus 2 stykk."
170
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 06/07/2026
Perfekt bilskilt!
Bakenden av ein kvit varebil med tyske skilt. Skiltet er KINC 69
040
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 01/07/2026
Wermund si heklereise fortset. No med 100% eigelaga garn frå eigne sauer, skal eg freista å hekla meg eit skjerf. Tippar det blir litt kløete. Men er gøy å prøva. Neste runde skal eg freista ein anna metode for å gjera klar til spinning, for å sjå om det blir betre garn.
1150
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 01/07/2026
Sjå kven eg fann!!! Eg som trudde Kløver hadde unngått graviditeten. Men NEI, i dag kom det ein liiiiiten vær springande saman med gjengen 🤩🤩
2220
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 26/06/2026
Begynte dagen med å grina med gal-pal på Eivør, fekk meg sugarskullsminke, hørte litt Queensryche, kjøpte for mykje kunst, og har ENDELIG fått sett Hellacopters. Pour one out for the fallen ones! Endelig Vegard fekk eg sett dei! RIP til ein av dei finaste folka eg har kjent!
180
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 20/06/2026
Pride på Husnes 🤩🏳️‍🌈🏳️‍⚧️ talte 110+ i toget. Det regnet som var lova holdt seg vekke. @lektorbjorgen.bsky.social og @inondal.bsky.social var med, pluss masse andre supre folk. HEF arrangerte i år, og apell frå @oleneikopp.bsky.social sin bror, Anders, der både han og eg gret litt.
Pride-tog langs ein asfaltert gangveg på Husnes.
0273
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 08/06/2026
I går var det Bjutishåpp på Vårstøl Permakultur (eg har gitt opp permakulturen for augneblinken, men det er no det firmaet heiter framleis) Alle som skulle ha det fekk nye øyredobbar, det vart litt pedi- og manikyr, alle fekk ormekur og flåttmiddel, og alle vaksne ei bjølla. #dyremandag
Hovudet og ryggen til eit kvitt lam sett ovanfrå. Lammet blir holdt på plass av ei hand under halsen. I det høgre øyra har lammet ei oransje miniklype, og i det venstre øyra ei grøn vanleg klype. Lammet har fått nummer 60306Ei jymre, altså ein sau som er mellom 10 og 18 månadar gammal, har fått bjølle rundt halsen, den heng i ein grøn plastklave. Jymra har ei gul miniklype i høgre øyra og ei grøn vanleg klype i venstre. På miniklypa står det 50234. Sauen har svarte og kvite horn, ei kvit panne og nase, men ellers svart underull. Sauen er klippa litt for tidleg på året, så det er eit lag med kvit ull frå i vinter som ligg over underulla.
090
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 06/06/2026
Eg går med regnbogearmbåndet mitt så ofte som mogleg. Litt irriterande at eg brukte det sist eg klypte sauene, for no er det fullt i små ullstrå, som stikk og klør... Så eg måtte laga nytt.
180
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 06/06/2026
Forskjellen på to og tre rader med samme mønster. (Og forskjell på nylaga og velbrukt 😂)
000
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 06/06/2026
Dette er jo meir pulsvante, egentlig
210
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 05/06/2026
Bilete frå 25. Juni 2022. Vakna til sjuke nyhende. Gjekk opp på festivalområdet til Festidalen og vart møtt av hordar av regnbogar og klemmar til og fra ALLE. Det var ei absurd bursdagsfeiring. Huset fullt av venner, sorg og glede i ein salig blanding.
Skalla og skjeggete mann i blomsterkjole står i kamp-positur foran ein hageSkalla og skjeggete mann med regnbogesminke smiler. Auga hans er nyleg tørka for tårer.
040
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 31/05/2026
Flaskelammet vart klypt, ulla karda og vaska, spunne til tråd og til garn, og til slutt hekla til ei hua. Ein ting dette idiotiske prosjektet har lært meg er kor SINNSVAKT mykje arbeid våre formødre har lagt ned for at vi ikkje skulle frysa. Denne hua her har eg brukt AVSINDIG mange timar på.
Ein brun sau kikkar ut av innredningen i sauehuset.Ein stabel av karda ull, som er klar til å spinnastUll på veg til å bli ein enkelt tråd på ein rokkEi hue, som er hekla
4394
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 31/05/2026
Det vart ei hua. Den klør og er grov i stoffet, men den er 100% laga på eigen grunn og med eigne hender. Det synes eg er ganske gøy
180
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 31/05/2026
Gjett kven som har klipt, vaska, karda, spunne og spunne ein gong til 😂 neste er enten plantefarging, eller rett i heklinga..
Nærbilde av ein spole på ein rokk, med garn av villsau-ull. Garnet er grått. Oversikt over ei hesp (det er visstnok det det heiter, på engelsk er det skein) av villsau-ull. Hespa er lagt i vatn
160
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 25/05/2026
Har funne ut at lego technic har fått nokre nye delar siden eg var gutunge. Delar som oppfordrar til shenanigans 😂
Ein lego technic del. Det er to hol til snap-on side om side. Midtstilt på delen er det to hol til snap-on over-underligger. Desse er vendt 90 grader på dei andre hola. Delen har no fått namnet grey dick.
050
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 17/05/2026
Jaja, det var ganske likt. La oss finna den EINE tingen vi er PITTELITT ueinige om, og bli erkefiendar over! Men og CHOMSKY??? Ikkje dei siste åra iallefall...
110
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 14/05/2026
Takk! Har med støttebok 😂
Framsida av ei bok: Thief of Time av Terry Pratchett
350
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 11/05/2026
Dei er ikkje store, men DAMN han hadde 4-hjulstrekken i orden... Sjølv vaksne sauer og værer har ikkje dytta meg rundt slik han gjorde. Trur han brukte litt samme trikset som eg gjorde då eg var gutunge. Lågt tyngdepunkt, og løft opp før du dyttar.
Ein hårete villsauvær står mellom beina til ein bonde. Væren er i ferd med å bli kliptTo villsauværer står på rekke. Den eine er klipt, den andre ikkje.
050
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 07/05/2026
Found these two knuckleheads in the woods. They ran away in autumn, but here they were. Strong, fluffy, bouncy. Now the problem is: how to get them home?
Two Old Norwegian Sheep rams are standing in a larch woods. One of the rams looks at me, while the other looks into the woods
192
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 30/04/2026
040
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 25/04/2026
3-4 år. Har funne ut at du kan dra skuffene på kjøkkenet ut, og bruka dei som trapp. Det funka berre sånn passe. Måtte til legen og sy. Men du kan TRU det var kult å vera kort, ha briller, arr i panna og utilsikta samme sveis som Daniel Radcliffe ca år 2000..
070
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 24/04/2026
Slenge meg på 😁
Skalla mann med skjegg ligg i ein lenestol med eit villsauskinn bak hovudet
130
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 24/04/2026
Var i 40-årsdag til bestis i Stavanger. Vart så rørt av å få høve å synga til, og med han, at eg måtte bare sjå vekk og ned, eller lukka augene under sangane. Då eg var ferdig brast slusene 😅 Also: felt handsome, might delete later 😅
Glad, og litt full mann med skjegg og barbert hovud. Han har ein mørkegrøn dress med vest, med ei fargerik skjorte og eit fargerikt slips. Han held i ein boks tuborg.
0190
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 20/04/2026
#Dyremandag på ein FAKTISK mandag! Pus og eg nyt solnedgangen frå min private gravhaug etter ein heller lang dag. Digg med ein liten pause...
2211
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 11/04/2026
Og det vart bra. VELDIG jazz!
Ein scene med tre musikarar, ein saxofonist, ein bassist og ein trommis. 
Det sit to i publikum mellom fotograf og scene
010
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 11/04/2026
På jazzkonsert der alt eg veit er det er ein kompis som spelar, og det er ein trio. Nett so eg lika da!
Ein scene lyst opp med blått og lilla. 
På scenen står det ein saxofon? Ein kontrabass og eit trommesett. Det er ingen musikarar der
120
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 08/04/2026
Kan bidra med ei nonsjalant havørn i ei bjørk. Ho satt RETT ved vegen og reagerte ikkje då eg stoppa for å ta bilde.
140
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 04/04/2026
#Dyremandag på Påskemorgen. Lemminga går som det SUSAR. No er det kome 18 lam, og Abbæth har fått sitt første lam i livet. Litt forvirra, men får støtte av med-flaskelammet Kløver. Då det er eit saulam, i Blæækk Mæætal familien blir namnet Lauren (vox i Arch Enemy)
Ein kvit sau med svart ansiktsmaske har eit kullsvart lam som diar. Bak sauen står ein anna kvit og litt mørkegrå sau
0141
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 03/04/2026
Her og er det lammelår, dog utan tyta, men med søtpotetmos
Eit bord dekka til tre, med eit lammelår, ei skål søtpotetmos, sausenebb, brus pluss pluss
100
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 29/03/2026
Då har Kosen og Sinnataggen begge fått tvillingar. Og lammetalet er oppe i seks stykk.
150
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 28/03/2026
Det kjem seg 😅🥰 du og!!
140
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 28/03/2026
Kløver-Lilja prøver HARDT å få merksemda mi... Trur ho vil ha kraftfor
Ein brun sau nappar i buksebeinet mitt
160
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 28/03/2026
#Dyremandag på ein laurdag. Lillemor har fått eit saulam. Namnet gir seg sjølv: Tuppen. Nesten lika stort og nett lika fint som Kåre Johnny. Som forøvrig har funne seg kvileplass i forgangen.
Ein sau står på talle, foran står eit svart og litt kvitt lam. Ein smilande bonde held eit svart og kvitt lam.Eit svart og litt kvitt lam ligg i forgangen og kviler i maten. Ein sau strekker hals for å få tak i nett det strået ho har lyst på
170
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 26/03/2026
#Dyremandag på ein torsdag. No er våren komen til Uskedalen og årets første lam kom i dag. Ein fin vær. #JustFarmerThings #LivetPåLandet #Vår #Villsau 😍🤩😍
Eit svart og litt kvitt lam står foran mor si og resten av flokken. Sauemamma ser skeptisk på fotografen. Ein glad bonde held eit svart og litt kvitt lam med rosa snute. Ein kjempeglad bonde held eit lett skeptisk lam
4243
Wermund @doublewsinglev.bsky.social · 19/03/2026
Oh yes! Og bare vent. Om ca 14 dagar skal eg TOTALT spamme dykk med bilete av nokre VILLT søte villsaulam. Dei tre flaskelamma Bruno måtte nok på slaktebilen. Vær med dårleg hornstilling 😭 Abbæth (nr 2) er def preggers med iallefall eit lam Kløver (fremst) har ikkje vore til vær.
Ni villsauer som står i ein sauegarde. Det er trespon på gulvet. Alle sauene unntatt to står med hovudet inn i forgangen og et.
170