Sign in

Ingebjørg E. Nondal

@inondal.bsky.social
165 followers 220 following 150 posts

Norsklærar med ADHD som brenn for delingskultur og styrkebasert tenkesett. Jobbar i NDLA. På fritida driv eg med heilårsbading, yoga og sprint for masters/veteranar. 🔗Aktiv på LinkedIn: linkedin.com/in/nondal

PostsRepliesMedia
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 30/08/2026
I går var eg i 40-årsdag med kjepphestkonkurranse på programmet. Ein av mine kjepphestar er at ein bør gjere meir av det ein blir glad av. Eller sagt med LinkedIn-språk: Vi må skape rom for å aktivere styrkar, gå ut av komfortsona, og lage rom for å frigjere potensial. 🚀 Kva er dine kjepphestar?
Eg hoppar med ein kjepphest over ei stang som er lagt over to stolar som står på ein grusbane. Eg har på meg blomstrete skjørt og gul tskjorte, har håret i hestehale, smiler. Er ute, grønn fotballbane i bakgrunnen.
0110
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 13/08/2026
Dersom du treng noko å le av, kan eg by på denne: Sånt som dette er grunnen til at folk ikkje bør bade aleine. Kor praktisk er du på ein omvendt skala frå veldig til ein som trur det er heilt naturlig at det står ein stige opp frå brygga i staden for ned i vatnet?
6444
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 28/07/2026
Det har vore mykje snakk om Odysseen i sommar, men sjå kva eg nettopp fann i ei bokkasse etter far min! «På norskt ved Arne Garborg»
Innsida av Arne Garborg si omsetting av Odysseen. Venstre side er ein illustrasjon av den aarvake Eos. På høgre sida er teksten: 
Homer
Odyssevskvædet

Kristiania 1919
010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 10/07/2026
Sommar i P2 med Finn Schøll 😭🌈 radio.nrk.no/podkast/somm...
radio.nrk.no
Finn Schjøll - Sommer i P2 - NRK Radio
Han ble kritisert av unge skeive, men elsket av foreldrene deres. Veien til pride var lang for hele Norges «Blomster-Finn».
010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 28/06/2026
- Skap er til klær, ikke til mennesker, skriv Cathrine/Torben Dyhr Nielsen i boka «Kunsten å ikke passe inn». Dette er kanskje årets viktigaste bok. 🌈🏳️‍⚧️
030
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 27/06/2026
Å anerkjenne at transpersonar finst, er ikkje ein ideologi! 🌈🏳️‍⚧️
091
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 26/06/2026
Eg ELSKAR at Tete Lidbom har på seg skjørt i VM-sendinga. Det er varmt, så eg forstår han godt!
TV-skjerm som viser NRKs VM-sending frå Ullevaal stadion. Programleiar Tete Lidbom står ved eit bord saman med to andre programleiarar framfor eit fullsett stadion. Tete har på seg ei raud Noreg-drakt og eit langt svart skjørt.
000
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 23/06/2026
Er du lærar som har stupt inn i ferien og treng ein mjukare overgang til fri? Sjekk KVV-podden, Kvinnherad vidaregåande skule sin fornøyelege fest av ein podkast! Dette er rasande kjekt, altså! 🎉 Kudos til Kvinnherad vgs og @lektorbjorgen.bsky.social podcastportalen.no/podcast/utda...
podcastportalen.no
KVV-podden | Podcast Portalen
KVV-podden – norsk utdanning-podkast. Hør alle 8 episoder gratis på Podcast Portalen, nyeste fra 7. juni 2026. Podcasten med, på og av Kvinnherad vidaregåand…
011
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 20/06/2026
Veldig stas med Pride på Husnes, og veldig kjekt å møte både @doublewsinglev.bsky.social og @lektorbjorgen.bsky.social! 🌈
040
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 12/06/2026
«Det kan være vanskelig å forstå hvor mye rommelighet som kan ligge i et flagg, hvis man alltid selv har hatt en selvfølgelig plass.» Glitrande innlegg om pride skrive av stipendiat i utdanningsvitenskap, Helene Wego. www.dagsavisen.no/debatt/skole...
dagsavisen.no
Skolen har aldri vært verdinøytral
Et Pride-flagg i skolegården markerer at tilgang til fellesskapet ikke er betinget, at ingen barns liv skal måtte forklares, forsvares eller tones ned.
091
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 11/06/2026
Det er skikkeleg skummelt å invitere til pridemarkering i ei lita bygd på 330 personar. Men det blei veldig, veldig fint. No heng det eit regnbogeflagg og vaiar i vinden utanfor Gamlastovo i Skare, forsamlingshuset til Skare ungdomslag. 🌈
Eg står på talarstol og held mikrofon. Har ein regnboge på kinnet, perlesmykke i regnbogefargar, kvit t-skjorte med teksten Stolt lærer, rosa jakke og lilla neglelakk.Regnbogeflagget vaiar i vinden utanfor Gamlastovo, forsamlingshuset til Skare ungdomslag.
515010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 09/06/2026
Eg skulle ønske det ikkje var behov for å flagge med regnbogeflagg. Eg skulle ønske vi ikkje trong synlege teikn på at folk er akseptert og høyrer til. Men slik er det ikkje. Eg har tøffa meg, og sendt inn lesarinnlegg om pride til lokalavisa. 🌈 www.hardanger-folkeblad.no/eit-synleg-t...
hardanger-folkeblad.no
Eit synleg teikn på tryggleik og tilhøyrsle
Eg skulle ønske det ikkje var behov for å flagge med regnbogeflagg. Eg skulle ønske vi ikkje trong synlege teikn på at folk er akseptert og høyrer til. Men slik er det ikkje.
1243
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 07/04/2026
Har sett Netflix-serien om Harry Hole. Eg har spørsmål: 1/2Fekk vi vite kva som skjedde med leigebuaren til mor til Aminov? Og kva var greia med mannen til Ane Dahl Torp? Var han berre ein creepy fyr som tilfeldigvis snakka svensk med nokon i taxien? Og kva hadde sykkelmordaren eigentleg på kneet?
100
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 30/07/2025
Kva i all verda er dette her, og korleis monterer ein det? #blueskyhjelpen
010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 20/06/2025
Men aldri så gale at ikkje trekkspel kan gjere det verre?
Skjermdump frå lokalavisa Hardanger folkeblad. Bilete av ein gjeng som spelar trekkspel, med biletteksten: "No startar sommarferien: - Det vert nok litt ymse
010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 31/05/2025
Kan eg plis få lov til å bestemme sjølv når eg vil bruke generativ KI? Det er mykje bra med språkmodellar, men dette AI-søket til Google er berre irriterande.
020
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 01/05/2025
God kampdag! 💪🏻
Legofigurar i 1. mai tog. Paroler:
	1.	Algoritmejaget på LinkedIn er usunt!
	2.	Sharing is caring
	3.	Flaggforbod er angrep på demokratiet!
	4.	Nei til aldersdiskriminering
	5.	MAKE SNILL great AGAIN (både som hovedplakat og en mindre plakat)
	6.	Knus patriarkatet!
	7.	Styrkebasert tilnærming til læring
	8.	Nei til corporate bullshit!
	9.	Evig eies kun det tapte
	10.	NEI til atomvåpen
	12.	NEVRORESPEKT NO!
	13.	Likelønn no
	14.	Nynorsk
	15.	Ja til ein bærekraftig skule!
020
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 29/04/2025
Trur du Jesus ville gått i Prideparade? Det trur eg. Med regnbogeflagg i handa, biologisk nedbrytbart glitter i håret, og ei godt brukt t-skjorte med teksten "Elsk din neste" i regnbogefargar. Eg trur han hadde hatt prideflagg på balkongen heile året. Og så trur eg han hadde stemt SV eller Rødt.
000
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 29/04/2025
🌈 Regnbogeflagget handlar ikkje om politikk. Regnbogeflagget er eit symbol på mangfald, toleranse og likeverd. Eg veit ikkje om det er innanfor å dele lenke til LinkedIn her inne, men eg har skrive litt om kva læreplanane seier om undervisning om kjønnsmangfald. www.linkedin.com/posts/nondal...
linkedin.com
🌈Regnbogeflagget handlar ikkje om politikk. Regnbogeflagget er eit… | Ingebjørg Eitrheim Nondal | 20 comments
🌈Regnbogeflagget handlar ikkje om politikk. Regnbogeflagget er eit symbol på skeivt mangfald, toleranse og likeverd. I læreplanen sin overordna del står det at alle elevar skal behandlast likeverdi...
010
Ingebjørg E. Nondal @inondal.bsky.social · 08/12/2024
#blueskyhjelpen Eg ryddar etter pappaen min, og har tre kassar med videokassettar i U-maticformat eg gjerne skulle fått sett gjennom. Nokon som har tips til korleis eg skal gå fram for å få tak i ein U-maticspelar?
120