Bjarte @bjarte.bsky.social · 30/09/2026Resident Evil var ein kul film som minna meg på korfor det er enkelte typar film eg ikkje likar så godt å sjå på kino. 010
Bjarte @bjarte.bsky.social · 25/09/2026Eg synst heilt ærleg det er aldeles uhøyrd at det går an å kalla bandet sitt noko så urtåpeleg som "...and you will know us by the trail of dead" og samtidig laga eit album som er så uforskamma bra som Source Tags & Codes 120
Bjarte @bjarte.bsky.social · 24/09/2026Vrien balanse mellom behovet for å seia klart ifrå og behovet for å ikkje framstå dramatisk 😶🌫️ 031
Bjarte @bjarte.bsky.social · 23/09/2026Har sett Obsession og er heilt på nippet til å angra på at eg har sett Obsession 130
Bjarte @bjarte.bsky.social · 19/09/2026Spent på kva @nilshenrik.bsky.social tenker om denne bruken av "rå". 110
Reposted by BjarteMikel Reparaz @wikiparaz.bsky.social · 11/09/2026PAUL: What’s in the box? REVEREND MOTHER: Pain. [PAUL hesitantly puts his hand in the BOX, then FROWNS IN CONFUSION. He pulls out A BAGUETTE.] REVEREND MOHER: Hōn hōn, 6276892022
Bjarte @bjarte.bsky.social · 11/09/2026Eg måtte gjera eit lite "from:me"-søk på "indignert" for å sjekka om eg hadde posta dette biletet før. Det TRUR eg ikkje eg har gjort, men til gjengjeld har eg tydelegvis posta ganske mange gongar at eg er indignert over noko. Uansett, her er ein gut som er ørlite indignert over eigen eksistens. 091
Bjarte @bjarte.bsky.social · 11/09/2026Det er FREDAG, og IKKJE BERRE er det fredag! Teksten eg sat med her nå, som var eitt enkelt teikn for lang, viste seg å innehalda eit dobbelt mellomrom, som jo betyr at teksten AKKURAT ikkje er for lang, som jo er HEILT PERFEKT! God helg! 0110
Reposted by Bjartetunes to make you run away @whippoorwont.bsky.social · 07/09/2026"people are anthropomorphizing LLMs because they are so astonishingly good at processing human thought and language" people will anthropomorphize a chair if you put the stitches in the right place. 425174323863
Bjarte @bjarte.bsky.social · 08/09/2026Personen som fann på stadnamna langs Helgelandskysten, må skjerpa seg, for dette blir faktisk for dumt. Ein ting er at Torghatten høyrest ut som eit litt teit hovudplagg, men Gildeskål? Støtt?? Bolga!?!? 020
Bjarte @bjarte.bsky.social · 03/09/2026Eg rakk knapt å komma i gang med godtinga over Guttavibezzz sin motgang, så var dei rett tilbake til den sjukt irriterande medgangen dei nok har opplevd altfor mykje av i livet allereie. Makan! www.rastavanger.no/guttavibezzz...rastavanger.noVestlandshallen gir seg: Tiktokerne får ha cup i BergenTiktokerne mente de hadde inngått en avtale og var klare til å ta rettslige skritt. Nå erkjenner Vestlandshallen at de ikke har grunnlag for å avslutte avtalen. 000
Bjarte @bjarte.bsky.social · 02/09/2026Det er sikkert småleg av meg, men eg godtar meg litt kvar gong Guttavibezzz opplever litt motgang i livet. Måtte dei få oppleva meir av det. 070
Bjarte @bjarte.bsky.social · 01/09/2026*kviskrar stille* AI står ikkje for artificial intelligence, det står for artificial inflation 000
Bjarte @bjarte.bsky.social · 31/08/2026Kunne sverga på at det var Elizabeth Moss som var innom butikken og spurde etter Monin Lavendel nå. Berre litt overraska over at ho snakkar kav bergensk. 020
Bjarte @bjarte.bsky.social · 28/08/2026Og apropos hjartevarmen hans: Noko av det mest fascinerande med kongen er at det verkar som han var elska òg av dei som overhodet ikkje delte det menneskesynet han veldig tydeleg forfekta i talene sine. 030
Bjarte @bjarte.bsky.social · 28/08/2026Eg har ingen enormt store kjensler for kongefamilien, men eg får ein slags melankoli i meg over at ein så stødig og heilt openlyst hjartevarm konge nå er borte, og det i ei mildt sagt uroleg tid i verda. 070
Bjarte @bjarte.bsky.social · 26/08/2026I dag er det jaggu ti år sidan eg og @gunninger.bsky.social gifta oss. Me feirar naturlegvis dagen på kvart vårt heimekontor (og ein ørandes liten tur på fin restaurant etter jobb, då). 190
Bjarte @bjarte.bsky.social · 21/08/2026Ingenting gler meg meir enn å skriva ein søknadstekst der eg framstillar meg som verdas største skrytepave for å søkja på ei stilling der eg konkurrerer med 150 andre skrytepaver INGENTING seier eg 050
Reposted by BjarteJordan Minor @jordanwminor.bsky.social · 13/08/2026South of Midnight is a must-play www.pcmag.com/reviews/sout...pcmag.comSouth of Midnight ReviewSouth of Midnight is a fun and charming action-adventure game that features a beautiful, unique, and tear-jerking world steeped in Southern US folklore. 229581
Bjarte @bjarte.bsky.social · 10/08/2026Gralla med ✨nytt-Phoebe-Bridgers-album-veke✨ til alle som feirar! 140
Bjarte @bjarte.bsky.social · 07/08/2026Tenkte eg skulle byrja å seia jernaktig i staden for ironisk. Viktig å ikkje la seg lura av snikanglifiseringa. 150
Bjarte @bjarte.bsky.social · 04/08/2026Det er faktisk heilt uhøyrd å tenkja på at folk som blei fødde det året Sonic Youth ga ut sitt siste album, nå er nesten myndige 020
Bjarte @bjarte.bsky.social · 04/08/2026Laga meg eit par drinkar for å bli meir modig og frampå i søknadsteksten (etter råd frå søknadskompetent ven). Trur de det er dumrt om dwet er bnokre ord som er feil syavba i teldtemn? 080
Bjarte @bjarte.bsky.social · 04/08/2026Sette meg ned for å skriva ferdig ein jobbsøknad. Gjer nå alle ting eg kan komma på som ikkje inneber å skriva ferdig ein jobbsøknad. 040
Bjarte @bjarte.bsky.social · 03/08/2026I anledning at Viking har eit bisart, men teoretisk høve til å spela fotball mot (lag som til dømes) Real Madrid i løpet av hausten, kom eg til å tenkja på reklameheftet til MX Sport (min barndoms sportsbutikk på KILDEN, min barndoms lokale kjøpesenter) frå våren 1998. 110
Reposted by BjarteLee Hurley @hleehurley.com · 26/07/2026150,000 marched yesterday in London for trans rights. Opened the Sky News app. Scrolled and scrolled. Nothing. BBC News app. Nothing. Guardian app. Nothing. This is what actual silencing looks like. 123119544108
Bjarte @bjarte.bsky.social · 24/07/2026I kveld skal eg sjå Ringens brorskap for første gong sidan eg såg han på kino, og for aller første gong i utvida versjon, mens eg et pizza med nduja og blåmuggost på, så dette blir ein fredagskveld FOR THE AGES 190
Reposted by BjarteGaute B. Skjervø @gautebs.bsky.social · 24/07/2026Dommerens annullering av mål for en dytt under Norge-England er omstridt. NRKs nedleggelse av musikkprogrammer på radio er omstridt. Frank Løke er omstridt. Romantisering av etniske massedeportasjoner er ikke omstridt. Det er svært ekstreme ideer i et globalt ytre høyre-miljø. 126359
Bjarte @bjarte.bsky.social · 24/07/2026Det er faktisk heilt sjukt med NULL LIKES på at naboen har tusja NEI TAKK R. på postkassa for å sleppa å få reklame. 010
Bjarte @bjarte.bsky.social · 24/07/2026PKT ÉIN: D R (snart) HELG PKT TO: Om éi arbeidsveke (og nokre timar) blir eg FRILANSAR og gud hjelpe oss alle korleis skal det gå (det skal nok gå bra) 010
Bjarte @bjarte.bsky.social · 22/07/2026Eg kan ikkje anna enn å beundra innsatsen naboen har lagt inn for å sleppa å få reklame i postkassa. (Namneskiltet elles ser litt KI-prega ut grunna viskelêr-funksjonen eg brukte til å anonymisera.) 010
Reposted by Bjartebadly drawn boo! 🎃👻🧛🏼♀️ @soapachu.bsky.social · 22/07/2026perfect dead drop 10/10 no notes (the shrouds really make this) 1621853525
Reposted by BjarteRevontulet Intelligence @revontuletintel.bsky.social · 22/07/2026Fifteen years after 22 July, the first place many young people turn to for information about the attack is an AI chatbot. Together with Factiverse, we have audited how nine leading AI models handle the factual record of 2011 and the conspiracy theories built around it. 1259
Bjarte @bjarte.bsky.social · 22/07/2026Eg veit ikkje korfor det ikkje har slått meg før nå, men det framstår brått aldeles openlyst at Night in the Woods er eit Mountain Goats-album i spelform. 010
Bjarte @bjarte.bsky.social · 22/07/2026Hausten 2011, då eg gjekk på kveldskurs i fransk i ein liten, trøytt by i Normandie, hadde eg eit rart, nesten litt morbid håp om at nokon av dei andre på kurset skulle spørja meg om 22. juli, kanskje fordi der var fransken min like god som norsken; eg hadde ikkje ord. Men eg tok feil. Me må ha ord. 050
Bjarte @bjarte.bsky.social · 20/07/2026Elskar lukta av "tofaktor-autentiseringa ser ikkje ut til å fungera" om morgonen 030
Bjarte @bjarte.bsky.social · 14/07/2026Cirka midt i bildet her kan de sjå tatoveringsmotivet mitt i det fjerne, men frå motsett side av der Nils Henrik tok bilde frå! 130