Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 8hOm eg har flaks, kan dette gå bra. Og eg kan spare meg for 10000 kr. Moral: Hugs å ta inn høgtrykkspylaren før nattefrosten kjem. 080
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 11hDet er ikkje folk som bur att på bygda som har skapt rentenivået og dei høge bukostnadene i Oslo. Folk på bygda risikerer å ikkje få att den tekniske verdien av huset sitt om dei har råd til å selje det. 100
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 12hRentenivået i USA vi påverke lange lån i alle land, seier dei på Dagsnytt. Lange lån i alle land, foren eder. 020
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 01/10/2026rim, shank, backbore, cup, parametrar til munnstykket på messingblåsarinstrument. Engelsk terminologi har overtatt totalt når det gjeld heilt vanlege musikkinstrument. Det hadde vore kjekt å vite om det fanst ei oversikt over norske namn. 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 30/09/2026Japan har 0,0 % ukvalifiserte lærarar. Sjå til Japan😉 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 30/09/2026Omvendt risikovurdering. Tre enkle spørsmål. Kva kan gå bra? Kva kan vi gjere for at det skal gå bra? Kva kan vi gjere for å auke dei positive verknadene dersom det går bra? 030
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 29/09/2026Det er no litt rart, at i den kommunale skulen har ein fått masterkrav medan ein i kommunen si helsetenesta skal greie seg med så lav fagkompetanse som (ein innbiller seg er) mogleg 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 29/09/2026Ein kan sjølvsagt hevde at å bygge ein 500 meter høg rosa elefant vil gje mange arbeidsplassar innan anleggs- og leverandørindustrien, men kva skal vi med ein 500 meter høg rosa elefant? 023
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 28/09/2026Det er ikkje mange som forsvinn så sporlaust ut av soge og bygdebøker som ugifte dissenterkvinner. 130
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 28/09/2026Eg fann att gleda over naturfilmar på TV i går kveld. Midt under landskampen. Attenborough, villhundar, hyener, leopardar, løver – og krokodillar. 020
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 27/09/2026Rake råsa heim - nokre sekund før dei bestemte seg for at heim skulle dei i alle fall ikkje i dag. I staden skulle vi på synfaring i dalstroka utanfor. Men vi såg no heim att ein augneblink, då. Så ein annan dag, då. Avtale? 0100
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 26/09/2026Dei dummaste bøndene får dei største potetene. Eg trøystar meg med at det hjelp å vente til siste slutt med å ta dei opp. 080
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 25/09/2026Eg veit at Bluesky ikkje er Instagram, men dette toler vi. God morgon🥰 3242
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 24/09/2026Kjøpte meg ein hammar her om dagen. Treng ein hammar eg kan bruke når rg ikkje finn hammaren min. "Wear safety goggels user and bystander", står det på han. I ei verd med Putin, super-el Niño, KI på ville vegar, og Trump sin vilkårlege utspel... Bruk vernebriller😉 050
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 23/09/2026Dei fleste hadde nok brent desse gamle fjølene. I alle fall alle som ikkje veit kvar dei kjem frå. Men dei kjem frå det 70 år gamle huset eg er oppvaksen i, eit hus som for ein stor del er bygt av huset bestefar min, og kanskje oldefaren min var oppvaksen i. 160
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 23/09/2026Document-redaktør Hans Rustad meiner tydelegvis at sanninga finst i minst to likeverdige utgåver. Eg held meg, i alle fall i denne samanhengen, for å vere ein litt meir "Tre akkordar og sanninga"- fyr. 041
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 23/09/2026Ole Helset vart fødd på Averøy i 1699. Dette var i dansketida og Ole var ein kar med ambisjonar. Difor tenkte han at sjansane for ei klassereise auka om han tok eit meir danskklingande namn. 100
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 22/09/2026Kva veit vel eg, men den grønlandavtalen synest å vere tidenes skodebrød, slukt rått av Donald Trump. Berre han ikkje får vondt i magen, no då 120
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 22/09/2026Eg gir opp. Må det vere så vanskeleg? Tek meg ein tur på biblioteket i staden. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 21/09/2026Du kunne ikkje betale deg ut av reklamen for 100 år sidan heller. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 21/09/2026Er det der vi er, at alle reguleringar av KI og "Big Teck", ja næringslivet generelt, er gåvepakkar til Kina? 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 19/09/2026Gamletanta mi, Molla, vart nok minstepensjonist. Ho dokumenterte livet i grenda med fotoapparatet sitt gjennom fleire tiår. Ho var søndagsskulelærar og filatelist. Når ho fekk pakke frå Middelthon var det fest for håpefulle småfilatelistar i den vesle stova hennar. 011
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 17/09/2026Så tankestrek er ut, alltså – så no må desse floffane mine vere ferdig uttenkte på førehand? 020
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 17/09/2026Dagsnytt på Nrk hadde akkurat ei sak om Open AI som har oppdaga fleire tilfelle av urovekkande KI-åtferd. Inga Struhmke vert intervjua. Men ho uttaler seg om dommedagsprofetiane frå m.a. tidlegare Anthropic- tilsette og det heile vart ein underleg lapskaus. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 16/09/2026Ein fin ting med dritvêret er at no er der ein fossekall som held til i ein sildrebekk berre 100 meter frå gangdøra mi. 050
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 16/09/2026Om ikkje anna, så kan det vere greit med teikn på at sola framleis finst attom skyene. 030
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 16/09/2026Speglar kan single og svarte kattar kan krysse min veg så ofte dei vil – eg driv ikkje med magisk tenking, men om eg kjem frampå ei raudstrupe som vippar fjørlett på ein tynn rognekvist og ser på meg… 031
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 15/09/2026Eg trur eg kan love at eg aldri skal sjå Debatten på Nrk fleire gongar. 160
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 15/09/2026I skikkeleg mørke stunder tenkjer eg at vinsten med digitalisering ligg i å overføre plager og tidsforbruk til kundar og brukarar. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 15/09/2026"Det er foreløbig ukjent hvor dronen kom fra" Tatt til orientering 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 14/09/2026Bruce Cockburn har nok nedskalert gitarpelet sitt og røysta er langt ftå det ho var. Men han talar like sterkt til meg som i velmaktsdagane. open.spotify.com/track/3VhxMH...open.spotify.comFare Thee WellBruce Cockburn · The Blood Of Others · Song · 2026 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 14/09/2026Der er ein hake ved det. "Du har ikke prøvd alle fordelene ennå" No er der ein dobbelhake ved det. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 13/09/2026Dette fekk eg ikkje til med mobilkameraet. Lyt nok gjere alvor av å skaffe meg eit nytt skikkeleg kamera. 040
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 13/09/2026"Finn noe morsomt" og forslag til emojiar eg aldri nokonsinne har brukt. Eg har problem med å ta Teams heilt på alvor som jobbverkty. 030
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 12/09/2026Ole Alsing, i fylgje Google si KI-oversikt "beryktet for sitt dårlige rykte". Men at ingen har kome på å lage film om han... Ein kloning av Bør Børson og Donald Trump. Ekstremversjonen. Eigentleg heitte han Ole Helset og var frå Averøya. 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 11/09/2026Skal tru om den tida eg har brukt på å finne ut om ting er "KI" er lenger enn tida eg har spart på å bruke KI. 011
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 11/09/2026Pendelen snur. Det gjer han alltid. Men det er ikkje dermed sagt at ein må slå ut barnet med badevatnet kvar gong. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 10/09/2026Då fylket endelég hadde fått bygd den gang og sykkelvegen, var der ingen heime lenger. Skulen var nedlagd og hadde flytta til meir sentrale strok. 040
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 09/09/2026Noreg har no allereie president så god som nokon, så akkurat det er vel ingenting å stresse med. 010
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 09/09/2026Men av og til er KI ubetaleleg. Som når "noko vondt" vert omsett til Nord- Korea" 130
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 09/09/2026Ein føler seg nesten supersolidarisk når ein betaler i dyre dommar for straumen fordi det ikkje regnar samstundes som det regnar heile tida. 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 08/09/2026Brassbandøving, notar og greier i går kveld. Restitusjon no. audio.com/per-gunnar-s...audio.comRestitusjon | Music by Per Gunnar Sætre | Listen on audio.comPlay Restitusjon by Per Gunnar Sætre on audio.com and discover something new. Listen tracks or upload your own audio files for free. 130
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 08/09/2026Katastrofale Pisa-tal, men karaktersnittet endrar seg lite. 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 08/09/2026Kvar plasserer FN si menneskeretterklæring seg i det politiske landskapet, skal tru? 000
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 06/09/2026På nett ligg kalkulatorar som reknar ut kva t.d. ei 1966-krone tilsvarer i dag. Men skal tru kva ein 1966-overassistent tilsvarer i dag. 000
Reposted by Per Gunnar Sætre𝕯𝖆𝖓🍂🎃🕸️ @arepublic86.bsky.social · 05/09/2026Charlotte Wainwright restoring and saving old/ancient books. www.wainwrightbookbinding.com 521190855432
Per Gunnar Sætre @bandanders.bsky.social · 05/09/2026Dette spørsmålet kan nok tolkast på to måtar, men likevel, kva er den mest truverdige KI-dialekten? 000