Sign in

NON-TOXICNo ads · No shady algorithms

iiinova is part of the Atmosphere — an open, public network where you own your identity.

Åsmund

@agjare.eurosky.social
743 followers 499 following 2.4K posts

Bur i Stavanger, matematikklektor på Strand VGS, utdannar matematikklærarar på si, PhD, skriv nynorsk. Grøn. 'an/'an

PostsRepliesMedia
Åsmund @agjare.eurosky.social · 25/10/2026
Restefest med halloumi og kimchi på brødskiva til lunsj. No har woke gått for langt.
Nærbilete av brødskive med steikt halloumi og kimchi.
280 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 25/10/2026
Credit @tommysiegel.bsky.social
Teikneserie med fire ruter som ironiserer over folk som klagar over at mainstream media hjernevaskar deg, nedan dei sjølve er langt inne i algoritmeboblene sine på milliardærstyrte og/eller fascistiske sosiale media.
0216 21
Åsmund @agjare.eurosky.social · 24/10/2026
Sørmarka
Ein koloni av lysebrune soppar i ei sprekk mellom tre gamle trestubbar med mose på.
000 0
Åsmund @agjare.eurosky.social · 24/10/2026
Pling @gjoekeneskonge.bsky.social
140 4
Åsmund @agjare.eurosky.social · 24/10/2026
Botanisk hage i Stavanger 🍁
Eit tre fullt av raude blad, med ein knallraud benk under. Det er ein grussti med mange daude blad under. Hauststemning.
190 9
Åsmund @agjare.eurosky.social · 23/10/2026
Eg spør igjen: har me eigentleg spurt Frankrike om dette er greitt? Ser for meg at ei slik nasjonsfornærming kan utløyse diplomatisk krise
030 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 17/10/2026
Dette var nytt 🟧🟦
Eliteserien 24. runde: Kristiansund 1 Aalesund 4
000 0
Åsmund @agjare.eurosky.social · 17/10/2026
Alle: Butikken ... Arne Brimi:
Profilbilete av ein fotballspelar. Det står nummeret 11, og namnet Bytyqi
0102 10
Åsmund @agjare.eurosky.social · 17/10/2026
Høhø
Utklipp frå NRK. Det står: 

– Joda! Det er nok den villeste viltsmaken du har smakt.

Det sier Morten Berger, som har spist bever på restaurant flere ganger.
220 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 08/10/2026
- hadde opprørarane fått tak i atom-isotopane, hadde dei lukkast - hadde det ikkje vore for at Chet skulle kjøpe buktalardokke, hadde me aldri kome på sporet - heltane fekk medalje frå den cubanske regjeringa - Chet fekk ein heil familie med Hugo-dokker og fekk avslutte med nokre velvalde ord
Siste side i boka. Chet (via ei Hugo-dokke) har siste replikk:

"Hvem bryr seg vel om diamanter? Når skal vi spise?"
130 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 08/10/2026
Etter ein kraftig og velsmakande frukost leiger dei fire ein ny båt og legg ut på jakt etter øya nord for Punta Cabezona. Dei finn øya og går i land, men vert jaga av hylande innfødde som ser "uhyre blodtørstige" ut! 😱 Er det kannibalar?? (Her kunne mr. Dixon skrudd ned rasismen eit hakk eller to)
Utdrag frå boka, med stereotyp og rasistisk skildring av innfødde folkeslag på karibiske øyer.
120 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 06/10/2026
8 SPANSK KODE Eg sparar dykk for eit strekk med oppsamling av trådar, og me finn gutane heime hos fru Hardy, der dei får deilig løksuppe med rista franskbrød til. Så går dei laus på koden i bruksanvisninga, som sjølvsagt blir kjapt knekt. Diamantane er i dokkehovudet! (Duh, det visste me jo 🙄)
220 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 06/10/2026
Dei kan flyge ein kort tur til nærmaste flyplass for reparasjonar. Medan dei ventar, går dei inn i ventehallen der. Der ser dei ein latin-amerikanar som lyttar til musikk frå ein liten platespelar. Joe dansar litt og seier "hot calypso!" Dette var tilfeldigvis kodeordet latin-amerikanaren venta på!
110 1
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Ho går i stykker, og ut av augene trillar...diamantar! 💎 Uslepne, men Frank kan sine steinar. Kva gjer dei no? Joe prøver å nå faren på kortbølgja, men får ikkje svar. Dei må greie seg sjølve. Så ringer telefonen: Jack (flyinstruktøren frå kap. 1) har sett campingvogna til Den store Hugo!
130 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
3 ET VELLYKKET NUMMER Ingen skulle klå gutane, det var berre Chet som øvde på stemmer og spelte dei eit puss 🙄 Chet vil nemleg bli buktalar, og tenker å kjøpe den beste dokka, Hugo, som har orientalske klede. VENT NO LITT, kan det vere at det er DENNE Hugoens turban me er på jakt etter?? 🤯
150 5
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Chet vil at dei kjem straks. Der møter dei Chets syster Iola (Joes flamme) og venninna Callie (Franks flamme). Ingen tid til romantikk, dei går ut i låven for å treffe Chet. Der overhøyrer dei ein dramatisk samtale! Kven er det som vil "klå Hardy-guttene så de husker det"? 😮
Utdrag frå boka
130 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
2 EN MISTENKELIG CAMPINGVOGN Gutane endar bundne i eit kratt medan skurkane pakkar saman og stikk av. Frank og Joe kjem seg laus og køyrer etter, men finn ikkje spora av Hugos bil eller campingvogn. Når dei kjem heim, ringer telefonen. Det er Chet Morton, Frank og Joes lubne og matglade venn.
130 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Dei bestemmer seg får å bli spådd av Den store Hugo for å undersøke nærmare. Dei blir møtt av Abdul, Hugos svære assistent/vakt, og får sleppe inn til spåmannen. Men så! Under seansen prøver Abdul å stele lommeboka til Frank! Det blir basketak, og gutane ender med svarte hetter over hovudet! 😱
140 4
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Handlekraftige som dei er, ringer dei rundt til dei tre i Bayport med Hugo til etternamn. Dei to første er bom, men den tredje set gutane på sporet: kan det vere spåmannen Hugo det er snakk om? 🔮Ein telefon til politimeisteren (som dei kjenner personleg) stadfestar at denne Hugo er ein tvilsam type!
Utdrag frå boka. Frank og Joe ringer rundt, med moderat hell.
120 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
OK, etter moderat positiv respons blir det bokreferat, kapittel for kapittel, av HARDY-GUTTENE OG SKJELETT-GÅTEN! Eg les fem kapittel om dagen. Eit notat på innsida av omslaget fortel at boka er kjøpt av eldre familiemedlemer i 1987, men kolofonen gir sørgjeleg lite info om publikasjonsår m.m.
Framsida av boka Hardy-guttene og skjelettgåten. Boka har ein teikna illustrasjon med ein mann som signaliserer med ein spegel, og ein ung mann som ser på frå litt avstand.Kolofonen for boka med originaltittel: The ghost at skeleton rock, oversatt av: Arnold Jacoby, ISBN: 82-511-0208-1 og trykkeri: Engers boktrykkeri, Otta.Første kapittel: En merkelig beskjed
6193 19
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Fann samlinga av Hardy-gutane heime hos mor og far. Noko usikkert om 41 år gamle meg ser dei same kvalitetane i denne litteraturen som 12 år gamle meg. Då er spørsmålet: Skal eg lese dei 19 kapittela og referere den neglebitande spenninga på Bluesky? (Eg les så du kan sleppe)
471 7
Åsmund @agjare.eurosky.social · 05/10/2026
Få ting som gir deg kjensla av heime som aromaen av neglelakkfjernar når du opnar ei pærebrus
060 6
Åsmund @agjare.eurosky.social · 04/10/2026
Denne helga har me køyrt gjennom skogane i Agder og Telemark og vidare opp Gudbrandsdalen. Og folkents, Noreg har kledd seg i haustfargar og det er faktisk knallfint. (Kona sine bilete)
Landskap i haustfargar Landskap i haustfargar, med ein gard midt i biletet
060 6
Åsmund @agjare.eurosky.social · 02/10/2026
Dette slår KI-plakatar så ekstremt langt ned i støvlane
Plakat for korrekruttering med clipart frå Windows 95 eller noko
090 9
Åsmund @agjare.eurosky.social · 27/09/2026
Petter Smart er ueinig
Rute frå Skrue McDucks liv og levnet av Don Rosa, på originalspråket (engelsk). Eit skilt på gata seier "Ratchet Gearloise, Water purifying pills". Petter Smart står på gata og snakkar med ein musfornøgd kunde som har smakt på det reinsa vatnet. Skrue går bort frå scena med ryggen mot Petter Smart.
040 4
Åsmund @agjare.eurosky.social · 26/09/2026
Jusen er jo dritgod, men prikken over i-en må vere at det er bær frå Sogn og Fjordane (!)
Ein kartong Sunniva Eple & Bringebær med bær frå Sogn og Fjordane
120 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 26/09/2026
Nøtteliten i aksjon
000 0
Åsmund @agjare.eurosky.social · 26/09/2026
Var i Rogaland arboret og legger herved ut eit flott eksemplar av typen furu til ære for @gjoekeneskonge.bsky.social Pluss litt andre haustgreier og eit fint ekorn!
130 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 18/09/2026
031 3
Åsmund @agjare.eurosky.social · 10/09/2026
PISA-resultata for dei nordiske landa. Same trend, ulike læreplanar og regjeringar. Kanskje leite etter andre forklaringar?
Fem linjediagram i same koordinatsystem som viser PISA-resultata for dei nordiske landa 2002-2026. Alle fem linjene viser tydeleg nedgang etter 2018.
010 1
Åsmund @agjare.eurosky.social · 09/09/2026
To legender på Blusky. May you live long and prosper with the force.
To Bluesky-postar, ein der George Takei minnast oppstarten av Star Trek for 60 år sidan, og sidan Mark Hamill som svarar "Happy anniversary"
051 5
Åsmund @agjare.eurosky.social · 02/09/2026
Markens grøde
Ein pallekarm med jord og ei stor bøtte med poteter i.
150 5
Åsmund @agjare.eurosky.social · 01/09/2026
Kungen har sendt kong Haakon TELEGRAM og eg er uforholdsmesdig begeistra over dette
Utklipp frå NRK. Kong Carl Gustaf i telegram til kong Haakon: Et hardt slag har rammet Norge.
120 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 27/08/2026
Kart over Great Lakes med hugseregelen Lisa Likes Licking Lettice Lightly. Humoren ligg i at alle sjøane begynner med Lake.
010 1
Åsmund @agjare.eurosky.social · 22/08/2026
At det var sa du? 🫪💀💸
Ein palle med tranflasker på ein Mega-butikk. Prisen er 282 kroner for naturell og 325 kroner for sitronsmak.
480 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 20/08/2026
Rebus. 100 mattenerdpoeng til dei som veit kva dette er!
Først talet 2,7, så visast to bilete av Henrik Ibsen, til slutt ein rettvinkla likebeint trekant med storleiken på vinklane (45, 90, 45) notert.
440 4
Åsmund @agjare.eurosky.social · 08/08/2026
Kva er det utruleg at ikkje alle har?
VG har bilde av komikaren Magnus Devold og overskrifta: - Utrolig at ikke alle har en
210 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 04/08/2026
Er på #Sørlandsbanen. Toget er kraftig forseinka. Ein problemfylt time. I gode Vennesla.
Togstasjonen i Vennesla.
081 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 03/08/2026
Sjangeren du ikkje visste at du (ikkje? Set inn det som passar) trengte: Tyske fotballrelaterte vintage-LPar!
LP-en Buenos dias Argentina - Üdo Jürgens und die  Fußball-Nationalmannschaft für die WM '78.WM-erinnerungen 1954-1970. Höhepunkte der Fußball-Weltmeisterschaften. Original-reportagen von... (og så ein masse namn)Manni, der Libero. Original-Filmmusik aus der gleichnamigen TV-Serie.Baksida til Argentina-VM--LPen. Her stpr bangers som Buenos Dias, Argentina; Elfmeter og Er hält der Ball!
381 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 01/08/2026
Liker Nederland altså
Koseleg bygate med blomar og eit spir i bakgrunnen, og ein fargerik luftballong på himmelen.
090 9
Åsmund @agjare.eurosky.social · 01/08/2026
Versjon med alt-tekst
My world, my Earth, is a ruin. A planet spoiled by the human species. We multiplied and gobbled and fought until there was nothing left, and then we died. We controlled neither appetite nor violence; we did not adapt. We destroyed ourselves. But we destroyed the world first. There are no forests left on my Earth. The air is grey, the sky is grey, it is always hot. It is habitable, it is still habitable—but not as this world is. This is a living world, a harmony. Mine is a discord. You Odonians chose a desert; we Terrans made a desert…. We survive there, as you do. People are tough! There are nearly a half billion of us now. Once there were nine billion. You can see the old cities still everywhere. The bones and bricks go to dust, but the little pieces of plastic never do—they never adapt either.
000 0
Åsmund @agjare.eurosky.social · 01/08/2026
Ursula K. le Guin, The Dispossessed, 1969. Spikaren på hovudet. Trenden var tydeleg for dei som ville sjå for nesten 60 år sidan óg.
122 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 30/07/2026
Dei må jobbe litt med grammatikken enno, då, men får for forsøket.
Ei nederlandsk bok med tittelen In eigen hand
050 5
Åsmund @agjare.eurosky.social · 30/07/2026
Nynorsk er eit internasjonalt språk!
Skilt i eit nederlandsk bibliotek som seier sport & spel
181 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 29/07/2026
Er me eigentleg heilt sikre på at nederlandsk er eit ekte språk, ep. 297
Ei hotellmarkise der det står eten, drinken & slapen
281 8
Åsmund @agjare.eurosky.social · 29/07/2026
RIP Glen Hansard
120 2
Åsmund @agjare.eurosky.social · 27/07/2026
Fare for... brassespark?
Eit rart fareskilt som ser ut til å vise ei bru med ein person som flyg over, liggande på ryggen
2100 10
Åsmund @agjare.eurosky.social · 26/07/2026
Museumsjernbaner i UK er eit eige fenomen. Koselege gamle stasjonar og skikkelege damplokomotiv. Gåvebutikkane og pensjonistane som driv dei er like overalt (og dei blir alltid like forbløffa av kortbetalingas mysterier). Verda går litt saktare på slike stader.
240 4
Åsmund @agjare.eurosky.social · 25/07/2026
Ei dør i skogen. Kor leier ho hen?
Ein grusveg i ein skog. Midt i biletet er ein solid og tjukk bogegang i grå mur, med ei gammal gråblå tredør i. Det er ingen veggar rundt bogegangen, den står for seg sjølv i skogen.
4160 16
Åsmund @agjare.eurosky.social · 22/07/2026
Londons kulaste bokhandel: Word on the water.
Ein kanalbåt som ligg fortøyd, full av bøker, pynt og krimskrams. Folk går og kikkar i kassene.
120 2