Sign in

V-🐻

@vebjorn.bsky.social
455 followers 513 following 2.1K posts

Målmann av legning, flisespikkar av utdanning, benkevarmar av lagnad. Ja til væpning av Språkrådet. Signe ballen. 📍 Sogn og Fjordane, Guds eige og evige fylke

PostsRepliesMedia
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 10h
Forby pervoklokker. Forby dei i dag.
010 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13h
Målsak OG rekneskapsføring i ein og same jobb? Dette må no vel vera ei draumestilling for alle oppegåande menneske som av uforståelege grunnar sit fast der inne i Oslobygda. www.nm.no/kalender/sok...
nm.no
Utlysing av stilling: Økonomi- og administrasjonsrådgjevar - Noregs Mållag
Tid: 25. oktober 2026Arrangør: Noregs MållagSjå heile kalenderenSøknadsfrist er 25. oktober! Er du økonom med hjarte for nynorsk? Noregs Mållag søkjer etter ein allsidig, kreativ og fleksibel person s...
000 0
Reposted by V-🐻
Per Ståle Honning @superstaale.bsky.social · 16h
Sylvi Listhaug hygger seg mens en munter Dag Inge Ulstein peker ut en sårbar minoritet de skal ofre til Mammon etter valget (2026)
0719 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
Jau, ein ting til: Enn kor mykje Tripic hadde fortent å spela på landslaget, har eg ofte tenkt det er like greitt han heller får kvila. Men det slår meg at verda vert snytt for kombinasjonen av to galne lyngdøler på ein gong. Tenk for ei høgreside med Tripic og Ryerson. Halloweenstemning året rundt!
010 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
Eg veit ikkje meir kva eg skal seia, so eg seier berre: Signe ballen! Signe ballen noko so inn i det aller inderlegaste!!
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
Klart, det er vanskeleg å la vera å tenkja på korleis det kunne gått i kvartfinalen mot småbritane og namnebror til Paul Kane dersom dei hadde fått bryna seg på Zlatko Tripic. Kanskje kunne Olise fått helsa på overmannen sin allereie i semifinalen i VM. Men eg skal la det liggja no. For 3–3!!!!!!!!!
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
Men at Zlatko Tripic – han som ikkje var god nok til å vera med på B-landslaget som møtte Olise og L'Equipe d'Escargot i VM – til dei grader skulle overstråla Olise og Lederhosen Allstars i Meisterligaen …
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
På landslaget har me jo faktisk eit par verdsstjerner og nokre andre anerkjende utanlandsproffar. Det høyrest sjukt ut å leika Brasil mot Brasil, og det ER sjukt òg, men det norske laget var likevel fullt av spelarar med erfaring frå Arsenal, Manchester City osb.
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
I sumar tenkte eg det måtte vera noko av det sjukaste nokon gong å sjå norske fotballpjokkar spela 'ein mann i lånå' på motsett banehalvdel i sluttminutta mot Brasil i VM. Men so diskar Viking opp med dette greiene her. 2–0 til pause mot Bayar'n Mynkjen. 3–3 til slutt. Herliga London!
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 14/10/2026
Eg kjem ikkje over fotballkampen i går. Eg kjem berre ikkje over det.
100 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
Mmmm, kan eg få dette i flytande form? Med isbitar og ein limebåt oppi?
010 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
Og Zlatko Tripic, då. Kan nokon snart reisa den statuen i reint gull?
000 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
(Nei, ikkje oppleving som i at eg var der. Dette var meir enn enormt nok å sjå i stova heime.)
100 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
Djevelen låg naturlegvis på lur i andre omgang. Men likevel! 3–3 mot det som vel må vera det sterkaste laget noko norsk lag nokon gong har møtt. Som jamvel skulle hatt raudt kort lenge før. Og der Viking var nære ved å ta alle tre poenga på slutten. For ei enorm oppleving.
110 0
Reposted by V-🐻
Dag Idar Jøsang @dagidarj.bsky.social · 13/10/2026
Den euforidreparen VAR er etter målet til Herman Haugen - når dommaren skal stå og halde seg til øyret. Hatar det.
0181 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
Herredude, for eit aldeles sinnssjukt (og morosamt!) spel fotball er. Sjølv om det sikkert ryk fort no i andreomgangen. Tenk at Guds eige Viking leier til pause mot det beste laget i verda. MED TO MÅL.
130 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
For drygt tre kvarter sidan forklarte eg for ein ung og håpefull at jau då, alt går an, til dømes at det byrjar å snø krembollar oppover, men at det ikkje er so sannsynleg. Men no?! Kva i ALLE DAGAR skal eg seia no?????
100 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 13/10/2026
KVA ER DETTE FOR NOKO KVA I ALLE DAGAR ER DETTE FOR NOKO
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 11/10/2026
Det hadde vore både verdig og rett.
010 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 11/10/2026
*Staupvinnarstaupet
141 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
Sånn elles gjer eg dykk med dette merksame på at i morgon er me alle nordmøringar. Måtte hell og lukke fylgja heile Noregs Kristiansund!!
000 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
bsky.app/profile/vebj...
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
Arild Østbø. For ein mann! 😍
110 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
I so fall skal karakterskalaen vera sirkulær og gå frå «men i fakerten!» til «kjære kyrkjefolk!» og tilbake.
040 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
Ja, noko anna vil overraska meg. Og igjen kan ein saktens spørja kor store underverk det tverrfaglege temaet har hatt for den psykiske helsa. Eg mistenkjer at dei hypotetiske tverrfaglege temaa «byggja tretopphytte» og «samla på fine pinnar og steinar» ville gjeve betre resultat.
000 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 09/10/2026
Inni meg er der to ulvar. Den eine er logrande mild og ynskjer å vera like tolmodig og miskunnsam som deg. Den andre har lyst til å snerra «Å JA VEL, JA, antisidemålsnoldusar, vis meg kvar eg finn den separate læreplanen i det frittståande skulefaget sidemål» gjennom nykvessa, samanbitne hoggtenner.
000 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
⁴(Eit morosamt apropos her er at venndiagrammet over folk som krev [kjepphest] som eige fag i skulen, og folk som trur sidemål _er_ eit eige fag i skulen, er bortimot ein rein sirkel.)
280 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
eksisterande rammer, og nokre gode føremål kan me truleg oppnå ved å gjera det same som før på ein litt annleis måte, utan at kravet skal vera å overbelasta elevane og skuleverket med endå eit nytt dag, og utan å trakka eit språkleg mindretal ned under dekke av å betra den psykiske helsa deira.
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Igjen: Eg skjønar at ikkje alle gode føremål alltid kan snikstappast inn i skulen ved å tematisera det i eksisterande fag, på same vis som korkje døgnet eller skuledagen har timar nok til alle tenkjelege «[kjepphest] bør vera eige fag i skulen»-fag. Men det går an å prioritera innanfor
140 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
både la indirekte betre til rette for god psykisk helse ved å vera variert i innhald, avgrensa i omfang og mindre prestasjonsorientert i form, OG la direkte til rette for betre psykisk helse ved å tematisera det i relevante samanhengar i ulike fag når ulike delemne har relevans for psykisk helse?
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Lat oss overføra den same tankegangen til psykisk helse: Er det til det beste for den psykiske helsa at elevane får eit eige psykisk helse-fag, der dei tileigna seg meir teoretisk kunnskap om psykisk helse? Eller ville det kanskje vore betre å innretta den eksisterande skulen på ein måte som
160 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Legg de merke til korleis «sidemål som eige fag» _ikkje_ er ein del av løysinga her?⁴ Sidemål er og bør framleis vera ein essensiell del av norskfaget. Eg er tilbøyeleg til å meina at det vert brukt for lite tid til sidemålsopplæring, men ikkje at det skal løysast med å auka samla tal på norsktimar.
140 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
1) Sidemålsopplæringa må starta tidlegare. 2) Elevar som er undereksponerte for sidemålet sitt (oftast bokmålselevar), må få møta det og bruka det _som ein del av den ordinære undervisninga i andre fag_. 3) Lærarstudentar må setjast i stand til å undervisa i _og på_ nynorsk i alle fag.
180 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Lat meg bruka ei av mine eigne hjartesaker som døme til slutt: Sidemålsopplæringa fungerer per i dag berre sånn passe. Ho er naturlegvis viktig prinsipielt, praktisk, politisk og kulturelt – men langt frå alle bokmålsmisbrukarar lærer sidemålet sitt fullgodt. Eg meiner løysinga på det er tredelt:
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Eg trur ikkje at elevane nødvendigvis hadde vorte dårlegare i matte av det heller. Dei har ikkje akkurat vorte mykje betre av å auka og auka timetalet i matte dei siste tiåra. Tvert om er eg freista til å mistenkja at breiare fagleg stimulans kunne gjort elevane betre i somme fag dei fekk mindre av.
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Då måtte me ha flytta ein del årstimar og mykje økonomiske ressursar frå skrivebordsfag til praktisk-estetiske fag. Me måtte tort å avvisa «pjivatøkonomi må væje et eget fag»-gnålet og heller styrkt t.d. musikkundervisninga på kostnad av matematikken.
170 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Her er ein ellevill tanke: Kva om den psykiske folkehelsa avdeling born og unge er skrantande fordi elevane har for mykje skule – og for mykje teoretisk skule? Kanskje det kunne hjelpt å læra å kveda, klatra, klimpra, lafta, rafta, hekla, skoga, grava, dyrka, karva, spinna?
1153 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Ta lesing som døme. Ikkje berre har det langt på veg sitt eige fag i form av norskfaget, det er òg ein sokalla grunnleggjande dugleik som alle elevar skal læra i alle fag. Korleis synest me at det går på denne fronten igjen?
190 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Eg seier ikkje med dette at eit fag må vera vellukka for å ha ein rettkomen plass i skulen, og eg seier ikkje at ikkje ein kan læra noko av å ha noko som eit eige fag. Eg berre seier at «dette hadde vore nyttig om alle meistra»-argumentet åleine ikkje bør kvalifisera til å oppretta nye skulefag.
160 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Korleis synest du det går med dette opplegget, sånn alt i alt? Ikkje meir enn sånn passe? Kva er det då som får deg til å tru at folk vil få god psykisk helse av å ha faget «ha god psykisk helse»?
190 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
¹mat og helse ²norsk ³matematikk
150 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
Lat meg utdjupa litt: Skulen er allereie full av fag som skal bidra til at me oppnår gode føremål. Til dømes har me, om enn lett parafrasert, faga «kunnskap om og utøving av sunt kosthald»¹, «bli eit danna og oppegåande menneske»², «ver i stand til å rekna ut kva lån og kredittgjeld kostar deg»³.
180 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
I høve Mental Helse Ungdoms ferske metamorfose til Civita-larvestadium er det på tide å repetera nokre meir generelle kjensgjerningar: 1) NEI 2) ME TRENG IKKJE FLEIRE FAG I SKULEN 3) HJARTESAKA DI KJEM IKKJE TIL Å VERTA LØYST AV Å FÅ EIT EIGE FAG I SKULEN
2317 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 08/10/2026
«Corporate needs you to find the difference between this picture and this picture»
Antisidemålskampanje frå Mental Helse UngdomUtklipp frå det legendariske «nynorsk fører til frustrasjon, dropout og kriminalitet»-utspelet frå Hedmark Frp i 2013
051 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 07/10/2026
Firda driv og firdar seg igjen
FØRDE ER IKKJE PARIS: Denne artikkelen handlar om å lokke folk frå utlandet til Jølster. Korkje politikaren frå Jølster eller journalisten som bur i Jølster orka å reise til Jølster, så det blei Nynorskhuset i Førde. Som vi heller ikkje fekk til å likne noko ein ser i Paris. Foto: Einar Lundsør
060 0
Reposted by V-🐻
Nils Henrik @nilshenrik.bsky.social · 06/10/2026
Den Norske Belsebub
DNB skal øke bruken av kunstig intelligens - kutter 400 årsverk
131009 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 05/10/2026
KI-graps
000 0
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 05/10/2026
God Jon Fosse-dag! bsky.app/profile/vebj...
010 0
Reposted by V-🐻
Eirik Helleve @jymbre.bsky.social · 05/10/2024
God Jon Fosse-dag til alle andre som feirar!
2125 0
Reposted by V-🐻
V-🐻 @vebjorn.bsky.social · 05/10/2023
Noreg har slått Norge 100–0 i litteratur! Norge – pampers ødeland! Dag Solstad, Unni Lindell, Kjell Hallbing, Anne Ragde, Aune Sand, me har slått dei alle saman! Erna Solberg, eg har ein bodskap til deg midt under habilitetsskandaen: Pjokkene dine e' flabbet til med tutlesnasken! Pjokkene dine e' fl
0124 0