Sign in

NON-TOXICNo ads · No shady algorithms

iiinova is part of the Atmosphere — an open, public network where you own your identity.

'n Beingard 🎃

@tjabergnissen.eurosky.social
1.7K followers 196 following 5K posts

46 snodige ikønn som sit på skuldrene til kvarandre inni ein heteronormativ frakk | Autist & slikt | Ikkje-bynær ikkje-binær | Gift med @ciamartinsen.bsky.social | Kastar pod i @nitteritte.eurosky.social) | 🇺🇦🇵🇸🇬🇱 | Ingen er fri før alle er fri 🏳️‍⚧️🏳️‍🌈 | 'n/'n

PostsRepliesMedia
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 21/10/2026
Mektige Dotter og Bæssmor har gjort seg ein bondegard i lag. Her held dei vanlege odalshusdyr som katte, høne, piggsvin, firfisle, einhyrning og troodon.
Ein bondegard gjort av utklippa papir. Det er to menneske, eit hus, ein åker, ein hane, piggsvin, katte, firfisle, einhjørning og (sjølvsagt) ein troodon. På eit skilt med pil står det "[Mektige Dotter] og Bestemor bor her".
0250 25
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 06/10/2026
ah, slikt eit mektig skue. sikkert den første som bada i mjøsa. utruleg,
Statue (eigentleg krigsminnesmerke) ved Brygga på Hamar.
1170 17
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
TT NO! NETT NO! NETT NO! NETT N Den lokale dinosaurusdoktoren har bygd ut klinikken og er no dinosaur- og dyredoktor. Utruleg flaks for denne vordande gepardmammaen då! Puh!
Barneteikning av ei gepard. Ho er farga oransj og sirleg og noggrant klipt ut frå teiknearket. Geparden er drektig og har stor mage.Overraskande anatomisk korrekt teikning av livmora til geparden frå førre teikning. I livmora ligg seks små, oransje gepardungar. Teikninga er skravert med blå strekar for å gje litt ekstra ultralydkjensle.
4210 21
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
nøgd lam :)
Lammet står framleis med hovuddt or innhegninga og ser nøgd ut.
0130 13
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
må få litt å eta au
Barnehand som held eit blad opp til lammet.Barnehand som held eit grønt blad til lammet.Barn som sit og matar lammet med hestehovblad. Fleire lam stimlar kring for å sjå og kanskje få litt sjølve.
190 9
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
kosemageddon
Ei barnehand strekk seg mot snuten på lammet.Ei barnehand som stryk på lammet. Lammet set godsida til for å bli kleidd der ho vil.Barnehand stryk lammet på nasen. Lammet står stilt og koser seg.
160 6
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
det er ingen sak å kleie infernalsk etter klippen om du kjenner ein god kleiar
Det brune lammet får ei god kjakakleiing.
180 8
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/09/2026
elände, elände, elände men lam
Eit nyfrisert, brunt lam står med hovudet ut gjennom inngjerdingen. Eg stryk det under kjakan.
1262 26
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 18/09/2026
Eg er inne i ein intens stilleperiode for tida fordi eg er så frykteleg LEI MEG, på alle moglege tydingar av uttrykket, pga Personlegdomen™️ min og Tilveret™️ & slikt, MEN idag har eg vori i skogen og gjort litt NYTTE for meg. AUKING THAT MAT!
Eit bord med ein stor papirpose sopp oppå, og ein mengde sopp dandert utover bordet. Det er frykteleg mange kantarellar og ein god haug traktkantarell (og tre sjenerte piggsoppar i bakgrunnen).
4410 41
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 04/08/2026
Det var ei strabasiøs ferd, men vi fann alt! No ventar sigerens fruktar, saft med isbitar i skuggen💜
Ei liste der ein skal krysse av ting ein kan sjå på garden, mellom anna karrus, bille, småfugl, raud stein, maur, sommarfugl, føll, skulptur... alt er kryssa av.
2240 24
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/08/2026
Og der var vi framme ved rasteplassen attmed Valsjøen. Då Pappa levde, brukte vi og gå hit og ete matpakka vår. Det er framleis litt rart å sitte her aleine. Stille og godt, men rart.
Sitteplass attmed et vatn. Det er mild, god bris og lett bølgjeskvulp. Ein kan nesten høyre stilla.
5320 32
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/08/2026
Skooog
Ein sti innover i furuskogen.
1130 13
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/08/2026
Beveren har bevera godt frå seg oppmed Bjørtjennet, no har dei både bru og demning. Det blir vel flyplass neste, tenker eg.
Beveren har gjort demning under ei lita bru.Beveren har felt mange bjørker kring åa.
3140 14
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/08/2026
Stille i katedralen idag.
Ein grusveg går inn i skogen. Furutoppane dannar høge veggar mot ein blå himmel kring meg.
1360 36
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 27/07/2026
denne kroken krøker seg sjølv den :)
Eit barn i sommarskrud og partyhatt står med ryggen til. Ho står ved ein åker og hyttar med neven mot grannegrenda på andre sida.
0180 18
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 23/07/2026
korleis er det å bu i huggu ditt?
Ei pulp-framside som viser ein fyr i bar overskrott som slåst for livet mot eit mylder av krabber som prøver å drepe han. Fyren er merka "meg", alle krabbene er merka "også meg".
0170 17
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 10/07/2026
Eg vil rå alle til å få postkort frå @svenbaldrew.bsky.social og @oleneikopp.bsky.social,
Postkort med brodert tekst: TÄNK ATT MAN MÅSTE BLI FÖRBANNAD VARENDA DAG.
4489 48
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 28/06/2026
Eg [vassar utover i Mjøsa medan eg hyttar trassig med neven mot solhelsiket]: SÅ EG BAUD DEG FRED MEN DU HAR VALT KRIGEN, DI RØTTE!! KANSKJE VAR DET HEILE TIDA LAGNADEN AT VI SKULLE BARKE SAMAN EIN SISTE GONG, PÅ HAMARMAGEDDON!!!!
Vêrvarsel for Hamar frå yr.no som viser kring 30'C heile dagen.
0250 25
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 20/06/2026
No du, øbbørpuke!
Eit barn i skuggelue og sommarklede fiskar i eit skogstjenn.
1300 30
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 17/06/2026
Ordføraren i Sør-Odal, Knut Hvithammer (jau, de har heilt rett, Odalen er skrivi av Tolkien) seier han har fått "mange sterke reaksjonar" på at det flaggast med regnbogeflagg frå rådhuset. Men, og her er greia, reaksjonane "kjem IKKJE frå innbyggarane i kommunen". Hatnettverket er organisert.
Regnbogeflagget framfor Rådhuset på Skarnes mot knallblå himmel.
718441 184
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/06/2026
kose æljen
Nærbilde av ein kvit hest med sølvgrå man.
1300 30
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/06/2026
ok harsh
Skjermskot frå nrk.no i ei sak om namnepopularitet. Skjermen les "Hei, VEGARD! Prøv eit anna namn."
2451 45
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 14/06/2026
DE KAN FRAMLEIS GJERE BOT, MOSS!!!! har de ikkje ein ordførar de kan ofre eller noko
Kart som viser HErrens vreide på veg mot den interessante byen Moss.
0100 10
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 14/06/2026
Eg [går ikkje i kjerka på søndag]: hehe Gud:
Herrens vreide rammar enn ein gong det vidgjetne Vegardhabitatet austre Hedmark, i form av lyn og torever, donner und blitzen.
2320 32
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 10/06/2026
SINNRE ŌDAŊ MAFAKKAZ!!!
Regnbogeflagget vaier i einsam majestet utanfor kommunehuset.
1290 29
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 04/06/2026
Gode @ciamartinsen.bsky.social og eg har vori på ein SPENNANDE EKSKURSJON idag og eg var litt modig😀
Vakkert utsnitt av eit legekontorventerom med legekontorventeromestetikk. Det er eit leikebord med fastspikra Brio-byggesett, slitt møblement attåt veggane og ei enkel bokhylle med ulike legekontormagasin.
Det heile gjev eit stusselegkoseleg inntrykk.
1160 16
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 04/06/2026
Lyset i mørkeret.
Bilde tatt frå ein mørklagt gang. Kjøkkendøra står på gløtt og det lyser varmt innanfrå. Døra er drapert i eit stort Progress pride-flagg.
0190 19
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 30/05/2026
Gud: fuck odalen in particular
Lynkart som viser at Odalen som den einaste plassen i Norden, kanskje verda, er råka av Herrens vreide (torevêr).
0312 31
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 30/05/2026
Vi har vori og gjort feltarbeid att, og kviler ut med capri-sonne og druver🌲🌲🌲
Ein benk der det ligg ei notatblokk der Mektige Dotter har skrivi opp alle småkompisane vi traff på turen: Fugl, maur, kingelmor, sommarfugl, mygg, fluge, grashoppe, eldfluge, tege, augestikkar, bie, åtselbille, and, humle, bille og kanadagås. På benken ligg au ein veltømt pose capri-sonne, ein matboks og ein druveklase.
1251 25
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 28/05/2026
Det er til like delar uforståeleg og provoserande at min middagsherald-karakter Frank Fiskepinne ikkje har nådd breiare appell i dette såkalla "samfunnet",
Ei kritteikning på ei kjøleskapstavle som viser den vederstyggelege, antropomorfe fiskepinnen Frank Fiskepinne som glad kunngjer dagens middag: "Meg! Med pommes frites!"
0141 14
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 28/05/2026
VIKTIG OPPDATERING!!! EG HAR EIN GOSSIN REINKOMPIS!!!
Dorleg skjerm-skjermskot frå skyrimspelet Skyrim. Karakteren min, ei snill og brutal orkedame kledd i ein rustning gjord av drakeknoklar, sit på ryggen til eit reinsdyr.
1231 23
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 28/05/2026
skal tru kva noregs objektivt dummaste mann jon helgheim meiner idag :) *opnar morgenbladet* åja
Skjermskot frå Morgenbladetartikkel opphaveleg delt av @litterat.party (lærd, vis og vennleg), det viser jon helgheim (dum og slem) ståande dumt framfor ein vegg og sjå dumt inn i kamera på ein klassisk dum måte. Han seier dumt: "Mediene har altfor lav terskel for å kalle noe rasistisk" og ventar dumspent på reaksjonen. Sola skin han i auga og prøver å drepe han.
1280 28
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/05/2026
😬
3 bilde: Bilde 1 er av Skyrimspelet Skyrim. Bilde 2 er Hannah frå 13 reasons why som seier "That smile". Bilde 3 er Hannah som held fram "That damned smile".
1110 11
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 11/05/2026
Annan kompis (ikkje linerle).
ØRM (snill) koser seg på ein stein i sola.
2200 20
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 10/05/2026
Ooo litt seint, men her er LIVE-bilder frå etterdønningane.
Bilde frå lekeplassen framfor Verdas 8. underverk, det vederstyggelege Gränstrollet Morokulius. Eit meisterverk i hønsenetting, gips og sement måla i spreke fargar.
280 8
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 26/04/2026
Her har vi nokon som har hatt ein vellukka villmarkstur før leggetid, ser eg :)
Ei korg med ein mycket bra pinne, litt kvist og kvast, ei saftflaske med drikketut og eit avkryssingsskjema der det står skrive med mektig barnehand: And, maur, larve og småfugl med ein liten boks å sette kryss i attmed. And, maur og larve har fått kryss, småfuglar reknar eg med det var så mange at det ikkje vart tid til kryssetting.
1291 29
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/04/2026
Herregud Hamar, de gjorde det veldig bra lenge, men på sentrale område fell de jo rett gjennom. Tsk-tsk-tsk.
Eit enormt, svikefullt parti Gjøvik-"lomper" i ein Hamarbasert butikk.
190 9
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 13/04/2026
Hamarvurdering: Veldig bra, men litt få dinosaurar. (Vi jobbar med ordne opp i det).
Mektige Dotter i full gong med å teikne ein dinosaur på fortauet med farga kritt.
1301 30
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 05/04/2026
*host* Enkelte austlendingar seier faktisk NØYAKTIG det same som Majka og med identisk uttale🧐
Kart over søndre Noreg der Austlandet er utheva. Kring Austlandet har eg gjort ein stor, raud sirkel merka "Austlandet". Inne i Austlandet-sirkelen, kring hovudstadsområdet, er ein mindre, raud sirkel, denne er merka "Antakeleg mål for irritasjon/mismot".
120 2
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 05/04/2026
Eg har gjort nymoderne jall av meg og heiter tjabergnissen.eurosky.social no (dei hadde ingen *.antisocial)
Den nye adressa på kontoen min er @tjabergnissen.eurosky.social (same konto, einaste endringa er om du skal tagge meg eller noko).
0200 20
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 10/02/2026
Eg: ENDELEG draft-funksjon!!! Mine drafts:
Drafts-lista mi som berre inneheld éin kladd, ein post som les "dyraddosaurus degs".
0240 24
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 22/01/2026
[Mel. "Africa"]
Skjermskot av overskrifta i ein artikkel frå nettavisa til The Japan Times:
"Toilet Maker Toto's shares get unlikely boost from AI rush".
060 6
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 19/01/2026
giljotinmagnet says what
Nettavisoverskrift under eit bilde av børsen, som les: "Eksperter: DU KAN TJENE PÅ UROEN".
1120 12
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 19/01/2026
Ikkje fortvil. Whatever happens we have got Gränstrollet Morokulius and they have not
Bilde av den stusselegkoselege, vederstyggelege trollstatua Morokulius som står trugande over ein leikeplass på svenskegrensa utanfor Charlottenberg. Det er ei vêrbiten, schtøgg, dritskummel statue av eit troll med krone på hovudet, som sit og held i ei diger sleiv.
1130 13
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/01/2026
Det står ein gullfyr nede på havna der, kan jo kjøpe ein til 🤔
Ein gullfarga mini-legofigur som står på sokkel som velkomststatue på havna nede ved Nilen.
010 1
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 15/01/2026
iiih :)
Ferdigbygd legosett av Khufu-pyramiden i Giza. I framgrunnen ser ein elvebredden med trær, mindre bygningar, to mindre pyramidar og ei havn nedved Nilen, med rampe til å ta imot steinar til pyramiden. I bakgrunnen ser ein Khufu-pyramiden under bygging. Kranar og vinsjar drar store steinar oppover sida av pyramiden.Legosettet sett frå baksida. Her ser ein gangane og romma inni pyramiden. Ein gang frå sida av pyramiden leier inn til ein sarkofag i eit rom i midten av pyramiden, små "luftegangar" leier skrått ut til friluft på kvar side av sarkofagrommet.Bildet viser pyramiden frå framsida at, med elvebredden. No har Khufu-pyramiden i bakgrunnen fått eit nytt "skal" av kvite brikkar som førestiller den kvite kalksteinen som oppgaveleg dekte pyramidane i gamle dagar. Den øvste toppen av pyramiden er lagt med gull, for faraoane hadde god råd og mykje fritid.
4350 35
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/01/2026
ånej vi er fanga innomhus av stormens herjingar ånej ånej kva skal vi gjere for ei tragedie osb osb no er vi jo nøydd til å ta imot h u n d r e v i s av gossine dyr på klinikken vår
Bilde av eit barn i stripere genser som sit i ein raudbrun sofa og speler spelet Pet Clinic på playstation. På tv-skjermen ser ein ein spel-hund ståande på eit bord hos veterinæren. Det rår ei veldig idyllisk og udramatisk stemning i stua.
0190 19
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 02/01/2026
Det vart i ein lystig samanheng tidlegare her i jula nemnt at Hedmark er Noregs Tyskland. Dette er heilt rett; alle problema våre kan løysast ved å ha hæl junkerane.
Artikkeloverskrift: "[Ola] Svenneby: Lei fortellinger om snille innvandrere"
0151 15
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 01/01/2026
Svar eller refloff med eit bilde som viser energien du tar med deg inn i 2026
Framsida av ei pulpbok som viser ein olabuksekledd fyr med bar overkropp som er omringa av ein sverm digre, raude krabber på ei strand. Fyren har gjort seg ei klubbe av ei rot og bruker denne til å prøve å denge ihel ei krabbe. Krabbene på si side, myldrar fram for å prøve å ete(?) fyren. Det verkar framleis uklart kven som kjem til å vinne. 

På bildet har eg teikna ei pil til fyren, med teksta "meg", eg har au teikna ei haug pilar til krabbene, med teksta "også meg".
070 7
'n Beingard 🎃 @tjabergnissen.eurosky.social · 28/12/2025
it's all about ai it's all about ai it's all ab
Den usedvanleg kjekke direktørmordaren Luigi Mangione i rettsalen. Han har fått auge på noko utanfor bildekanten og gløttar interessert bort på det.
030 3