Sign in

Sølve Rydland

@solveryd.bsky.social
1.4K followers 793 following 564 posts

Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).

PostsRepliesMedia
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 05/10/2026
Heilt einig. Derfor eg nemner det.
020
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 05/10/2026
Meir her: www.ba.no/maria-vart-s...
ba.no
Maria vart sendt på ei farleg reise til Bergen. Ho fekk aldri komma heim igjen.
Det er slettes ikkje berre Donald Trump som har kødda med folket på Grønland. Bergen har gjennom hundreåra spelt ei underkommunisert og kontroversiell rolle i koloniseringa.
130
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 05/10/2026
kom frå Harstad, og at ekspedisjonen vart sponsa av bergensk næringsliv. Då inuittar var tatt med tilbake til Norge, nærmast som suvenirar, var dette særs upopulært i København. Likevel har nordmenne sluppe unna mykje fortent kritikk.
140
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 05/10/2026
Det finst «positive» sider ved denne historieløysa. Sjølv om Grønland i stor grad vart kolonisert frå Vestlandet under Danmark-Norge, er det danskane folk på Grønland har eit horn i sida til. Når folk på Grønland heller maling på statuen av Hans Egede, er det ingen som reflekterer over at han 1/2
240
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 22/09/2026
Komplett skandale!!!
0130
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 20/09/2026
Kan faktisk ikkje finna ein einaste grunn til at Kjetil Knudsen har nokon som helst slags grunn til å klaga etter denne kampen. Han får jo absolutt alle diskutable og udiskutable avgjerelser med seg.
1541
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 20/09/2026
Brann - Glimt-Baby 6 - 1. Seks poeng, baby.
0390
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 16/09/2026
Oi, oi, oi har du sett …
031
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 14/09/2026
Dette er faktisk eit interessant dilemma som spelereglane i Monopol ikkje har tatt høgde for. Der er det meir fokus på assuranse. Kanskje Frende kunne slått seg opp på ei utvida brannforsikring, som òg tar høgde for mentale utfordringar. Uansett: eg tolkar det som at det er lov, ja. Om ein vil.
010
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 13/09/2026
«Deres hus og hoteller brenner. Rykk tilbake til Start».
1181
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 13/09/2026
Truleg fordi Brann trudde at dei skulle møta Lyn, og ikkje kunne stilla i kvitt eller raudt.
020
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 13/09/2026
Her har Brann lansert ei eiga drakt for kampar mot lag med raude og kvite drakter, så stiller pine meg Lyn i heilkvitt.
061
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 13/09/2026
Reagerer på at hærverket på Åråsen nærmast vert dekka som ei naturleg side av eit «heftig» derby. Å vandalisera når ein er på besøk (då meiner eg ikkje å henga opp litt klistremerke) har ingenting med supporterkultur å gjera. Mangelen på sjølvjustis er skremmande.
3316
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 06/09/2026
Brann har vunne tre kongepokalar på eit halvt tiår. Korleis i alle dagar kjem me til å verta straffa for dette? Det er berre å fylla opp beredskapslageret og be kveldsbønn, folkens.
071
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 06/09/2026
Eg veit ikkje. Spår at dette kjem til å verta skrive mange masteroppgåver om. Innan mange fagfelt. Psykologi, økonomi, sosialantropologi, medisin, sosiologi, geologi, kjønnsstudier, og ikkje minst historie.
120
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 06/09/2026
Altså. At eg skule få oppleva Brann vinna ein kongepokal på Ullevaal utan at speaker skrudde to spor frå den irriterande samleplata Absolute Champions, ja, det er nesten litt i overkant av kva eg hadde drøymd om. Gu ko kjekt!
1320
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 01/09/2026
Er mest sur. Så skal lesa børsen grundig.
000
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 01/09/2026
Det har du rett i. Men tendensen var endå tydlegare før norske klubbar kunne selja direkte til England.
000
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 01/09/2026
Heldigvis har nok eksporten til WSL stoppa for ei stund. Dessverre ingen (kanskje bortsett frå Davidson) som har nivået.
110
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 01/09/2026
Dessverre er nivået i Toppserien så svekka at noko drastisk må gjerast om norske lag skal til Champions League framover. Når Brann i tillegg har mista Panengstuen, Østenstad, Kielland, Bratberg-Lund, Engesvik og Gaupset, og ikkje evna å erstatta desse med nok kvalitet, er det ikkja rart.
1262
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 28/08/2026
Braga, Gent, Red Imps, Sint-Trudense, AGF, Kauno. Tilfeldig oppramsing av merkenamn innan næringsmiddelindustrien, eller lag som skal vera med i ei seriøs fotballturnering?
060
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/08/2026
Nok syting på Dyngeland, no. Han stod fjellstøtt, gjorde han. Begge beina trygt planta på jorda, den karen.
0250
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/08/2026
Finst dette på DVD? Odyseen kan ta seg ein bolle. Noahs ark møter Apollon på Kypros med replikkar frå Orions belte («Faen Tommy! Vi har sett noe vi ikke skulle se», «Ååååihææælvete» og «A mouse doesn't pick a fight with a bear, does it?»), er manuset sitt det!
1140
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/08/2026
Lytt til De Roeves sydenskule: Ananas > hydration break. 🍍
1210
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/08/2026
Det er først og fremst bra for laga som kjem på første og andreplass, som i år, og truleg neste år, får ein enklare veg til pengebingen Champions League enn nokon gong. Men, ja, kan kanskje det kan hjelpa Brann litt, òg.
030
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 11/08/2026
Eit lite skår i gleda at det visst nok er bra for norsk fotball.
1401
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 11/08/2026
Kunne ikkje Brann spelt alle bortekampane i Syden?
0140
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 11/08/2026
Hadde aldri sansen for silver golden goal. Men hadde gjort seg no …
050
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 09/08/2026
Dersom avisene hadde trudd at det var ein marknad for dette, hadde nok denne podkasten eksistert.
000
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 08/08/2026
Lei av alle som trur Brann-kvinnene berre kan surfa til Champions League. No har dei slått serievinnarane frå Kosovo og Hellas. I neste og siste runde ventar serievinneren frå Nederland, Austerrike, Sveits eller Polen. Det kjem til å verta tøft nok.
2371
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 20/07/2026
Sjølvsagt skal ikkje Kniklas flytta til Bodø.
0190
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 18/07/2026
Då den tidlegare spanske statsministeren, Mariano Rajoy, hevda at spelarane på det franske landslaget ikkje var franske, var det ikkje berre snakk om ein stygg feilpasning, men eit pinleg sjølvmål. www.ba.no/hogrekanten-...
ba.no
Høgrekanten som måtte handtera eit sleipt innlegg frå den tidlegare statsministeren
Medan Lamine Yamal og det spanske landslaget imponerer med samspel på tvers av språk, kultur og historie, presterte ein tidlegare spansk statsminister å skåra eit pinleg politisk sjølvmål.
040
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 13/07/2026
Jernbana har for lite personell, for lite materiell, for dårleg infrastruktur, og for dårleg organisering. Det einaste det er nok av, er truleg byråkratar som jobbar med jernbane.
080
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/07/2026
Du verda kor Brann har sakna Niklas Castro (i slag)!
0260
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 12/07/2026
Ting VM ikkje har: • To omgangar • Utsikt mot Ulriken • Fleire måsar og duer enn spelarar på bana • Bedre spelarar på benken enn på bana • Fråver av skåringsmusikk (skåringar, òg) • Raske briller • Kroneis frå Isbjørn-is • Castro som leikar i pausen • At legendane passar på at alle har det bra
1150
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 08/07/2026
Teori/hypotese: Det dei intuitive målskårarane er gode på (timing, vinkel, posisjonering, å overraska, å beherska tid og rom) vert i stor grad eliminert på straffespark. Keeper veit kva tid og frå kor du skal skyta. Det gjer at solide fotballspelarar som regel er betre enn kreative fotballspelarar.
120
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 08/07/2026
Det er faktisk oppsiktsvekkande! Messi, som utan tvil er blant dei beste fotballspelarane i verda nokon gong, er faktisk statistisk sett heilt gjennomsnittleg av profesjonelle fotballspelarar når det gjeld å skåra når ballen ligg stille på elleve meter. Joda. Han har litt ekstra press, men likevel.
110
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 08/07/2026
Hadde eit stort behov for ein lang landslagspause, etter Brann sine prestasjonar og marerittet av ei skadeliste. I dag er det ikkje berre landslagspause, men VM-pause i tillegg. Snakk om vakuum!
060
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 07/07/2026
Kva VM-eventyret betyr for Norge? Spør ei ung kurdisk jente, som kom til Norge i fjor, men som jubla høgast av alle då Norge slo Brasil. www.ba.no/joda-dette-e...
073
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 03/07/2026
Nivået på internasjonal oldboys- og veteranfotball har aldri vore høgare. Perisic (37) og Ronaldo (41) skåra begge i natt, og denne Modric (40) som imponerte på Brann Stadion for 19 år sidan gjorde ein stor kamp. Og toppskåraren i VM kan òg meldast på i veteranklassen utan dispensasjon neste år.
060
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 30/06/2026
Registrerer at Norge har komme lenger enn Tyskland og Nederland i VM i fotball. Det må vera eit eller anna som ikkje stemmer her.
1241
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 28/06/2026
No bytta akkurat Sør-Afrika inn More mi i 1/16-finalen mot Canada. Det er ein stor dag for heile familien!
0250
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 27/06/2026
Dei nekta å lytta til formaningane frå staten. No er dei mest eigenrådige av vestlendingane på full fart inn på verdsarvlista. www.ba.no/no-ma-staten...
ba.no
No må staten gje oppreising til øltørste vestlandske anarkistar
Den mest anarkistiske vestlendingen er på full fart inn på verdsarvlista. Då skulle det berre mangla at staten gjorde opp for gammal urett.
060
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 24/06/2026
Kulturpris til dronning Sonja? Ja, dette kulturpolitiske krumspringet fortener nesten ein pris. www.ba.no/dette-politi...
ba.no
Dette politiske kunststykket fortener eigentleg ein pris
Om målet var å irritera på seg eit nesten samla vestlandsk kulturfelt, var den fylkeskommunale kulturprisen til dronning Sonja eit kulturpolitisk kunststykke.
183
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 20/06/2026
Av og til er det tilfeldige så eminent regissert, at ein nesten kan lura. Eit kort hjørnespark unna ølteltet på Nygårdstangen, gøymer det seg ei sterk historie. Om fotball, alkohol og lagkameratar som ikkje fekk hjelpa ein venn i naud. www.ba.no/skamma-som-s...
Like ved VM-teltet på Nygårdstangen låg det ein gong ei fotballbane.
0133
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 14/06/2026
Før kunne Maradona dukka opp. No er det berre dei som let seg dressera som er å sjå.
110
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 14/06/2026
Når det er VM om natta, er gode høgdepunktvideoar veldig vesentleg. Det KI-genererte rasket me får servert, er rett og slett ikkje godt nok. Om du kuttar John McGinn si skåring for Skottland før jubelen, mistar du heile essensen av kva fotball dreier seg om. Veldig dårleg klipping elles, òg.
1111
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 09/06/2026
Det raraste er at dei ikkje spelar formasjonen. Venstrekant Gaupset må konstant ned for å kompensera for at dei ikkje har nokon ballfordelar sentralt.
120
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 09/06/2026
Pssssst… Justine Kielland. Putt ho på bana, Grainger, så skal du sjå at det løsnar.
160
Sølve Rydland @solveryd.bsky.social · 07/06/2026
Helgen e me. Han spellar for tre.
020