Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 28/08/2026Eg var sju år då nyttårsorkanen råka i 1992. Hadde eg visst kva "apokalyptisk" tydde, hadde eg sagt det var slik det kjendest. Så kom kongen. I gummistøvlar. Det var trygt. Og sidan har han stått der fjellstøtt. Heilt til no. Takk, Harald. 040
Reposted by Per Kristian SætreEirik Helleve @jymbre.bsky.social · 05/07/2026Det er lett å sjå at den norske keeperen er nynorskbrukar. 26312
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/05/2026Forventa bikkjeslagsmål om bibeltolking mellom Mímir Kristjánsson og Joel Ystebø i #polkvart Høyrde to som hadde nokre gode poeng kvar og drog berre litt for hardt til i retorikken. Klargjerande, vart det. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 27/04/2026Det er ikkje berre me som bur her. Det er sjølve Vestlandet som seier ifrå om at det vart litt mykje hausing av det jordskjelvet austanfor på 3,6 og ristar inn til 4,0 same dagen.smp.noJordskjelv utenfor kysten av Møre og RomsdalSunnmørsposten holder til i Ålesund og er regionavis for Nordvestlandet. Oppdaterte nyheter og grundig, engasjerende journalistikk. Ble grunnlagt i 1882. 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/04/2026Di meir eg les om Bibelen, di mindre skjønar eg av bibelfundamentalismen. 020
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/04/2026Det er ganske gøy at dette er utsnitt av eit heilt ekte skulekart. Observert på Sunnmøre folkehøgskule i dag – kvar elles? 180
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 30/03/2026Ein kan naturlegvis diskutere kva den nye Harry Hole-serien gjer med Oslo. Men eg meiner framleis den store diskusjonen er alt det surrealistiske Villhesten (1994) gjorde med Ørsta og Volda. 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 23/03/2026Eit lite tal langt nede i ei sak i Dag og tid kan gjere ein så sint. Åtaket på Iran kan, oppå alle andre forferdelege konsekvensar, dytte 45 millionar menneske ut i akutt svolt. Kontrasten til det røyndomsfjerne tompratet frå Washington er så utruleg grell.dagogtid.no(+) Krigens grødeKorleis skal det gå med tilgangen til mat når ikkje berre klimaendringar, men stadig meir krigføring utarmar landbruket? 031
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/11/2025Eg har litt trua på å lære lese og skrive og byggje relasjonar medan ein tenkjer, skriv, teiknar og fortel om blomar og dinosaurar og isbrear og heltar og skurkar og meininga med livet og store forteljingar, eg då. 041
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025Disneys Robin Hood vert ikkje dårlegare av dette. 061
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025Tenk når ein dyktig spesialbibliotekar kan slå fast at “dei har ikkje kasta noko på 150 år!” Då skjer ting som at ein brått finn ukjende Aasen-manuskript.nrk.noHar funne upublisert materiale av Ivar Aasen på Solnør gaard på SkodjePå ein gammal verneverdig gard på Sunnmøre, har dei oppdaga upublisert materiale frå sjølvaste Ivar Aasen. 050
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/11/2025Er me heilt sikre på at det er så lurt å leggje sentrale samfunnsoppgåver som til dømes å halde oppe eit riksvegsamband i hendene på private selskap som konkurrerer på å drive så marginalt som mogeleg? 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/04/2025Pave Frans er død - dagen etter at heile kyrkja, både i aust og vest, saman feira Kristi siger over døden og mørkret og han sjølv heldt sin siste Urbi et Orbi med bøn om fred i heile verda. Måtte det evige ljoset skine for han.vatican.va"Urbi et Orbi" - Easter 2025 | FrancisUrbi Et Orbi Message of His Holiness Pope Francis - Easter 2025 050
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 29/03/2025Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking 1284
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 28/03/2025KI er sikkert topp om problemet ditt er å skrive langt nok til å nå minimumskravet. Dei fleste eg veit om som skriv noko særleg, har motsett problem. Og for eigen del genererer eg så mykje sprøyt på gamlemåten at eg slett ikkje treng hjelp til å finne på meir greier som må kuttast. 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 11/03/2025Eg er gjerne med på å diskutere å kutte fridagar. Men ta no andredagane fyrst, og ikkje Kristi himmelfartsdag som faktisk er ein skikkeleg heilagdag og ikkje berre ei gammal løysing på prestane sin heilagdagslogistikk.nrk.noVenstre vil kutte fridag for å styrke ForsvaretLeder i Unge Venstre vil kutte fridager og bruke pengene på å styrke og ruste opp Forsvaret. Han får støtte fra Grønn Ungdom. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 12/02/2025Dagens høgdepunkt var utan tvil lunsjkonsert på MF med Torbjørn Dyrud og @ingridbmelve.bsky.social Salmane deira er altså så vare og sterke at eg manglar heilt ord. Men det gjer ikkje Ingrid – ho skriv til det vert heilt ekte og sant. Dei reiser på turné no – få det med deg om du kan!skjerikirken.no"Kanskje er det vi som er skygger" - Salmekveld med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve i Tomb kirkeDenne kvelden får vi bli kjent med nye salmer og salmeviser av og med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve. Torbjørn Dyruds virke som musiker, komponist og tekstforfatter kjennetegnes av en bred interes... 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 06/02/2025Læhkoeh biejjine! Vuorbbe biejvijn! Lihkku beivviin! Her snakkar me gledeleg graf i høve dagen. 020
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 31/01/2025Bra av @bjornbore.bsky.social! Dette har eg også sagt: Det står jammen ikkje så dårleg til med Den norske kyrkja. Medlemstalet er høgt når ein tenkjer etter – det er lågt berre når ein samanliknar med kunstig høge tal frå statskyrkja og dei store monopola si tid.vl.no«En applaus for Den norske kirke!»Den norske kirke bør gi seg selv en klapp på ryggen for godt utført innsats. 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 28/01/2025Eg har ingenting å leggje til. Det er slik det er. 020
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 21/01/2025“In the name of our God, I ask you to have mercy upon the people in our country who are scared” – biskop Mariann Edgar Budde utlegg Bergpreika til president Trump og alle andre på dagens bønegudsteneste i Washington Cathedral. Og det vert altså ei så sterk preike av det.youtu.be1.21.25 Homily by The Right Rev. Mariann Edgar BuddeYouTube video by Washington National Cathedral 161
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/01/2025Kutt er alltid vanskelege. Men måten kyrkjerådet no vil kutte i sekretariatet, svekker både den faglege støtta lokalkyrkja treng, og det gjer framtida for den teologiske og kyrkjefaglege kompetansen utrygg. Me håper leiinga no lyttar til innspela som kjem!vl.no«Ikke ta den støtten vi trenger»KIRKEBYRÅKRATI: Som sokneprester trenger vi fagfolk å ringe når vi står fast, skikkelige og faglig forankrede sakspapirer å drøfte, gode planer å jobbe ut ifra, grundig gjennomarbeidede liturgier å jo... 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/01/2025Ny runde i VL – denne gongen om dei uforståelege versa om å ikkje “spotte Den heilage ande.” Sjølv om dei er rare, viste det seg ved litt gjennomarbeiding at dei er ganske så aktuelle.vl.noSoknepresten svarer: – Hva vil det si å spotte Ånden? Og hvordan kan jeg unngå det?BIBEL: Det viktigaste evangeliet seier om Guds Ande, er at Anden er uløyseleg knytt til Jesus, skriver sokneprest Per Kristian Hovden Sætre. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 13/01/2025Mykje fælt på internett, men me har også archive.org og nb.no. Skulle berre sjekke ein referanse til ei gammal bok om Matteusevangeliet, og brått sit eg og blader digitalt i eit eksemplar av boka gjeven av forfattar Krister Stendahl til professor Walter Bauer – frå ein gigant i faget til ein annan. 060
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 09/01/2025I det hundreårsjubileet for Egil Hovlands fødsel tonar ut og me går inn i året som markerer at (den fyrste utgåva av) den nikenske truvedkjenninga er 1700 år, burde me hatt ein eigen, liten fest for truvedkjenninga med Hovland sin melodi. Det er noko av det finaste Den norske kyrkja har.vimeo.comDen nikenske truvedkjenninga, Credo, nynorskOrdning for hovudgudsteneste: Ledd 14 | Trosbekjennelsen CREDO Den nikenske truvedkjenninga Musikk: Gregoriansk/Egil Hovland Sats: Egil Hovland 0162
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 08/01/2025– Skal vi ha en mannsdebatt som fungerer må det være mulig å anerkjenne menns problemer uten å legge skylden for disse på kvinner, seier Elisabeth Hermstad Reinertsen. Eigentleg burde det ikkje vere vanskelegare enn det – verken i kristne mannspoddar eller andre stader.vl.no«For å ha en mannsdebatt må vi anerkjenne menns problemer uten å legge skylden på kvinner»LIKESTILLING: Det må være mulig å sette ord på menns legitime bekymringer uten å i neste setning hevde at de er konsekvens av kvinners utspekulerte jakt etter makt. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/01/2025Takkar Lars Petter Sveen for glitrande preiketips og håper eg lever etter alle fem på ein god dag!vl.no«Fem tips til ei betre preike»Det svake punktet i gudstenesta, er preika. Slik treng det ikkje vere. 030
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 07/01/2025Dagens #polkvart var oppløftande – det er så bra når politikarar vert stilte til ansvar for det dei faktisk seier, stemmer og skriv (og ikkje skriv) i partiprogramma. Så kan ein heller snakke sjeldnare om marginale endringar på meiningsmålingane og slikt. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 06/01/2025Er i Oslo. Snøkaoset er no på nivået “eg er tom for kaffi, men det får vere det same, eg skal ikkje ut for å handle.” 020
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 06/01/2025Artigfakta til heilagtrekongarsdagen: Melodien alle speidarar kjenner som “Bålets flammer,” er eigentleg melodien til “La marche des rois mages,” ein gammal song frå Provence om dei tre vise menn. Songen høyrer til feiringa av dagen i dag.youtu.beLa Marche des Rois Mages - Comptine pour EnfantsYouTube video by Les Comptines du Zoo 120
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 06/01/2025Richard Hays er død. Og eg innser at eg har lese store delar av forfattarskapen. Om eg ikkje alltid har vore samd, har den tidlegare engelsklæraren skrive bøker som viser kor avgjerande sans for litteratur og poesi er i lesinga av Bibelen. Det skal han ha takk for!religionnews.comRichard Hays, influential scholar who changed his mind on same-sex marriage, has died(RNS) — The renowned New Testament scholar and former dean of Duke Divinity School described his most recent book as an act of repentance for the way his work had been used to harm LGBTQ people and to... 130
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 05/01/2025God Kristi openberringsdag! Denne sundagen feirar Den norske kyrkja den eldste festen for Kristi fødsel (ein dag før tida). Og Petter Dass har, saman med Aasmund Nordstoga, beste salmen for dagen. Var ei glede å syngje denne i høgmessa i dag også (litt mindre taktfast, då).youtu.beHer er det NyYouTube video by Aasmund Nordstoga - Topic 030
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 04/01/2025Fallhøgda er stor når ein mann skal podkaste seg gjennom heile Bibelen med ein miks av attforteljing, faktautfylling og lettbeint vitsing. Men med to av førti episodar ute, verkar det lovande! Forma fungerer og det er lett å høyre kva som er kva. Så eg er spent på framhaldet.radio.nrk.noBibelen - NRK RadioIntriger, sex og brodermord – undere, undergang og oppstandelse. Ingen bok har påvirket vår verden mer enn Bibelen. Men vet du hva som står i den? Are Sende Osen forteller. 150
Reposted by Per Kristian SætreV-🐻 @vebjorn.bsky.social · 01/01/2025Godt aor! Vonar alle har fått starta året med eit like fint lasershow som me fekk her ute i nynorskkommunane. 0132
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 31/12/2024Dette var rett og slett ein veldig, veldig god tale – gode ord frå eit ekte menneske til og om oss alle saman. Takk!nrk.noKongens nyttårstale: – Ingen av oss er spart for smerte og motgangSjukdom, prinsessebryllaup og valdtektssikting. 2024 var året då kongefamilien «verkeleg blei sett på prøve» seier Kongen. 010
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 31/12/2024Dette var ei nyttårsutfordring eg kunne like. Kva om me gjer 2025 til eit år for dei verkelege tinga? 020
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 27/12/2024Fann juleandakt i Nasjonalbiblioteket sitt arkiv: Biskop emeritus Bernt Støylen i radioen i 1936. Det gjev ein eigen fred å høyre stemma til ein sunnmøring fødd i 1857; å høyre Støylen snakke om fred på jorda tre år før verdskrigen eit anna alvor.nb.noNasjonalbiblioteket 240
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 25/12/2024Bra sak frå VG. Ein kan bli oppgitt av at grunnfagspensum som lett kunne vore undervist på ungdomsskulen vert litt skandaleaktig oppslått, men ekspertane her gjer ein heiderleg jobb. Berre ein ting: 24. desember er kvelden før – det er den 25. som er feiringa av Jesu fødsel. Gledeleg jul!vg.noNår ble Jesus født?Ekspertene er enige: Ingen ting tyder på at det er 2024-årsdagen til Jesus akkurat 24. desember. 030
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 24/12/2024Eg trur kanskje Stjernestøv har den finaste sisteepisoden av alle NRK sine julekalenderar – ikkje alle får det slik dei ynskte seg, men det vert fint og nært og varmt likevel.tv.nrk.noStjernestøv: 24. episode - NRK TVVil Elly finne Jo? Og blir hun endelig en ledestjerne så hun kan dra hjem til Nord? I blokka er det julefest. 140
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 22/12/2024I krympflasjonens tid inviterer familieoppskrifter med “ein pose anisfrø” og slikt til eit visst sjansespel. 120
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 22/12/2024Morgenbladet sin julekviss meiner at liturgisk farge for jula er fiolett. Det er vel nok eit teikn på at julefeiringa flyttar seg inn i adventstida, for på julaftan skiftar ein til høgtidsfargen kvitt og held på den til og med trettandedagen. 2345
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 19/12/2024Det er eigentleg naivt å tru at julaftansgudstenesta skal samle like mykje folk som før når julefeiringa elles er strekt til over ein månad. Det skriv eg om i julenummeret til Luthersk kirketidende – og litt om kva kyrkja kan gjere då.mf.noJul i nye folkekyrkjetider | MFJul i nye folkekyrkjetider På barne-TV drøymer ein om snø til jul. I kyrkja drøymer ein om fulle kyrkjer. Desse draumane har det til felles at dei skaper håp, motivasjon – og store skuffingar. Om ein ... 021
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 17/12/2024Dagen etter og ganske lita, men det er ei perlemorsky på Vestlandet. 030
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 16/12/2024Veslejulaftan for hundre år sidan melde lokalavisa Møre i Volda om reinhaldsutgiftene i departementa, med kommentaren: "Skitsamt maa der vere." 1133
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 15/12/2024Naboane i Ulstein kyrkje heldt si siste TV-gudsteneste i dag – og dei skal ha takk for å ha vist fram alt som finst og alt som er mogeleg i ei kyrkje i ein bygdeby på Sunnmøre. Eg vert både rørt og inspirert. Takk skal de ha!tv.nrk.noGudstjeneste - TV: Ulstein kyrkje - NRK TV3. søndag i adventstida frå Ulstein kyrkje. Ved sokneprest Margit Lovise Holte, kapellan Mirjam Håland Igland, kantor Michelle Öhman og Ulstein mannskor. 000
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 09/12/2024Har sett så mange bibelfilmar med antisemittiske stereotypiar og konservative moralske agendaer at eg er litt usikker på om eg orkar ein til. Samstundes ser dette så spektakulært ut at det kanskje er verd det. 010
Reposted by Per Kristian SætreNeil Renic @ncrenic.bsky.social · 04/12/2024Two stages of writing: 1) This shouldn't take too long 2) Oh no 561370857005
Per Kristian Sætre @perkristian.eurosky.social · 05/12/2024Eg har lovd å slutte å forsyne meg når professorar gjev bort bøker før dei går av med pensjon. Men Kristen Weierholt sin klassisk greske grammatikk på nynorsk kan ein faktisk ikkje gå forbi. 0123