Sign in

Nettserier.no

@nettserier.no
47 followers 25 following 73 posts

Nettserier.no er ein open norsk teikneserieportal med over 1500 norske teikneseriar, alle publisert av serieskaparen sjølv. 16. juni 2026 har vi 20-årsjubileum! (Livstidsdiktator: @olafmoriarty.no)

PostsRepliesMedia
Nettserier.no @nettserier.no · 19/09/2026
Alle stripeseriar på Nettserier har no fått eit stripearkiv som viser deg alle striper den serien har lasta opp. nettserier.no/info/blogg/n...
Stripearkivet for serien Lena av Berg, som viser eit rutenett med nylige striper frå den serien med tittel, publiseringsdato og ein thumbnail for kvar stripe.
021
Nettserier.no @nettserier.no · 04/09/2026
Verktøyet eg brukte til formatering av brukargenerert tekst (t.d. blogginnlegg og stripeskildringer) i førre versjon av Nettserier var litt vrient å konvertere, så det blei ikkje med vidare i juni. No er endeleg eit nytt verktøy på plass! (Å setja inn bilder i innlegg er neste steg og kjem snart.)
Ein tekstboks som inneheld eit blogginnlegg om Nettserier. Øverst i tekstboksen er det ei grå linje som inneheld ikon ein kan klikke på for å velja feit skrift, kursiv, lenkjer, overskrifter, punktlister og nunmerlister.
121
Nettserier.no @nettserier.no · 30/08/2026
Iiiih, det virker, jo! Nettserier har fått PUSHVARSLINGAR! Innlogga brukarar som aktivt velger å slå det på kan no få eit pling dersom nokon interagerer med seriane deira eller dersom ein serie dei følger blir oppdatert. Utan spam, såklart. Meir info: nettserier.no/info/blogg/v...
Skjermbilde av øverste venstre hjørne av mobilskjermen min som saman med eit par andre notifikasjonsikon viser ein nettserierlogoEit Android-pushvarsel frå Nettserier.no som har tittel "Testtesttest! har skrive ein ny kommentar til Ny Innstilling..." og tekst "Hei Olaf får du denne?"
043
Nettserier.no @nettserier.no · 30/08/2026
Drodle, nyheitsbrevet til seriX (organisasjonen som bl.a. driver Serienett og teikneseriefestivalen Bergen Tekst & Tegning) har no byrja å putte inn "Tilfeldig tegneseriestripe fra Nettserier.no" som ei fast spalte i nyheitsbrevet. Siste nyheitsbrev / påmeldingslink: buttondown.com/Serienett/ar...
Tilfeldig tegneseriestripe fra Nettserier.no
Nettserier.no er den norske plattformen for webstriper. I dag traff vi på dette

Inadekvat – Stripe 45 av Eirik Andreas Vik

Inadekvat – Stripe 45 av Eirik Andreas Vik. Én av tre striper som ble publisert på nettserier.no i dag. Sjekk resten av serien her.
040
Nettserier.no @nettserier.no · 05/08/2026
Ok, eg var litt usikker då eg innførte han, men eg FØLER at den nye algoritmen for å vise dei mest populære seriane på Nettserier fungerer overraskande godt. Den er enkel å manipulere (EIN ny følgjar kan dytte ein gamal serie opp på framsida), men det gir ei mykje meir aktiv og levande liste enn før
Populære seriar:

Inadekvat av Eirik Andreas Vik
Mikkel av Ian
Optipess av Kristian Nygård
Humin av Eivind Eriksrud
Sympatistreik av Kristin Arnesen
Lena av Berg
Nihilisten (utdrag) av Arvid Hartwigsen
Saro av Ladder
140
Nettserier.no @nettserier.no · 16/07/2026
Valgte å ikkje prioritere dette i juni, men no er Dark mode tilbake på Nettserier! Dersom mørk modus er slått på på mobilen eller nettlesaren skal dette kome automatisk, men vil du slå det på manuelt kan du trykke på dei tre prikkane øvst til høgre og velge det nye punktet "Innstillingar".
Skjermbilde av Nettserier.no i mørk modus. Sida har svart bakgrunn, logoen har grå skrift i staden for lilla, og tekst-/overskriftsfarger er lyse i staden for mørke.
074
Nettserier.no @nettserier.no · 07/07/2026
Blei veldig merksam på kor usynleg nye endringar på Nettserier faktisk er, så eg eksperimenterer med eit lite banner øverst på startsida som dukker opp når noko er endra på Nettserier. Denne visast i 48 timer etter at nyheita er lagt ut, og du kan krysse vekk banneret om du ikkje vil ha det der.
Skjermbilde av Nettserier.no - øverst på startsida under logoen står det ein gul boks med "Siste blogginnlegg: No kan du selge teikneseriane dine på Nettserier"
000
Nettserier.no @nettserier.no · 12/06/2026
For første gong kan du KJØPE digitale teikneseriar på Nettserier! Planen er at alle serieskaparar (og forlag) som ønskjer å bruke Nettserier skal kunne gjera sine eigne seriar tilgjengelege på Nettserier mot betaling, og eg håper det kan vera på plass om ei veke eller to. Men @dadaph.no er på plass!
Skjermbilde av ein dialogboks som viser forsida til "Indiana Mod og flukten fra den rullende sten!" av Bård Lilleøien og ein kort presentasjon av stripa. Det er knappar for "Les smakebit" og "Kjøp no med Vipps", tydeleg pris (kr 50,-) og lenkje til salsvilkåra.
162
Nettserier.no @nettserier.no · 12/06/2026
Ein heilt ny funksjon som eg synest blei skikkeleg kul er at Nettserier no automatisk (nei, det er ikkje KI) analyserer stripene som lastast opp og deduserer kvar serierutene er, sånn at brukarar på mindre skjermar har moglegheit til å velja å vise berre ei rute om gongen. Eller slå det av, så klart
Skjermbilete av ei rute av teikneserien Lena, der Lena, moren til Lena og Markus er på stranda og Lena er redd for å bade i tilfelle det er sjømonstre der. Til høgre for ruta er det ei pil ein kan klikke på for å gå til neste rute. Over dette er det ein slider der ein kan velja mellom ein mobiltelefon (valgt) og ein PC-skjerm.
110
Nettserier.no @nettserier.no · 12/06/2026
Det første som møter deg når du kjem inn på sida er no "Populære seriar". Akkurat som den tradisjonelle topplista er denne basert på kor mange følgjarar seriane har, men i denne kategorien er nyare følgjarar vekta høgare enn eldre, noko som forhåpentlegvis vil føre til ei liste som fluktuerer ofte.
Skjermbilde av "Populære seriar" på Nettserier.no, som akkurat no viser Wyyrd av Gard Helst, Lokes Eskapadar av Loki Aesir, Desibelles av Arne Bye, Nihilisten av Arvid Hartwigsen, Lena av Berg og The Amazing Magic Show av Katrine.
120
Nettserier.no @nettserier.no · 09/06/2026
Ok, trur eg kan stadfeste at det BLIR mogleg å selge teikneseriane dine digitalt på Nettserier seinare denne veka! Du laster opp eit album, bestemmer utsalgsprisen, Nettserier lar lesarane dine kjøpe albumet med Vipps, og du fakturerer Nettserier for din andel - 80 % av sluttsummen.
Skjermbilde av "Alle album"-sida på testversjonen av nye Nettserier.no. Øvst på sida er det ei rad med "Mest populære betalte", der vi ser fem album av Bård Lilleøien som alle er merka "kr 50,00".
174
Nettserier.no @nettserier.no · 08/06/2026
Enkelte ting tar meir tid enn planlagt, men målet er framleis at den neste versjonen av Nettserier skal vera live på torsdag eller fredag DENNE VEKA, og ... ... eg synest at dette byrjar å sjå veldig bra ut faktisk
Skjermbilde av Nettserier.no, med ein "TESTVERSJON"-tekst i øvste venstre hjørne.

Øvst til venstre er Nettserier-logoen.

Øvst til høgre er det ein meny med vala "Framside" (ikon av eit hus - dette valet har lilla tekst/bilete medan alle dei andre er svarte), "Alle seriar" (og eit forstørrelsesglas), "Dagens seriar" (og ein kalender), "Album" (og eit ikon som forestiller ei open bok) og "Skap noko!" (og eit plussteikn). Til høgre for menyen er det tre vertikale prikkar som ein kan trykke på for å vise fleire val.

Under toppfeltet ser vi øvst bilete og namn av "Populære seriar": Wyyrd av Gard Helset, Desibelles av Arne Bye, Nihilisten av Arvid Hartwigsen, Lena av Berg, The Amazing Magic Show av Katrine, forlist av tbj, Reveland av Jorunn Hanto-Haugse, Ultrajesent av ratman, og Hakkum av Nils Petter Smeby. Det er mogleg å bla til venstre/høgre for å vise fleire seriar, og ei lenkje merka "Vis alle".

Under der står det ei "TILFELDIG TEIKNESERIESTRIPE" - denne er ei opplasting av Lokes Eskapadar av Loki Aesir.

Under den: Bilete og namn av "Nyleg oppdaterte seriar": Nihilisten av Arvid Hartwigsen, Saro av Ladder, 24 timer med Bård av Bård Lilleøien, Lena av Berg, Swirly Days av Setriuno, Lokes Eskapadar av Loki Aesir, Bergteken av Setriuno, Rutemani av Ben Ormstad og Under Været av David Lunde Sanchez.
041
Nettserier.no @nettserier.no · 26/04/2026
Min første tanke var "Ok, men eg kan ikkje ha ulik rekkefølgje på mobil og PC, det blir alt for komplisert" og to sekund etter tenkte eg "Nei, vent, det blir det ikkje, det er snakk om ei linje kode og eg har allereie gjort det same andre stadar i koden" Du meiner at venstre her er betre enn høgre?
Skjermbilde av testversjon av Nettserier.no i mobilvisning. Øvst er det ein logo, under er det ei tilfeldig teikneseriestripe som dekker rundt halve skjermen. Under der igjen er det to "Populære seriar", som kuttast av vertikalt av botnen av skjermen. Nedst på sida er det ein bunnlinjemeny med fem ikon - eit hus, eit forstørrelsesglass, eit plussteikn, ein kalender og ei handlekorg.Skjermbilde av testversjon av Nettserier.no i mobilvisning. Øvst er det ein logo, under er det to førehandsvisninger av "Populære seriar". Under der igjen er det ei tilfeldig teikneseriestripe som kuttast av vertikalt av botnen av skjermen. Nedst på sida er det ein bunnlinjemeny med fem ikon - eit hus, eit forstørrelsesglass, eit plussteikn, ein kalender og ei handlekorg.
110
Nettserier.no @nettserier.no · 26/04/2026
Hmm, i dag (og det aller meste av dei siste tjue åra) har toppen av framsida på Nettserier vore øremerka ei tilfeldig utvald stripe. Lurer på korleis det hadde vore å flytte denne ett hakk ned og ha ei liste over teikneseriar øvst, t.d. populære seriar akkurat no. Er det berre teit? T.d. noko sånt:
Skjermbilete av testversjonen av Nettserier.no. Øvst til venstre er det ein logo, øvst til høgre er det ein meny som lenkjer til Framside, Alle seriar, Dagens seriar, Nettbutikk og "Skap noko!", og tre prikkar ein kan trykke på for fleire menyar. Under der er det ei overskrift "Populære seriar" som viser eit galleri over Desibelles av Arne Bye, The Amaing Magic Show av katrine, forlist av tbj, Nihilisten (utdrag) av Arvid Hartwigsen, Lena av Berg og Reveland av Jorunn Hanto-Haugse. Under der igjen er det ei "Tilfeldig teikneseriestripe": Bergteken av Setriuno, og teikneseriestripa visast i full storleik.
121
Nettserier.no @nettserier.no · 28/03/2026
Welp. Lenge sidan sist eg gjorde noko sånt no, men... vi sjåast 12.-13. juni?
Great! Your submission was successful! Thank you for applying to the Oslo Comics Expo 2026 marketplace.
011
Nettserier.no @nettserier.no · 04/03/2026
Ei av endringane eg vurderer for å gjera designet på Nettserier meir moderne: Å bytte ut alle dei svære serie-rutenetta på framsida (Nyleg oppdaterte seriar, Nyaste album, Populære seriar og Nye seriar) med netflixaktige radar med seriar der du kan skrolle til høgre/venstre for å vise fleire seriar.
130
Nettserier.no @nettserier.no · 24/02/2026
Eksperimenterer med rutevisningsmodus. Serieskaparen markerer i stripa/sida kvar rutene er, slik at brukarar på mindre skjermar kan velja å vise berre ei rute om gongen og enkelt bla mellom dei. Planen er at markerte ruter òg kan brukast t.d. ved eksport til Instagram og sånt. Trur dette kan funke.
030