Sign in

kvifor20.bsky.social

@kvifor20.bsky.social
435 followers 383 following 346 posts
PostsRepliesMedia
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 27/08/2026
Seglarkongen. Jegerkongen. Bilkongen. Naturkongen. Turkongen. Inkluderingskongen. Latterkongen. Kjenslekongen. Fylkeskongen. Kommunekongen. Noregskonge. Folkekongen❤️
1163
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 27/08/2026
Eg er so lei KI. Eg trur vi vert hjernesløve og inkompetente til slutt. Den dagen det brenn på dass so sit vi der og ikkje anar korleis verda fungerer utan. Skremmande.
3160
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 25/08/2026
God natt til deg som ventar. Lengtar. Til deg som har funne di hamn og til deg som framleis er på leit. God natt til bymus og landmus. Husmus og fjøsmus. God natt og la uroa og tunge tankar ta pause. God natt💙
2190
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 23/08/2026
1180
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 21/08/2026
Tenk; i dag er både eg og ho Emmylou Harris i Oslo på same tid. Tilfeldig? Neppe🥰
0160
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 20/08/2026
Trudde eg hadde sett det meste, men i dag vart eg vitne til full krangel i eit kommentarfelt under ei sveleoppskrift🙄 det var feil røre, feil hevemiddel,feil deling av svela, feil smør,FEIL MÅTE Å HALDE SVELA PÅ. Makan! Folk er heilt utrulege. Men heller det enn anna netthets.
2260
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 31/07/2026
Har brukt tid i lag med gjengen min i dag. Vel anvendt tid💙
3434
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 08/07/2026
Tippar at nordmenn kjem til å vere den nasjonen med mest flex i magemusklane etter all roinga.
0100
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 24/06/2026
Straumbrot i Oslo. Også på Tons. Hadde dei spelt trekkspel hadde ikkje dette skjedd.
1354
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 03/06/2026
Altso; eg skal måle huset og ser at det er regn kvar dag framover til slutten av juni. Men vert eg slått i bakken av negativitet? Å neida. For det er nemleg 0% sannsynlighet for frost, og det er jo kjempeflott 😊
1130
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 26/05/2026
Donald Trump ser på seg sjølv som sin beste rådgjevar. Litt som meg. Eg er min beste rådgjevar. Det kan jo forklare eit og anna feilsteg her i livet. Eg klarer i der minste å innrømme mine feil og at rådgjevaren min kanskje ikkje alltid har rett.
080
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 20/05/2026
Helsing frå fjell og hav 💙
0180
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 14/05/2026
11081 minutt i lag med Dizzie Tunes si juleplate. Jaja. Eg veit verre folk å bruke tida mi i lag med.
170
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 22/04/2026
Smått interessant når nokon gjere det slutt med deg og grunngjev det med: du fortener nokon betre enn meg. Då må det vere lov å tenkje at den nye flammen til vedkommande ikkje fortener so mykje meir.
1141
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 14/04/2026
Lurer på kva tre det var. Grantre? Juletre? Furutre? Lønnetre?
5130
Reposted by @kvifor20.bsky.social
Jess Craven ❌👑 @jesscraven101.bsky.social · 10/04/2026
This is how Bruce Springsteen opened his concert in Los Angeles last night. 🔥🔥 Footage from @margaret_nagle on Threads.
908194347008
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 09/04/2026
Santelmann er god i rolla som Harry Hole. Men, for min del kunne Harry Hole blitt spelt av Rune Rudberg, Kong Harald eller Jan Thomas. Eg er framleis ikkje komen over at ein austlending spelte Varg Veum. Makan!!
3110
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 24/03/2026
RIP Chip ….. Taylor. open.spotify.com/track/6NVB6W...
open.spotify.com
Angel Of The Morning
030
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 17/03/2026
Ser på TV 2 nyhetene der Ringebu kommune har gjort vedtak om å ha beredskapslager med…. ved. Knis.
2110
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 12/03/2026
Tre brødre. Kan det vere Ole,Dole,Doffen? Joe,Jack og Avrell frå Daltonbrødrene? Olsen Brothers + ein ukjend bror. Ylvisbrødrene? B-gjengen? Carl, Brian og Dennis i Beach Boys? Eller, kanskje det rett og slett er tre brødre som ikkje er brødre; Eia, Johansen og Antonsen.
130
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 06/03/2026
Er på Wig Wam-konsert via døtra på Snap OG skriv ei pressemelding på vegne av Sogn og Fjordane Mållag. Det var ein kombo eg ikkje såg komme. Men, eg likar det.
0100
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 25/02/2026
At folk som ikkje skal rekke ferje har dårleg tid er for meg eit mysterium.
2150
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 24/02/2026
Den låta. Den teksten❤️ No matter where we are No matter where life takes us We will always be the way we were The way we were open.spotify.com/track/3JhMQ1...
open.spotify.com
Ceux Qui S’Aimaient - We Will Always Be The Way We Were French Version
020
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 22/02/2026
Mitt neste band skal heite Crew of course.
030
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 02/02/2026
Søkte opp trekkspel i Epstein-filene og eg er mildt sagt ikkje blid. Snakk om å dra eit uskuldig instrument ned i skiten. Makan.
0251
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 31/01/2026
Har fått meg nye ( store) progressive brillje. No ser eg verda på ein ny måte, men mykje er like gale som før. Ikkje vart eg so mykje smartare heller.
5370
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 31/01/2026
Eg kan ha mange feil, men eg har i alle fall ikkje hatt kontakt med Epstein.
1150
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 20/01/2026
Fann ein neonblå markeringstusj i sminkeveska mi. Av og til lurer eg litt på kva eg eigentleg styrer med.
290
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 01/01/2026
Eit ynskje for 2026: ja,det er fint med fred og slikt,men akkurat no ber eg om at vi kan få ein annan patent på korkane på mjølkekartongen. Eg trur ikkje det er dette som reddar verda eller kvaliteten på mjølka. (og før nokon vert i harme over min overfladiskhet: Jo, eg ynskjer meg fred på jorda og)
4270
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 31/12/2025
Godt nytt år til deg som ventar. Lengtar. Til deg som opplevde eit ræva år. Som knapt har holdt hovudet over møkka. Klapp på skuldra. Du kom deg gjennom det. Godt nytt år til deg som har fine ting i vente. Som er på livets opptur. Ingenting er betre enn det. Godt nytt år til absolutt alle💙💙
0331
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 28/12/2025
Lagar waldorfsalat. 2 av 4 i husstanden song, uavhengig av kvarandre, på låta til Tønes. 1) dei har god musikksmak 2) dei likar ikkje waldorfsalat 3) meir til meg
380
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 24/12/2025
God jul til deg som ventar.Lengtar. Til deg som feirar litt annleis i år. Til deg som ikkje feirer .God jul til deg som har gjort alt som er forventa, men likevel er ikkje folk nøgd. Fåkk dei! God jul til deg som framleis håpar og trur at jorda er deilig. Vi håpar og trur i lag med deg❤️ God jul!
1180
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 20/12/2025
God natt til deg som ventar. Lengtar. Til deg som ser enden på noko som har vore. God natt til deg som føler at solsnu ikkje kan kome fort nok . Til deg som er omgitt av mørkre. God natt til deg som håpar på betre tider. Dei kjem. Vi får tru det. God natt💙
0140
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 16/12/2025
Pendlarjulebord på ferja. På 10 minutt skal vi drikke, pule og sloss før vi køyrer i land og set snuten mot jobb.
1141
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 12/12/2025
Døtra har ADHD. Ho skal skrive semesteroppgåve om tilrettelegging i skulen for born med ADHD. Ho greier ikkje å konsentrere seg nok til å skrive semesteroppgåva. Ironisk.
1270
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 11/12/2025
Har leigebil. Ein Ford Kuga. Eg mistenkjer at den er frå Sørlandet ein stad. Ho mor tykte den var litt fin. Men, den gjekk litt fort. Best eg får tilbake min eigen bil som går litt saktare🙄
0100
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 06/12/2025
I går fekk eg peparkaker av elevane mine. Dei har skjønt det ❤️ Ho mor har blitt alvorleg sjuk, noko som gjere at dagane går litt i sitt eige tempo. Vi gjere ting i lag, so mykje som ho orkar. I dag har vi sydd rull. Det var fint❤️ litt annleis førjulstid og jul, men det går nok det og.
5270
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 02/12/2025
Mange år sidan sist eg var oppe i eit fly. Vart sjekka for sprengstoff vart eg og. Det er jo forståeleg sidan eg er so heit og lettantenneleg😬 🙄 Fekk lufta vitet og landa trygt på Gardermoen💙
180
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 01/12/2025
23 år and counting. Neste år tenkjer eg at det vert full peis.
060
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 28/11/2025
Bacheloren er levert og eg er klar for juleførebuingar Denne kjem til å gå om att og om att 💙 Nydeleg versjon. open.spotify.com/track/3trIZO...
open.spotify.com
Jula Hjemme
2210
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 24/11/2025
Fredsavtalen mellom Russland og Ukraina(eller Russland/USA og Ukraina ) minner meg om ein situasjon på ein skule der mobbaren og administrasjonen sit og finn ut korleis ein skal løyse situasjonen, medan mobbeofferet må godta løysinga og aller helst forlate klassa og skulen for at det skal bli fred.
1151
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 18/11/2025
Nortura kallar inn til digitalt grisemøte. Eg las krisemøte. Heller grisemøte enn krisemøte, sei. Skal kle meg i det flottaste undertøyet, pisk og tau. Øve inn noko dirty nynorsk. Håpar dei likar det.
1180
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 16/11/2025
Berre ei årleg påminning om å rense og vaske filteret i kjøkkenvifta di. Og har du som meg ein tømrar buande i huset som du deler vaskemaskin med og som har mykje løje i lommane, kan det vere lurt å sjekke lofilteret. Der kan det hamne mykje artig. Takk for meg.
2110
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 15/11/2025
God natt til deg som ventar. Lengtar. Til deg som har funne det tapte og til deg som har mista det umistelige. God natt til deg som ber mørkre med deg som ei tung kappe. Den vert nok lettare med tida, men du kan ikkje ta den av. God natt til deg som treng det💙 open.spotify.com/track/05XNDa...
open.spotify.com
Boulder to Birmingham - 2003 Remaster
0110
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 15/11/2025
Utan å røpe noko so kan eg berre seie at Ølhunden Berit er det beste eg har sett på lenge. Anders Basmo Christiansen er glitrande i rolla og formidlar so mange kjensler på ulike nivå. Eg trur vi, og då kanskje spesielt unge gutar treng å sjå denne.
160
Reposted by @kvifor20.bsky.social
Maren @gietlitevink.bsky.social · 10/11/2025
Psykologen anbefalte meg nettopp å gå inn i lokalpolitikken, og nå sitter jeg bare og lurer på hvor mange kommunepolitikere som er der fordi verken yoga eller puslespill funker for dem
1212411
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 08/11/2025
Når du trudde ei låt ikkje kunne bli betre. Dette var eit flott arrangement. Berre å ta på seg høyrelurane og kose seg. youtu.be/St6jyEFe5WM?...
youtu.be
Procol Harum - A Whiter Shade of Pale, live in Denmark 2006
YouTube video by Widespreadpanic41
190
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 03/11/2025
På veg til Bergen med hurtigbåten. Olav Stedje er på infoskjermen og syng «Vi vandrar saman». Kan det bli meir Sogn og Fjordane og Vestlandet enn det?
1170
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 02/11/2025
Har levert inn eit utkast av bacheloroppgåva mi. Innsåg brått at det kan både bety det det er, ei bacheloroppgåve eller i ungkarsoppgåve og no vart eg litt i tvil om kva eg har levert.
2170
kvifor20.bsky.social @kvifor20.bsky.social · 02/11/2025
Sit og ser på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Tenkjer at det er skikkeleg tøffe folk og at dei er litt rare som bur slik til. Innser at eg sit i det berømte glashuset og eg høyrer det singlar i glas. Jammen skal vi vere glad for at folk tek vare på kvar ein avkrok i landet vårt.
1170