Sign in

Ivar Espås Vangen

@Ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy
5 followers 7 following 257 posts

Doktorgradsstipendiat ved Institutt for historiske fag, NTNU 🌉 bridged from ⁂ snabelen.no/@Ivarv93, follow @ap.brid.gy to interact

PostsRepliesMedia
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 5h
– At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn nynorsk er berre ufatteleg, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er løyvinga til Noregs Mållag føreslått kutta med 775 000 kroner. Mållagsleiaren er sjokkert, og kallar […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 12h
Eg er ikkje prinsipielt imot lågare inntektsskatt. Problemet er at det jamnt over kjem meir til dei som har god lønn, og er derfor ikkje spesielt god fordelingspolitikk. Samstundes er alle skattekutta her pengar som kunne ha gått til heilt naudsynte […] [Original post on snabelen.no]
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 07/10/2026
Regjeringa legg fram forslag til nytt statsbudsjett. Det er triste greier. Vi kan vente oss: - Dyrare straum - Dyrare elbil - Dyrare barnehage - Lågare barnetrygd ....og litt lågare inntektsskatt da, som sjølvsagt treff dei som har høg inntekt mest. #regjeringa #statsbudsjettet2027 […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 05/10/2026
Om du lurer på effekten av propaganda, kan du lesa artikkelen her. Norsmenn flest trur 30 % av verksemda til Equinor er fornybar. I røynda er det 0,8 %. Det er berre å ta av seg hatten for propagandastrategien til selskapet, etter at dei slutta å kalle seg "Statoil". Det er verkeleg […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 05/10/2026
Erik Fossum i Pressfire har skrive eit solid stykke norsk kulturhistorie her. Gamereactor var lenge ein bauta innan norsk speljournalistikk. Så råtna det. Ein kan lære mykje om medieutviklinga dei siste 15 åra av artikkelen her. www.pressfire.no/artikkel/hva-skjed…
pressfire.no
Hva skjedde med... Gamereactor? - PressFire.no
Vi dykker dypt ned i historien til Norges første, og største, spillblekke – som nylig la ned.
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 25/09/2026
Ny episode i føljetongen "dette må inn i skolen!". #skolepolitikk #norsktut #norskpolitikk #framstegspartiet www.nrk.no/rogaland/kristoffer-birk…
nrk.no
Kristoffer Birkedal (Frp) vil at elever på videregående skal lære om «røde flagg» i parforhold
Frp-politiker ønsker mer undervisning i skolen for å forhindre at unge havner i usunne og skadelige parforhold. Forslaget hylles av unge.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 24/09/2026
Kvart 4. forslag frå #SV det siste året er truleg KI-kloakk. Det gjeld også forslaga deira om å regulere kunstig intelligens. Når sjølv sosialistane ikkje greier å skrive lenger, er det berre å gi opp. #KI #norskpolitikk #KIkloakk #stortinget #norsktut
112
Reposted by Ivar Espås Vangen
Børge @forteller.tutoteket.no.ap.brid.gy · 22/09/2026
Tweet from 2019:

@Grosdoriane
This is NOT what America is about. America is about
*opens history book*

uh oh

*Frantically starts flipping though pages*

uh oh. oh no. no no no. uh oh
033
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 21/09/2026
Det er ein ærleg sak å vera ei gul fagforeining, men den KI-kloakken her er langt over streken, altså. #samfunnsviterne #KI-kloakk #fagrørsla #ki
100
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 18/09/2026
Den nye samferdselsministeren er klar i talen sin: EØS-avtalen gjer at regjeringa droppar å stoppe privatiseringa av jernbanen. Total kapitulasjon på vegne av folkestyret her, altså. Ho innrømmer rett nok at det i teorien er mogleg, men at det vil krevja å "omorganisere hele jernbanesektoren" […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 10/09/2026
Kva synst dokker om dei nye trailerane frå siste Nintendo Direct? Eg har stor tru på det nye Metroid-spelet, og det blir artig å kunne spele Starfox Adventures igjen. Den nye utgåva av Persona 4 ser også veldig fin ut, sjølv om eg akkurat vart ferdig med originalen. Nye banar på Mario Kart […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
100
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 08/09/2026
Den mest presise kommentaren eg har lese til dagens PISA-sjokk. #skole #norsktut #lesekrisa #allheimen #norskpolitikk www.nettavisen.no/norsk-debatt/pisa…
nettavisen.no
4 av 10 gutter kan ikke lese Ole Brumm. Tenk på det
De er funksjonelle analfabeter. Vi har falt fra et helt uakseptabelt, forferdelig nivå – til noe mye, mye verre.
002
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 04/09/2026
Frå Morgenbladet: "Jeg har et veldig stort nettverk, men jeg kjenner ingen som tjener mindre enn 1,3 [mill]. Vi er helt vanlige folk. Ingen av oss føler oss rike." Eg blir alltid litt paff over ignoransen hos dei som lever heile livet sitt i småborgarlege parallellsamfunn. Fy faen […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 31/08/2026
Det går for tida ei forteljing om at nordmenn sløser så mykje med straumen no som Noregspris er innført. Det er berre tøv. Straumforbruket er forbløffande likt som før straumpriskrisa. Det er ingenting som tyder på at Noregspris, som for mange av oss ligg over det som var det "vanlege" […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
002
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 30/08/2026
Reaultatet av EU-folkerøystinga på Island kjem nok av at det norske kommentariatet ikkje har røysterett der.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 28/08/2026
Minneprogrammet på NRK om kong Harald var kjempefint. Verdt å sjå.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 27/08/2026
Partiet Høgre har visst nominert ein MAGA-kandidat som sin ordførarkandidat i Trondheim til neste år. Korleis skjedde dèt? Eg er glad eg ikkje er aktuell som veljar der i alle fall […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
100
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 26/08/2026
Jaja, det er vel ikkje noko anna å gjera enn å setja på nokre godlåtar av Dolly Parton i dag. Få andre artistar har skildra kvardagen til den landlege arbeidarklassen i Sambandsstatane så godt som ho. Kvil i fred.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 25/08/2026
To bustadar til sals i nabolaget. Ein på to millionar, og ein på tre. Om du jobbar i Trondheim, er det flott å bu på den andre sida av fjorden! Her er den til to: www.finn.no/realestate/homes/ad.htm… Her er den til tre […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 24/08/2026
Det beste med å bu på bygda er å høyre kattugla synge kvar kveld når eg legg meg.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 21/08/2026
Å vera millenial som opplevde barndommen utan sosiale media og smarttelefonar kjennast litt som å vera med på det siste helikopteret frå Vietnam i 1975.
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 20/08/2026
"Don't threaten me with a good time", er vel det dei seier om sånt borte i Sambandsstatane. Angie Nixon vann nominasjonsvalet til Demokratane sin kandidat til senatsvalet i Florida med berre 1/16 av pengane motkandidaten hennar hadde. Organiserte folk kan vinne […] [Original post on snabelen.no]
001
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 19/08/2026
"USA og Kina har ulike visjoner for hvordan KI skal utvikles og brukes. USAs visjon baserer seg på en allianse av land med delte verdier, som sammen skal styre utviklingen av KI og bestemme hvordan den skal anvendes. Kina sier på sin side at målet er å sikre alle lik tilgang på teknologien, og […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 18/08/2026
Ketil Raknes skriv godt om korfor høgrepopulismen har så gode kår for tida. Kort fortald: fleire og fleire i Vesten kjenner seg som taparar. Eg synst Raknes er litt for varsam i analysen sin. Det er ikkje berre i Vesten folk kjenner det sånn. #høgrepopulisme #norskpolitikk […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 17/08/2026
Eg undrar på om eg skal kjøpe ny (smart)-telefon snart, og er ute etter å høyre kva erfaringar folk har med litt "alternative" merke. Eg er spesielt nysgjerring på #Fairphone og på #Jollaphone. Eg vil gjerne at telefonen skal ha lang levetid, vera brukarvennleg, og vera trygg. Samstundes vil […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
200
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 16/08/2026
"Vi have saadan Betragtning efter nøje aoverlæg allernaadigst besluttet, udi Vores Riger og Lande i Almindelighed at tillade en uindskrænket Frihed for Bogtrykkerierne saaledes: at fra nu af skal ingen være pliktig eller forbunden til at lade sine Bøger og Skrifter (...) underkaste den hidtil […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
100
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 14/08/2026
"Kina ser for seg at KI, i stedet for å være et markedsprodukt, skal være et offentlig gode som skal tilbys av staten som en slags 'digital offentlig infrastruktur'. Denne framtida slår meg som et dystopisk helvete". - Dean Ball, frå Open AI. #norsktut #kunstigintelligens #ki
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 13/08/2026
Var det fleire som såg partileiardebatten på NRK i kveld? Hvad tycks? Sjølv synst eg det var fint å sjå at Vedum var såpass klar på at #Senterpartiet ikkje var einig med #Høgre og #Framstegspartiet i skattelutta deira til dei rikaste. Men eg er IKKJE spesielt imponert over Støre i debatten […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
200
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 13/08/2026
Fagforeininga IF Metall tapte streiken mot Tesla i Sverige. Det her er eit beinhardt slag mot arbeidslivsmodellen i Skandinavia. Det viser kor krevjande det er å bli ståande (så å seie) aleine i møte med ein av dei sterkaste kohortane i internasjonal storkapital. #streik #tesla #fagrørsla […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 13/08/2026
Korfor går halve Trondheim rundt i bestefar-tøflar utandørs, og dèt i eit år kor vi ikkje ein gong har hatt sommar?
101
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 12/08/2026
Berre 29 prosent av hushaldningane i Midt-Noreg har valt å teikne Noregspris. Kan dei ikkje like gjerne opprette ekstra autotrekk til kraftselskapa først som sist, når dei uansett er så godt i gang med betale overpris for straumen sin? #noregspris #norsktut #energi #straum
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 11/08/2026
Ny meiningsmåling om korleis nordmenn stiller seg til bygging av datasenter i Noreg. Det som overraska meg mest, er at fleirtalet er større blant menn (51 %) enn hos kvinner (38 %). Illustrasjonen er henta frå #Klassekampen. #norsktut #norskpolitikk #datasenter #energi
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 07/08/2026
Er det fleire som har skaffa Switch 2 her? pressfire.no/artikkel/switch-2-fort… #norsktut #videospel #allheimen
pressfire.no
Switch 2 fortsatt den raskest selgende konsollen - PressFire.no
Har solgt over 23 millioner.
100
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 06/08/2026
Israel tapte Demokratane sin nominasjonskamp i Michigan. Det til trass for at Israel-lobbyen investerte nærmare 300 millionar kroner i sin kandidat. Som Hasan Piker skreiv: organiserte folk vann over organiserte pengar. #amerikanskpolitikk […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 02/08/2026
Eg kan tenke meg å støtte Wikipedia-prosjektet økonomisk. Korleis er det likast å gjera det frå Noreg? Eg meiner å ha sett det nemnt her inne. #norsktut #wikipedia
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 29/07/2026
Med argumentasjonen der kan ein like greitt leggja ned heile Miljødirektoratet. Det er heilt uforståeleg at ein framleis gir løyve til å plante sitkagran i Noreg når ein veit kva konsekvensane er. Ein kan sjølvsagt stille spørsmål med kor fornuftig det er å prøve å utrydde ho, men ein treng i […]
snabelen.no
Original post on snabelen.no
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 27/07/2026
Sånn opplevde innbyggjarane i Mo i Rana dagleg i fleire år etter at koksverket vart etablert i 1964. Alt som var utandørs vart dekt av raudt støv. Først seint på 1970-talet fekk ein ei form for rensing på anlegget, og i 1988 vart det nedlagt. Det er fort gjort å […] [Original post on snabelen.no]
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 26/07/2026
Energimiksen i verda går sakte i riktig retning. Merk: "sakte". Samstundes kan eg ikkje forstå korleis omstillinga skal vera mogleg utan meir kjernekraft. #energi #norsktut #miljø
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 20/07/2026
Det er ein tragedie at #Høgre er meir restriktive i møte med datasenterutbygging enn det #Arbeidarpartiet er. #norskpolitikk
000
Ivar Espås Vangen @ivarv93.snabelen.no.ap.brid.gy · 19/07/2026
Fy faen, for eit usympatisk lag Argentina har stilt med.
000