Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 20/05/2026Det får då vera grenser for kor mange som får sjansen i VM før Zlatko Tripić! 040
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 17/04/2026Primært på at den såkalla jernbanereforma var ein jævleg dårleg idé. 092
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 28/03/2026Fetteren min (52) brukte under fem minutt etter ankomst på å fyra i gang ein debatt om drivstoffprisar og det nyaste politiske dramaet med far min. Eg er relativt imponert. #Påskeiheimen 050
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 20/03/2026Eg skulle likt å sjå resultatet viss NRK hadde sendt Bjørn Myklebust til å intervjua kronprinsparet. 010
Reposted by IngjerdNils Henrik @nilshenrik.bsky.social · 06/03/2026Her er eg ikkje sikker, men det er vanskeleg å kome på noko anna plausibel forklaring enn at menn er veldig, veldig, veldig, veldig dumme ☹️ 5737
Reposted by IngjerdOnd latter(mild) 💀 @lattermild.bsky.social · 04/03/2026Overhørt i landskapet angående KI: "Den er så dårlig, det eneste den er brukbar til er ting jeg ikke vet noenting om." Du er SÅÅÅÅ nære å skjønne det. 510915
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 25/02/2026I går måtte eg fortelja om/forklara kyllingstuntet til ein kollega. Usikker på om eg nokon gong har følt meg så gamal. 040
Reposted by IngjerdJosimarFootball @josimarfootball.bsky.social · 23/02/2026Hva skjer når man etter 34 år med lidelse plutselig begynner å håpe? Knut Gjerseth Olsen har satt ord på Viking-sesongen 2025. Det ble et år med sterke følelser. josimar.no/artikler/var...josimar.noVår forbanna drøm • josimar.noHva skjer når man etter 34 år med lidelse plutselig begynner å håpe? 0102
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 20/02/2026Kan aking reknast som trening i arbeidstida? Spør for ein ven. 330
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 19/02/2026Fysaken tidlegare kjend som prins Andrew blei arrestert på 66-årsdagen sin. Føler det er ein vits her knytt til at livet fyrst tek til når ein blir 66, og at ein kan gjera kva ein vil. 010
Reposted by Ingjerd✩₊˚.⋆⛧°.⋆༺Merricat🦇༻⋆.°⛧⋆⁺₊✧ @croxus.bsky.social · 04/02/2026Norsk media denne uken: Mindreårige kvinner, og gutter på 29. 223486
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 02/02/2026Greitt nok at høgrefolk elskar å slå saman ting, men Viking/Glimt eller Bodø/Viking verkar som ein dårleg idé. 020
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 01/02/2026Har endeleg vore på kino og sett Affeksjonsverdi. Bra film, men litt lite ishockey. 130
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 23/01/2026I dag kom fyrste episode av Heated Rivalry, og eg får ny robotstøvsugar. Det er ein stor fredag for mi indre kjerring. 010
Reposted by IngjerdØyvind Wedøe @oyvind-wedoe.bsky.social · 14/01/2026Var det her det var bestilt verdens danskeste politiker? 719827
Reposted by Ingjerdinnes mck @innes.bsky.social · 03/01/2026"international law must be followed" is european for "thoughts and prayers" 65136764152
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 02/01/2026Mor mi, som er pensjonist, var i overkant ivrig etter å ta på seg ekstravakt i kveld og i morgon, så lurar på om ho er litt lei av å ha meg på julebesøk. #juliheimen 050
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 01/01/2026I årets sesong av Mesternes Mester kommenterer nokon kor god gjeng dei har blitt, allereie før dei flytta inn i huset. Det må vera ny rekord. 130
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 01/01/2026Ingjerd (42 år) kan dessverre ikkje koma på jobb i morgon, fordi ho skada albogen sin då ho hadde kappløp på akebrett ned låvebrua med tanteunge (6 år). 020
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 01/01/2026Føler eg går i barndommen når eg er på ferie heime hos foreldra mine — ungar kjem på døra og spør om eg vil koma ut og leika, mamma ropar meg inn når det er middag. 030
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 30/12/2025Korleis romjula går? Vel, trur akkurat eg blei gjort arvelaus etter å ha påpeika eit (ufrivillig) regelbrot av pappa og så direkte etterpå knusa han i kortspelet. #juliheimen 060
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 28/12/2025Føler meg sjeldan så gamal som når eg klagar over at Julenøtter var mykje betre før i tida. #juliheimen 140
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 23/12/2025Det var tilløp til dramatikk då tanteungen på 6 år plutseleg mista framtanna midt under julegrauten, men heldigvis landa ho ikkje i grautskåla. #juliheimen 080
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 22/12/2025Ei utfordring med å ha heimekontor hos foreldra mine er den tilsynelatande endelause tilgangen på julekaker. #juliheimen 141
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 14/12/2025Som følgje av fleire mindre suksessfulle gåver, pleier pappa alltid å ringa meg tidleg i desember for å høyra kva han skal gje mor mi til jul, og om eg kan ordna det for han. Det er 14. desember, og han har ikkje ringt enno, så no er eg ekstremt spent på kva som ligg under treet på julaftan. 2100
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 11/12/2025Fastlegen min starta med å seia han var glad eg kom innom før nyttår, så han fekk gratulert meg med seriegullet, og så starta han ein større diskusjon om norsk fotball. Fekk litt helsehjelp òg. 130
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 09/12/2025Såg "Sagaen om Isfolket" på Nationaltheatret i går kveld og slit framleis med å finna orda for verkeleg å få formidla kor ekstremt dårleg det var på alle vis (og eg er positivt innstilt til bokserien). 110
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 02/12/2025Det er litt upraktisk når gullfeber og potensiell regjeringskrise skjer samtidig, for eg har ikkje hatt kapasitet til å følgja med på begge delar, men eg går berre ut frå at det er statsminister Zlatko Tripić som møter i Stortingets spørjetime i morgon? 010
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 26/11/2025Sikkert teikn på at det er litt spesielle tider: Snakka fotball heller enn politikk med Lars Nehru Sand då eg møtte han på jobb. 120
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 18/11/2025Nei, eg har ikkje inntrykk av at fotball er hennar sterkaste side. 130
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 15/11/2025Er invitert i eit dame-rakfisklag i dag, men er litt bekymra for at dei ikkje er like interesserte i finalen i Rogalandscupen som eg er. Klarar min moderklubb Tonstad å slå byggefeltet Bogafjell? Blir Daniel Tjørhom toppskårar? Blir det banestorming frå ordføraren? 040
Reposted by IngjerdNils Henrik @nilshenrik.bsky.social · 31/10/2025God morgon og hjarteleg velkomen til det alle utan tvil har venta på, nemleg den store kåringa av dei beste klubblogoane i Rogaland fotballkrets! Her er ingen plass for Bryne (globus oppå gigantisk salatblad) eller Viking (hatten til fugledama i Home Alone II), men derimot ti andre klassikarar! 🧵 16739
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 22/10/2025Det er når ein tilsett i stortingsrestauranten ropar "Der kjem ho! Me har venta på deg i heile dag!" at du forstår at du kanskje har eit usunt forhold til deira chili con carne. 4160
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 20/10/2025Usikker på om eg nokon gong har høyrt ein podkast som har gjort like språkleg vondt som vekas episode av Spiss Vinkel. 121
Reposted by IngjerdSven Egil Omdal @svenni.bsky.social · 14/10/2025Dette er Aftenpostens prioritering: 20 frigitte israelere får fire sider, inkludert hele forsiden. Bilde av samtlige. De er individer. 1700 frigitte palestinere får to små avsnitt, uten navn eller bilde. De er en underordnet, uviktig masse. Slik bidrar Aftenposten til å forsterke maktforholdet. 11328108
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 14/10/2025Dei fleste verva på Stortinget er fordelte, men eitt viktig står igjen: leiar av Løvebakken mållag. Kven tek over etter @rotevatn.venstre.no? Og vil vedkomande endeleg få "Det lyser i stille grender" tilbake som allsong på Stortingets julelunsj? 2162
Reposted by IngjerdMathias Kilsti Hals @kilstihals.bsky.social · 12/10/2025«Nyvalgt stortingspolitiker mottar stortingsgodtgjørelse hun ikke selv har vært med å vedta engang» Nettavisen vet så syyyyykt godt hva de gjør når de bruker Frøya til en sånn sak 915115
Reposted by IngjerdThomas Storfjord @thomasstorfjord.eurosky.social · 11/10/2025"No, Mr. Bond. I expect you to pay tax." 1676
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 11/10/2025Eit av mine høgdepunkt med høgtideleg opning av Stortinget er å sjå korleis den utvalde statsråden handterer å lesa talen om rikets tilstand på nynorsk. Landbruksminister Sandtrøen ser ut til å ha øvd og ta oppgåva like seriøst som Hoksrud i si tid gjorde — terningkast 6! 3192
Reposted by IngjerdEirik Helleve @jymbre.bsky.social · 04/03/2025Amatør er tilbake! Amatør kjem med eitt nummer kvar månad, der ulike luringar fortel om kva dei gjorde den 15. i kvar månad. Det er redigert av sjølvaste Dag Johan Haugerud og endå meir sjølvaste Kjartan Helleve, og kostar berre 380 kroner for året. Send SMS til 94 39 79 98. 161
Reposted by IngjerdMahatma Internet @nyfikenful.bsky.social · 06/10/2025Ingen borde få fredspriset i år. Alla får gå till sina rum istället och tänka på vad dom har gjort. 9438121
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 01/10/2025Synest det er litt vanskeleg å ta den nye leiaren av Fellesforbundet seriøst — sørlendingar kan då ikkje stå hardt på krava? 020
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 27/09/2025"Eg har forresten ein hauk liggjande!" Sånt høyrer eg aldri i Oslo. #haustferie 010
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 26/09/2025Skal bu i huset til foreldra mine åleine eit par dagar. Mor mi har informert meg om to ting: kor nøkkelenligg, og kor mykje Pepsi Max dei har i hus. Usikker på om det seier mest om ho eller meg. 150
Reposted by IngjerdStortinget @stortinget.no · 10/09/2025De siste stemmene telles fortsatt, men valgdeltakelsen ved årets stortingsvalg ligger an til å bli den høyeste på 36 år. 25412
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 08/09/2025Ja, ja, politikk og sånt er viktig, men som stortingsreferent er eg mest oppteken av å få inn stortingsrepresentantar med godt språk, retorisk talent og nynorsk som hovudmål. 1162
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 04/09/2025Er på krinsmeisterskap i "Eg har ikkje eit spørsmål, det er meir ein refleksjon" — eller avdelingsseminar, som det eigentleg heiter. 020
Ingjerd @ingjerd.bsky.social · 02/09/2025Usikker på om å sjå på partileiardebattar er mest som dop eller sjølvskading for meg, men positivt er det uansett ikkje. 020