Sign in

DAG OG TID

@dagogtid.bsky.social
355 followers 10 following 248 posts

Ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk. Utanfor dei store mediekonserna. Og i vekst.

PostsRepliesMedia
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 20h
Å tilpassa FN til ei ny tid blir ei nesten overmenneskeleg oppgåve, skriv Halvor Tjønn. Les kommentaren i DAG OG TID. (abo)
dagogtid.no
(+) FN – møtestaden som har hangla i 80 år
Den nye generalsekretæren i FN – uansett kven det blir – får ei nesten overmenneskeleg oppgåve med å reformera og tilpassa organisasjonen til ei ny tid.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 29/09/2026
Dei siste åra er det utvikla eit tettare samarbeid mellom dei nordiske landa og Canada. Les artikkelen av Øyvind Glosvik på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Canada knyter seg tettare til Norden
Med ein trugande amerikansk president i bakgrunnen vil statsminister Mark Carney stake ut ein meir sjølvstendig kurs for Canada – med Norden på laget.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 29/09/2026
Açaí skulle vere berekraftig supermat. Så vart etterspurnaden for stor. Les meir i DAG OG TID. Artikkelen er open for alle.
dagogtid.no
(+) Ikkje våre antioksidantar
Nokre helsevinstar bør få bli i regnskogen.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 21/09/2026
USA har alt i dag stor fridom til å vere til stades på Grønland militært. Dag og Tid skreiv i januar den ganske elleville historia om korleis avtalen frå 1951 kom på plass. Ho kan tene som bakgrunn for å vurdere den nye avtalen. Artikkelen er open for alle.
dagogtid.no
Avtalen som gav USA makt på Grønland
Ein forsvarsavtale frå 1951 står sentralt i kontroversen mellom Danmark og USA.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 16/09/2026
«I Sudan treng to tredelar av befolkninga på 50 millionar hjelp, men Vesten har det for travelt med brutaliteten i Palestina og Ukraina til å bry seg med den gløymde krigen i Afrika. Likevel medverkar vi til han», skriv Gunnar Garfors. Kommentaren er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Krigshissing frå lenestolen
Det bør ikkje hjelpe mykje på medvitet at støtta til vald, drap og fordriving av millionar av sivile er passiv, skriv Gunnar Garfors.
042
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 15/09/2026
Torsdag 3. september var Fröken Snusk saman med Louise Andersson Bodin ute med ny musikk: «Om du frågar Nooshi». Teksten er eit faktisk åtak på Vänsterpartiet og partileiar Nooshi Dadgostar, skriv Tor Martin Bøe. Kommentaren er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Medan dei svenske partia kjempa om merksemd i riksdagsvalet, gjekk eit åtak på Vänsterpartiet frå ein epadunk-artist heilt til topps på Spotify.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 14/09/2026
Russlands nye taktikk med å halde dronar flygande over hovudstaden bortimot kontinuerleg, har delt Kyiv i to i endå større grad enn før, skriv Andrej Kurkov. Les eller høyr artikkelen. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Opne og stengde bruer
Kampen for å halde bruer av alle slag opne er ein avgjerande del av krigen i Ukraina.
011
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 03/09/2026
Skrekkscenarioet til Kina-forskaren Andreas Fulda er at Kina erobrar Taiwan i 2027, og at Europa må klare seg utan den teknologien som driv moderne samfunn. Les artikkelen frå Weekendavisen på dagogtid.no. (abo)
dagogtid.no
(+) Når Pax Americana sviktar
Ei annektering av Taiwan vil få større følgjer for verda enn Russlands åtak på Ukraina i 2022, meiner Kina-forskar Anderas Fulda.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 03/09/2026
Som betraktar er det interessant å finne ut kvifor enkelte motiv vekker ubehag, skriv Mona Mørk. Ho melder utstillinga «Arguineguín». Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Er det ikkje lov å vere folkeleg heller no?
Lena Trydal legg lag på lag med dårleg smak, fordi ho vil. Men må ein lage eit fiendebilete for å rydde plass til eigen eksistens?
020
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 02/09/2026
Når det overordna målet med kroppsøving er livslang rørsleglede, er kanskje ikkje fleire gode karakterar heller det verste, skriv Maren Bø. Kommentaren er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Kroppsøving er betre no enn før
Ein kan få inntrykk av at kroppsøvingsfaget er ute å køyre. Eg er ueinig.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 18/08/2026
Kinesarane installerer meir sol og vind enn resten av verda samla. Kommentaren er open for alle. Les eller lytt 🎧
dagogtid.no
Den grøne supermakta Kina
Kina bygger framleis ut kolkraft, men er no leiande på både grøn energi, elbilproduksjon og – ikkje minst – handsaming av råmineral.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 14/08/2026
Måten dei to store namna på Øya-torsdagen har brukt publikumskontakten som bloggarar på, viser seg å vere avgjerande for konsertane deira, skriv Tor Martin Bøe.
dagogtid.no
(+) «Det er den beste Nick Cave-konserten eg har sett. Kanskje ein av dei beste konsertane nokosinne, uavhengig av artist.»
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 13/08/2026
– Vi bruker altså uhorveleg mykje pengar på gårsdagens teknologi, seier økonomen Moritz Schularick om det tyske forsvaret. Intervjuet frå Süddeutsche Zeitung kan du lese på dagogtid.no og i appen. (abo)
dagogtid.no
(+) – Forsvarsprogrammet til 700 milliardar euro kan renne ut i sanden
Økonomen Moritz Schularick rettar skarp kritikk mot forsvarsminister Boris Pistorius.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 13/08/2026
«The Cure spelte ein fantastisk konsert på Øya i 2019. Konserten i 2026 var betre.» Musikkmeldar Tor Martin Bøe skriv frå Øyafestivalen. Open for alle på Bluesky 😀
dagogtid.no
(+) Onsdagen på Øyafestivalen 2026 hadde kanskje både den mest bråkete og den lengste konserten i festivalen si historie.
Og begge var bra.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 10/08/2026
Vi kan ikkje leve med at det å vere ei bør for andre, å miste kontroll, kroppsleg eller mentalt, og å vere avhengig av hjelp, er vorte ei skam, skriv Eivor Andersen Oftestad. Les meir i DAG OG TID. Kommentaren kan du også lytte til.
dagogtid.no
(+) Dødshjelp på fransk
Det må ikkje verte ei skam å vere avhengig av hjelp frå andre.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 10/08/2026
Den visuelle iscenesetjinga av kroppen hennar er eit uløyseleg element av «produktet» ho sel til millionar av unge jenter over heile verda, skriv Monica Goksøyr om Ariana Grande. Kommentaren er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Jo, i nokre tilfelle må me kunne kommentere kropp, skriv Monica Goksøyr
021
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 04/08/2026
«Frå taket dingla ei saks, som om gartnaren nettopp hadde klipt ein drueklase og gått heim for dagen.» Heligan med over 800 mål er Europas største hageattskapingsprosjekt. Les meir på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Den forsvunne hagen Heligan
Då Storbritannia gjekk inn i første verdskrigen i august 1914, skreiv ni gartnarar på herregarden Heligan signaturane sine på ein dovegg.Berre fire av dei kom heim i live.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 08/07/2026
Er tre så mykje viktigare enn annan natur, spør Siri Helle i denne kommentaren. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Ikkje alle tre er like mykje verde
EU må gjerne verne om skog – men dei kan ikkje gjere det på same måte overalt.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 06/07/2026
Eg trur ikkje dei har tenkt over at dette er språket eg har skrive tale i gravferda til bestemora mi på, kjærleiksdikt til kjærasten min. Språket eg tekstar med far min på. Om dei hadde forstått det, trur eg dei hadde sett absurditeten i spørsmålet «er du for nynorsk?», skriv Monica Goksøyr.
dagogtid.no
(+) Språket mitt, identiteten min
For dei som skriv majoritetsnorsk i dag, kan det synast latterleg å snakke om skriftspråk som noko personleg.
111
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 29/06/2026
Kan demokratiet vårt ha nytte av KrF som motvekt i ein generelt verdiliberal politisk kultur, spør Svein Tuastad i denne kommentaren. Les meir på dagogtid.no. (abo)
dagogtid.no
(+) Kven har bruk for KrF?
Nye KrF liknar eit gamaldags kristenparti. Fyller KrF likevel ei rolle vi treng i demokratiet?
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 26/06/2026
Skattepolitikk er ikkje verdinøytral naturvitskap, det er ei slagmark for beinharde interessekonfliktar, skriv Per Anders Todal i denne kommentaren. Les eller lytt i Dag og Tid. (abo)
dagogtid.no
(+) Gode tider for dei rike
Dei nye tonane om formuesskatten tyder på at Jonas Gahr Støre har overlate regjeringsansvaret til Jens Stoltenberg.
100
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 25/06/2026
Ukraina går stadig oftare til åtak på verksemder i oljebransjen, og åtaka blir hardare – berre i mai blei åtte av dei ti største oljeraffineria i landet råka. Les artikkelen av Aleksandr Saburov på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Drivstoffkrisetider
I mai blei åtte av dei ti største oljeraffineria i Russland råka.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 24/06/2026
Tilhøva på Cuba går frå vondt til verre, skriv Vegard Bye. Kommentaren kan du lese på dagogtid.no. (abo)
dagogtid.no
(+) Kva vil USA med Cuba?
Det er framleis ei gåte kva president Donald Trump vil oppnå med Cuba, og korleis det skal skje. Kanskje får vi snart vite det, skriv Vegard Bye.
011
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 23/06/2026
Seniorforskar ved Institutt for forsvarsstudium (IFS) Magnus Håkenstad er uroa for at det kan oppstå ein situasjon der Russland feilvurderer og bestemmer seg for å testa Nato-samhaldet og artikkel 5, og at ein konflikt så eskalerer derifrå. Les meir i DAG OG TID. Open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Meiner Forsvaret er i fredstempo
Framdriftsplanen for forsvarssatsinga speglar korkje alvoret, behova eller retorikken om krig, hevdar seniorforskar Magnus Håkenstad.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 18/06/2026
– Det kostar å vere avhengig av Kina, og dette må ein ta på alvor i styreromma, seier Elisa Hörhager. Ho representerer den tyske industriorganisasjonen BDI i Beijing. I intervjuet i Süddeutsche Zeitung forklarer ho kva tyskarane risikerer, og på kva område kinesarane er særleg sårbare. (abo)
dagogtid.no
(+) Den tyske regjeringa vil at selskapa skal vere minst mogleg avhengige av Kina.
Mange konsern satsar likevel stort i landet.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 17/06/2026
Vi lever i eit land med mange elvar, men forureining, kraftutbygging og annan menneskeleg aktivitet har ført til at både planter, dyr og sårbare naturtypar er truga av utrydding. Les meir på dagogtid.no (abo)
dagogtid.no
(+) La elva leve
Vasskraft og varmare vatn trugar livet i elvane.
021
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 16/06/2026
Ein Smooth-IS med smak av mango og pasjonsfrukt inneheld ikkje meir enn 3 prosent mango og 2 prosent pasjonsfruktjuice, skriv Siri Helle. Ho meiner det er på tide å synleggjere – og ansvarleggjere – produsentar som medvite lagar mindre sunne og meir prosesserte variantar innanfor ei produktgruppe.
dagogtid.no
(+) Fruktdrikk
Endå ein ting industrien jobbar hardt for å øydelegge.
121
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 11/06/2026
I dag er kvar organisasjon som minner oss på den innfløkte historia vår, om undertrykking og brotsverk utførte av staten, per definisjon ekstremistisk, skriv Aleksandr Saburov.
dagogtid.no
(+) Krigen mot historia
Dei russiske styresmaktene redigerer si eiga fortid.
100
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 11/06/2026
I 2007 fekk ein russisk oligark kjøpe det store aluminiumsverket Aughinish Alumina utan at særleg mange slo alarm. Artikkelen er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Avslører russisk våpenindustri i Irland
Er det aluminium frå Irland i russiske våpen i Ukraina-krigen? Svaret er truleg ja.
0115
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 10/06/2026
Ein kan gruble på dette med å leite etter kjærleik på Mars. Kan det vere lettast å leite der sjansen for å finne han, er minst? spør kunstmeldar Mona Mørk. Les meldinga av Kunstdøgn. Open for alle på Bluesy. 🙂
dagogtid.no
(+) Eit organ her og ein astronaut der
Kva kan ei morkake og jakta etter kjærleik på Mars ha til felles? Svaret er enkelt: Det er kunstdøgn i Stavanger.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 10/06/2026
Det er klart at desse dikta vil noko. Dei vil leve, skriv Sindre Ekrheim. Han melder «Den siste sommer­fuglen. Dikt fra Gaza». Lyrikkmeldinga er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Krigen og det poetiske blikket
Palestinske Nima Hasan skriv ikkje dikt for diktets eiga skuld. Dikta er skrivne med krigen som horisont. Og dei er gode.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 10/06/2026
Det som gjer mjølka vår god og viktig, er akkurat det same som gjer ho vanskeleg å omsette, skriv Siri Helle. Heile artikkelen kan du lese på dagogtid.no. Open for alle på Bluesky!
dagogtid.no
(+) Om vi har for lite eller for mykje mjølk i Noreg, kjem an på kva mjølk vi ynskjer oss.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 09/06/2026
Den økonomiske eliten har meir makt enn vi liker å tru, seier Marte Lund Saga, doktorgrads- stipendiat i sosiologi ved Universitetet i Oslo. (abo)
dagogtid.no
(+) Den stille makta
Noreg har sterkare økonomiske elitar enn vi ofte trur, er konklusjonen i ein fersk doktorgrad. No vil elitane ha større politisk påverknad.
1111
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 08/06/2026
Det som har gått føre seg, er ei delvis føydalisering av kysten, skriv Morten A. Strøksnes. (abo)
dagogtid.no
(+) Soga om lakseskatten
Oppdrettsnæringa kjempar mot grunnrenteskatten og ser ut til å lukkast. I så fall skjer det på falske premissar – og på grunn av lobbyarbeidet til ei særs mektig næring.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 05/06/2026
Storebror i Washington er ikkje lenger til å stole på. Skal Noreg søke ly under ein fransk atomparaply? Artikkelen kan du lese eller høyre 🎧
dagogtid.no
(+) Atombomba på fransk
Franske kjernevåpen skulle sikre Frankrike sjølvstende. Kan dei no verne Europa mot russarane?
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 04/06/2026
Når me skrur av loket på glaset med etymologiske teoriar, sprett det opp mangt rart. Nokre koplar escroue til latin scrofa (‘purke’). Grunngjevinga ymsar. Er det likskapen mellom skruen og eit rotande grisetryne folk har tenkt på? Spør Kristin Fridtun i «Ord om språk». Open for alle på Bluesky 😀
dagogtid.no
(+) Ein skrue laus
Når me skrur av loket på glaset med etymologiske teoriar, sprett det opp mangt rart.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 03/06/2026
Blir sjøen særleg varmare enn 16 grader, får ikkje fisken nok oksygen. Stig temperaturen til meir enn 19–20 grader, kan det bli livsfarleg, skriv Arve Nilsen. Kommentaren er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Kokt fisk
Det er alt i ferd med å bli uforsvarleg å drive sjøbasert oppdrett av fisk langs delar av kysten, skriv Arve Nilsen.
021
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 03/06/2026
Dersom ein FPV-åtaksdrone kostar så lite og kan øydeleggje så mykje – ein radar, eit luftvernsystem, eit fly på bakken eller ei stridsvogn til fleire titals millionar – så endrar dette dramatisk på proporsjonane mellom kostnadene til offensiv og defensiv krigføring, skriv Torbjørn Knutsen.
dagogtid.no
(+) Dronekrig skaper krise i Kreml
I april tok ukrainarane att litt territorium. I mai var minnedagen for Russlands siger over Nazi-Tyskland ein skugge av seg sjølv. Det er krise i Kreml.
110
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 01/06/2026
«Eg vil rive av meg brillene og ta ut veneflonen, vil seie frå til sjukepleiaren at eg vil gje meg, men eg får ikkje til å tale eller å røre handa.» Eskil Skjeldal skriv om ketaminbehandlinga han no er i gang med. Del 3. Les eller lytt (abo)
dagogtid.no
(+) Mørket på botnen
Eit intenst mørke breier seg i meg, og eg mistar kontakten med verda. Eg har ikkje mørke tankar, eg er mørket. Eg er fortapt.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 29/05/2026
Sidan 2010 har fødselsraten falle verda over, langt raskare enn demografane hadde sett for seg. Kan smarttelefonen ha skulda? Artikkelen av Per Anders Todal kan du lese eller høyre. Open for alle på Bluesky 😊
dagogtid.no
(+) Når ungane uteblir
Det skjer noko merkeleg med folketalet i verda, og demografane er tekne på senga. Kor blir barna av?
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 28/05/2026
Om ikkje ukrainarane var opptekne med å overleve krigen, ville Zelenskyj ha vore i ei alvorleg knipe. Men i auga til befolkninga er leiarevnene hans i motstandskampen heilt avgjerande, skriv Andrey Kazankov. Artikkelen frå Weekendavisen kan du lese på dagogtid.no. (abo)
dagogtid.no
(+) Alle presidentens menn og spåkoner
Korrupsjon i Volodymyr Zelenskyjs indre krins kan komme til å koste han makta. Men truleg ikkje før krigen er over.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 27/05/2026
Når Spania går til høgre, tek statsminister Pedro Sánchez ein krapp sving til venstre. Kan han bremse høgrebylgja og sigre i sitt tredje val? Kommentaren av Ivar Hippe kan du lese på dagogtid.no. (abo)
dagogtid.no
(+) Sánchez treng eit nytt mirakel
Når Spania går til høgre, tek statsminister Pedro Sánchez ein krapp sving til venstre. Kan han bremse høgrebylgja og sigre i sitt tredje val?
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 26/05/2026
Det å investere i velferda og utdanninga til ein borgar som slengjer døra til moderlandet igjen når han når alderen der han sjølv kan byrje å bidra til fellesskapet, må kanskje reknast som sløsing, skriv Monica Goksøyr. Open for alle på Bluesky!
dagogtid.no
(+) Skuldfri skatteflyktning?
Å investere i velferda og utdanninga til ein borgar som slengjer døra til moderlandet igjen når han når alderen der han sjølv kan byrje å bidra til fellesskapet, må kanskje reknast som sløsing.
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 21/05/2026
Dei siste fem åra har 17 berekraftige oppstarts- og spin-off-bedrifter innan mote blitt klekte ut ved White City Campus ved Imperial College London. Artikkelen er open for alle på Bluesky.
dagogtid.no
(+) Ikkje meir polyester
Høge oljeprisar kan tvinge moteindustrien til å velje nye og meir berekraftige materiale.
040
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 21/05/2026
«Best å venta til det er tvingande naudsynt», tenkte språkspaltist Kristin Fridtun om å skaffe seg smartelefon i 2007. Ho ventar framleis. Artikkelen er open for alle på Bluesky. 😊
dagogtid.no
(+) Livet med knappetelefon
I 2025 stengde Telia 2G-nettet sitt, og eg vart nøydd til å kjøpa ny mobil. Skulle eg våga meg på noko anna enn ein knappetelefon frå Nokia?
010
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 18/05/2026
«Eg må passe meg, det er skummelt med denne vona om betring.» Eskil Skjeldal skriv om ketaminbehandlinga han no er i gang med. Del 1 er open for alle.
dagogtid.no
Hjelp frå laboratoriet
Kan eit narkotisk stoff, injisert i blodet, kople om hjernen min så eg kan verte fri frå depresjonen?
074
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 18/05/2026
Er du vaksinert mot hepatitt? Mot gulfeber? Er det gått meir enn ti år sidan du fekk vaksine mot stivkrampe? Les eller lytt i DAG OG TID. (abo)
dagogtid.no
(+) Livsviktige og undervurderte
Vaksinane kostar lite samanlikna med andre delar av helsetenesta og har hatt dramatisk effekt på folkehelsa i meir enn 200 år.
030
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 15/05/2026
Måtte eigentleg sentralbanken setje opp renta att no? Og veit vi sikkert kva samla effekt renteauken får på prisstiginga? Les meir i DAG OG TID. Artikkelen kan du også lytte til. 🎧 Open for alle på Bluesky. 😊
dagogtid.no
(+) Teknokratane får att med renter
Sjølvstendet til sentralbankane er under press frå både høgre og venstre, frå Noreg til Washington.
000
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 14/05/2026
Sist det var droneåtak i Perm, skal alle varslingssystem ha slått inn samtidig, ifølge media. Opprørte innbyggar blei med andre ord åtvara om både strålingsfare, flaumfare, utslepp av farlege kjemiske stoff, forureina skyer og stormvarsel, skriv Aleksandr Saburov. (abo)
dagogtid.no
(+) Oljete svarte skyer
Dronane minner oss på at det er krig, og vi reagerer deretter.
100
DAG OG TID @dagogtid.bsky.social · 13/05/2026
Artikkelen frå Süddeutsche Zeitung kan du lese på dagogtid.no (abo)
dagogtid.no
(+) Xi veit kva Trump treng
Donald Trump vil bli motteken med pomp og prakt, og TV-bileta vil vise kor glade kinesarane er i han. Beijing har eit nøkternt mål: Dei vil gjere Trump meir føreseieleg.
000